Entries by odasandvik

Innovasjonsmidlar frå Helse Vest

To prosjekt i Helse Førde nådde opp i konkurransen om innvovasjonsmidlar frå Helse Vest for 2020. The ALIENS Study ser på korleis ein kan bruke maskinlæring og kunstig intelligens for å kunne predikere tidleg sepsis hjå nyfødde. Pust deg betre er ein pedagogisk plattform som skal hjelpe lungesjuke å meistre kvardagen på ein betre måte […]

To disputasar frå Førdemiljøet

Irene Valaker disputerer 29.11.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Continuity of care across care levels in patients undergoing percutaneous coronary intervention». Personalia Irene Valaker er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet som også har finansiert doktorgradsarbeidet. Ho har vore stipendiat ved Det medisinsk fakultet, Universitetet i Bergen. Professor Tone M. Norekvål har vore […]

To forskingsprisar til LIS-lege

LIS-lege Kaya Kvarme Jacobsen fekk førre veke to prisar for forskinga si innan ortopedi. På Radiologisk haustmøte i Oslo fekk ho prisen for beste frie foredrag med presentasjonen «Genetiske risikofaktorer for hofteledssdysplasi». Også på ortopedisk haustmøte fekk ho prisen for beste frie foredrag innan barneortopedi. Haustmøta er årlege, nasjonale samlingar innan fagfeltet der det presenterast […]

Innovasjonspris til Christian Moltu

Christian Moltu er tildelt innovasjonsprisen i Helse Vest. Han fekk prisen for Norse Feedback, eit digitalt system der pasientar melder frå om korleis dei har det før behandling. Norse hjelper pasientane til å ta meir aktivt del i behandlinga og støttar behandlarane i samtalar med pasientane. Christian fekk prisen under den årlege forskingskonferansen i Helse Vest. […]

Første stipendgarantien i historia til kirurgisk klinikk

Overlege og urolog Florin Vasile Hopland-Nechita er den første kandidaten i kirurgisk klinikk i Helse Førde nokon sinne som har fått ein stipendgaranti for phd-løp. Med seg på laget har han mange gode hjelparar, og nokre av desse var med på det offisielle oppstartsmøtet. Tittelen på prosjektet er «Severity of lower urinary tract symptoms and […]

Vellukka teknologimøteplass på sjukehuset

Måndag 23. september vart TekPRAT arrangert for første gang på Førde Sentralsjukehus. Heile 85 personar prioriterte å bruke føremiddagen i auditoriet for å delta på eit mini-seminar med tema maskinlæring /AI. Deltakarane var ei god blanding av tilsette i Helse Førde, studentar og tilsette frå HVL og ein god del deltakarar frå næringslivet i regionen. […]

Forskingsdagane i Førde 2019

Velkommen til forskingsfestival frå 18. til 29. september der årets tema er miljøklemma. Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde inviterer deg til å møte forskarar på campus Førde og andre arenaer. Kanskje du lærer noko nytt? Arrangementa er gratis og opne for alle interesserte! Program finn du her!

Brukartesting av puste-app

Spesialfysioterapeut Elin Johnsen i Helse Førde utviklar ei digital løysing for betre oppfølging av kronisk lungesjuke. Den har no blitt testa grundig av både pasientar, fagpersonar, og andre teknologiinteresserte. Vi gler oss til å sjå sluttproduktet!

Innovasjonsprosjekt i Helse Førde får midlar frå Extrastiftelsen

Lungesjuke skal få eit verktøy som hjelper dei til å meistre eigen kvardag betre.  Extrastiftelsen går no inn med økonomisk støtte til innovasjonsprosjektet «Pust Deg Betre» i Helse Førde. Til hausten skal løysinga testast på pasientar i Sogn og Fjordane. Spesialfysioterapeut, idehavar og prosjektleiar Elin Johnsen (bildet) i Helse Førde har sidan våren 2018 arbeidd for å utvikle konsept […]

Heider til Helse Førde-forskar

Tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy har kåra artikkelen frå eit forskingsprosjekt i Helse Førde til årets viktigaste bidrag 2018 innan kategorien psykoterapiprosess-forsking. Det amerikanske tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy gjennomgår årleg artiklane som er publisert i 60 av dei viktigaste psykiatritidsskrifta, og kårar dei viktigaste bidraga i ni ulike kategoriar. I kategorien Psychotherapy process 2018 […]