Publikasjon om vanskelege pleiesituasjonar

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll, som leiar forskingsgruppa “Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg», er ute med ny publikasjon med tittelen: “When care situations evoke difficult emotions in nursing staff members: an ethnographic study in two Norwegian nursing homes”.

Studien er publisert i BMC Nursing, saman med Ellen Karine Grov, Kjell Kristoffersen og Solveig Hauge.

Artikkelen kan du lese her.

Musikkterapi hjelper i traumearbeid med barn

Musikkterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved Førde BUP, Gunn Karoline Fugle held innlegg  på konferansen «The 8th Nordic Music Therapy Congress» i Oslo i sommar.

Tema for konferansen var «Music therapy across contexts». Fugle sitt innlegg handla om musikkterapi i traumearbeid med barn, med utgangspunkt i forsking innan faga utviklingspsykologi, nevrologi og musikkterapi.

Publikum fekk høyre korleis barn gradvis i løpet av ein musikkterapiprosess fekk hjelp til ulike  utfordringar, mellom anna soving, meistre å vere saman med andre born, læring, leik og å utvikle seg.

– Tilbakemeldingane frå publikum var svært bra, og nokon sa dei vart emosjonelt berørte av korleis barn og deira foreldre med store utfordringar fekk hjelp til samspel og å kunne uttrykke seg verbalt og ikkje-verbalt,  seier Fugle.

I haust skal Fugle bruke mykje av tida si på å utarbeide ein prosjektplan for eit framtidig PhD-prosjekt. Ho har fått midlar til dette arbeidet gjennom den tematiske forskingssatsinga psykisk helse og rus i Helse Førde.

Publikasjon: Dette er ASK studien

Forskingsprotokollen til ASK studien er publisert i «Public Health». Førsteforfattar er Geir Kåre Resaland som også er forskinskoordinator i Helse Førde. Medforfattara er  Vegard Fusche Moe, Eivind Aadland, Jostein Steene-Johannessen, Øyvind Glosvik1, John R Andersen, Olav M Kvalheim, Heather A McKay og Sigmund A Anderssen.  ASK studien er no avslutta og arbeidet med å undersøke funna startar i løpet av hausten. Les artikkelen her.


Hovudspørsmålet i ASK studien er om  ekstra fysisk aktivitet  fører til betre læring.

Frå kvalitetsprosjekt til Fjordkonferanse

Laila Aarnes, Åse Skare og Karin Harris frå smittevernavdelinga i Helse Førde har utført ei kartlegging av i  kva grad retningsliner for bruk av inneliggande urinkateter vert nytta i praksis. Dei fleste helseinstitusjonane i Sogn og Fjordane deltok. Undersøkinga blei finansiert via Helse Vest sine såkornmiddlar.

Funna vart lagt fram på Fjordkonferansen i juni 2015 og viser at det er eit viktig forbetringspotensiale på feltet. Laila Aarnes la fram arbeidet og fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane om at dette vart eit viktig og interessant arbeid. Vegen vidare vert å dele og drøfte funna med praksis, og å få arbeid publisert.

Billete: frå venstre, Åse Skare, Karin Harris, John Roger Andersen (rettleiar på prosjektet) og Laila Aarnes.

Publikasjon om menn sine opplevingar etter fedmekirurgi

Stipendiat ved Universitetet i Bergen, Eli Natvik, som også er tilknytt forskingsgruppa “Folkehelse, livsstil og overvekt ved Senter for helseforsking, er ute med ny publikasjon som heiter: “Translating weight loss into agency: Men’s experiences 5 years after bariatric surgery”.

Studien er publisert i International Journal of Qualitative Studies on Health and Well-being, saman med Eva Gjengedal, Christian Moltu og Målfrid Råheim.

Artikkelen kan du lese  her.

Forskarar frå Førde markerte seg på SESAM-konferansen

Forskarar frå Førde markerte seg godt på SESAM konferansen 2015 i Stavanger sist veke. Ein heil parallellsesjon var sett av til bidrag frå Førde (HiSF, HF og USHT).

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll var ein av hovudinnleiarane på konferansen, og forelas frå sin doktorgradsstudie om pleiepraksis i sjukeheim. Konferansen er populær og hadde over 200 deltakarar frå heile regionen.

SESAM er eit regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling

SESAM har hovudsete i Stavanger, og skal dekkje heile regionen. SESAM vart oppretta av Helse Vest i 2010 for å styrke samhandling, forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan fagfeltet eldremedisin. Tema for årets konferanse var samhandling for eldres helse.

Førde fylte eigen parallellsesjon

Parallellsesjon 2 vart leia av Hildur Thingnes frå Helse Førde. Thingnes er vår lokale koordinator for SESAM. Første forskar ut var Toril M Terum som er PhD-stipendiat finansiert av SESAM/USHT/Høgskulen/Helse Førde. Toril har som ein del av sitt PhD-prosjekt gjort ein prospektiv kohortstudie som omhandlar nevropsykiatriske symptom ved demens, pårørandebelastning og mental helse. I parallellsesjon 2 var foredragsholdarane både frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde kommune og Helse Førde og neste innlegg var halde av spesialsjukepleiar Greta Gard Endal, tilsett i Helse Førde, eldremedisinsk poliklinikk. Med utgangspunkt i masteroppgåva hadde ho eit foredrag om brukarmedverknad og den eldre pasienten.

Samarbeid mellom institusjonane viktig

Marta Strandos, leiar for Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane, var neste forelesar. Strandos heldt eit innlegg om demensomsorga og kvalitet i pleien. Den siste forelesaren frå Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, var høgskulelektor Gro Hovland som hadde eit innlegg om kompetanseutvikling i kommunehelsetenesta. Samspelet mellom høgskule og praksisfelt. At konferansen hadde bidrag frå Helse Førde, kommunen og Høgskulen vart positivt og er med på å fremje samarbeidet mellom institusjonane.

Av: Anne Marie Sandvoll og Gro Hovland.

Ny disputas frå overvektssatsinga

Randi Jepsen disputerte 15. april for phd-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Physical activity and self-reported outcomes during a two-year lifestyle intervention for severely obese adults”

Randi Jepsen har saman med kollegaer følgt 49 personar som deltok i livsstilsendringsprogram ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Alle hadde alvorleg fedme

Programmet gjekk over to år. I avhandlinga har Jepsen undersøkt samanhengar mellom objektivt målt fysisk aktivitet og ulike sjølvrapporterte data som mellom anna livskvalitet. Dette er vurdert med akselerometer og sjølvrapporterte data i spørjeskjema. Det er første gong at ein har kartlagt den fysiske aktiviteten ved denne type behandling med objektive mål.

Mosjon og bevegelse gir livskvalitet

Mot slutten av det to-årige behandllingsprogrammet greidde ikkje mange av deltakarane å halde fast på det auka aktivitetsnivået når dei var heime. Men ein fann likevel at livskvaliteten auka sjølv om vekta ikkje gjekk så mykje ned. Mosjon og bevegelse kan altså i seg sjølv gje betre livskvalitet.

Samarbeid med Hauglandsentret

I prosjektet har Randi Jepsen arbeidd nært saman med Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter, og dette nære samarbeidet vart framheva som ein svært god arbeidsmåte for å evaluere og utvikle praksis.

Overvekt og stigma

Tittelen på Randi si glitrande prøveførelesing var «Sosiale helseulikheter og stigma – implikasjoner for det helsefremmende og forebyggende arbeidet ved overvekt.» Her vart overvektige sin situasjonen og ulike samfunnsvinklar diskutert i eit kritisk perspektiv. Disputasen var ein spennande dialog mellom ein engasjert doktorand og to like engasjerte opponentar; professor Toril Rannestad, Høgskolen i Sør-Trøndelag og professor Stephan Rössner, Karolinska Institutet. Helsefremming som verdi og grunntenking og helsefremmande tiltak i behandlinga vart sterkt framme i diskusjonen.

Randi leier befolkningsstudie i Danmark

Randi Jepsen er etter mange år ved Høgskulen no tilbake i Danmark der ho arbeider som sjef for Lolland-Falster Undersøgelsen, som er ein stor dansk befolkningsstudie, men ho har framleis forskingssamarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi gratulerer Randi og ønskjer lukke til med vidare forsking.

Nye doktorgradsstipendiatar

Runar Tengel Hovland og Kari Eldal er tilsett som doktorgradsstipendiatar knytt til psykisk helse.

Avdeling for helsefag har tilsett to doktorgradsstipendiatar i forskingsgruppa for psykisk helse og rus, ein finansiert av eigne midler og ein av KD-stipend. Forskingsgruppa er og ei av to strategiske satsingar som Helse Førde har vedteke for dei neste 5 åra, og vert leia av Christian Moltu. Hovland skal forske på implementering av rutinemessig utkommemåling (ROM) og tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern, og Eldal skal forske på korleis slike system kan bidra til auka reell brukarmedverknad i miljøterapi for pasientar som er inneliggjande på sengepost.

Kari Eldal

Kari Eldal er utdanna ved Betaninen sjukepleiehøgskule i 1998. Ho jobba på kar- og endokrin- kirurgisk avdeling fram til 2004. Då flytta ho tilbake til Førde med familien, der ho starta å arbeide ved barneavdelinga på sjukehuset, blant anna med familiar som hadde barn med overvekt/fedme. Eldal gjennomførte master i klinisk sjukepleievitskap deltid ved høgskulen i Oslo hausten 2008 – våren 2012. Hausten 2011 tok Eldal til som høgskulelærer ved Sjukepleieutdanninga ved Avdeling for helsefag. I denne jobben har ho hatt studentar i spesialisthelsetenesta, og ein del undervisning blant anna om barn. Eldal er gift og har 4 born.

Runar Tengel Hovland

Runar Tengel Hovland arbeidar for tida som forskingsrådgjevar i Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare hatt liknande stillingar i Helse Førde og ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Han har brei erfaring med forskingsformidling og ymse forskingsadministrativt og -strategisk arbeid. Hovland har ein mastergrad i religionsvitskap frå UiB med sosiologi og psykologi som støttefag. Han er fødd og oppvaksen i Ålesund, og har budd i Naustdal med kone og to born sidan 2009.

Leiar av forskingssatsinga for rus og psykisk helse, Christian Moltu, fortel at han er svært nøgd med at ein i samarbeid med høgskulen no kan starte opp to doktorgradsløp samstundes. Vidare fortel han at gruppa no også skal lyse ut eit såkalla dobbelkompetanseløp med ytterlegare eit doktorgradsprosjekt, garantert av Helse Førde. Dette er ei stor styrking av forskingsmiljøet for psykisk helse og rus, seier Moltu og fortset: For å få til god og robust forsking er det viktig å gå frå å vere einskildforskarar, til å verte samarbeidande miljø av forskarar.

Hovland og Eldal tek til i stillingane 01. mars 2015 og har 4 år på å gjennomføre doktorgradene.

Avsparkmøte for dei tematiske forskingssatsingane

Torsdag 22.januar var det avsparkmøte for dei to tematiske forskingssatsingane innan psykisk helse og rus, og folkehelse livsstil og overvekt.

Styret i Helse Førde har vedteke oppretting av to strategiske forskingssatsingar:  «Folkehelse, livsstil og overvekt» og  «Psykisk helse og rus». Satsingane skal organiserast rundt tematiske forskingsgrupper som inklduerer både Helse Førde-tilsette og Høgskulen i Sogn og Fjordane-tilsette. Gruppene er leia av høvesvis John Roger Andersen og Christian Moltu.

Helse Førde bevilga i desember 2014 midlar til satsingane, og budsjettet for satsingane er no vedteke i styringsgruppa. For å markere oppstarten i satsingane inviterte ein til avsparkmøte for alle som er nysjerrige på kva desse to gruppene skal halde på med.

-Vi har lært at å vere ein del av eit forskingsmiljø er nødvendig for å lukkast i forsking. Forskargruppene våre har også eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk og det er sjeldan vi ikkje kjenner nokon som kan hjelpe til ved behov, seier Andersen. –Ved å delta i forskargruppene får du tilgang til desse nettverka, avsluttar han.

-Satsinga innan psykisk helse og rus medfører ein moglegheit for å utvikle betra tenester innan det psykiske helsevernet, både for barn, ungdom og  vaksne, seier Moltu. Han peikar på at det er spesielt viktig at klinikarar og leiarar frå barnefeltet, som kanskje har lyst til å utvikle forskingsprosjekt, tek del på møtet og let seg informere. -Vaksenfeltet har fleire prosjekt knytt til seg, men bornefeltet har færre. Her bør vi satse på borna, avsluttar Moltu.

Møtet vart halde i Auditoriet på Førde Sentralsjukehus, og var ope både for leiarar i Helse Førde, og interesserte klinikarar og forskarar.

Nytilsett forskingskoordinator

Førsteamanuensis og Postdoc John Roger Andersen er tilsett i ny stilling som forskingskoordinator i Helse Førde.

Andersen starta i stillinga 1 januar 2015. Han har 10% stilling som forskingsgruppeleiar for satsinga knytt til «Folkehelse, livsstil og overvekt» og 40% stilling som  forskingskoordinator. Føremålet med tilsettinga av Andersen er at Helse Førde skal få auka kapasitet til å utvikle, skaffe ekstern finansiering til, og gjennomføre fleire gode forskingsprosjekt.  – Dette er ei stilling eg har ønskt meg lenge, seier Andersen. – Eg har stor tru på at tilsette i Helse Førde sit inne med gode kliniske forskingsidear som kan vise seg å bidra til å auke kvaliteten på helsetenester, men at dei treng hjelp til vidareutvikling frå ide til prosjekt, finansiering og kopling til fagmiljø. – Eg vil bruke dette året til å aktivt oppsøke avdelingane i Helse Førde, men eg oppmodar  samstundes alle til å ta kontakt om dei har ein forskingside eller behov for hjelp undervegs i eit prosjekt.

John Roger Andersen (f. 1968) har doktorgrad frå UiB i sjukepleievitskap  frå 2011. Andersen har brei fagleg forskingsbakgrunn og omfattande erfaring med statistiske analysar. Han har jobba nært saman med både kirurgar, indremedisinarar, fysioterapeutar, idrettspedagogar og sjukepleiarar i ulike prosjekt, noko som har resultert i 44 publikasjonar dei seinaste åra.