Campus Vie-forprosjektet er no klart med tilrådingar


Forprosjektet for Helse Førde og HVL sin felles utvikling av campusområdet på Vie er no ferdig, og tilrår løysingar på arealutfordringar i dag og i framtida.

I vår starta Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet eit forprosjekt for å vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar på både kort og lang sikt. Det er behov for større og betre areal for samlokalisering kring utdanning og opplæring, ferdigheitstrening og simulering, forsking og innovasjon, og møte og kursverksemd.

Målet er at Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet i samarbeid skal vidareutvikle kompetansemiljøet på Campus Vie, slik at ein i lag kan bidra til endå betre helse- og omsorgstenester. Ei styrka satsing skal gjere Førde meir attraktiv som studiestad og arbeidsmarknad.

Forprosjektet har arbeidd både med ei kortsiktig og ei langsiktig løysing, der ein har sett på behovet for areal som er i dag, og kva som kan verte aktuelt i framtida med ambisjonen om at forskings- og innovasjonsmiljøet i begge organisasjonane skal vekse.

Tilråding frå forprosjektet:

  • Forprosjektet tilrår på kort sikt at ein flyttar det felles forskingsmiljøet, formalisert gjennom Helseforsking Sogn og Fjordane, frå Tefre inn i Angabygget på campusområdet på Vie. Dette vil gje ein nærleik til både Helse Førde (HFD) og HVL, som er føremålstenleg i ei vidare bygging av eit felles FoU-miljø. Ein legg til grunn at Angabygget vert oppgradert og tilpassa den nye bruken.
  • Forprosjektet tilrår på lang sikt at det blir etablert eit hovudprosjekt som må arbeide vidare med:
  1. detaljert arbeid rundt rehabilitering av Angabygget, og å vurdere framtidig potensial for bygget.
  2. å avklare mogeleg nybygg på parkeringsplassen aust for Angabygget.
  3. å avklare mogeleg nybygg på parkeringsplassen vest for HVL-bygget.

Når det gjeld ei langsiktig løysing, har forprosjektet også sett på andre potensielle interessentar som kan vere aktuelle i ein felles bygningsmasse. Dette inkluderer mellom anna UiB (Vestlandslegen), helseklynge og opplæringsbehov for kommunane. Samarbeid omkring helse og teknologi krev også labareal. Forprosjektet har estimert eit behov på omlag 6800 kvadratmeter netto, eller vel 8000 kvadratmeter brutto i framtidige bygg.

Helse Førde og HVL vil gå saman om Campus Vie

Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet er i gang med eit forprosjekt som skal vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar i dag og i framtida.

​Forprosjektet ser på moglege løysingar for å samle aktivitet knytt til forsking, innovasjon, utdanning og opplæring, kurs, konferanse og simulering i eit felles miljø på campusområdet på Vie. Det har i fleire år vore ønske om felles bygg, samarbeid om infrastruktur og samlokalisering av fagmiljøa.

Aukande aktivitet
Dette skal gje betre høve for samarbeid og ruste begge organisasjonane til å gjennomføre forventa oppgåver framover. Både Helse Førde (HFD) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) har auka forskings- og innovasjonsaktiviteten, og det er venta ytterlegare auke. HVL førebur ein søknad om å bli universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil frå 2023, noko som òg vil ha arealutfordringar.

I forprosjektet kartlegg dei aktivitetane og oppgåvene i organisasjonane som har fellesnemnarar i høve mandatet prosjektet har fått. Det er behov for å undersøke udekka arealbehov og korleis ein skal samarbeide om dette, innhald, kvalitet og omfang av arealet, forventningar hos partane, og kva arealløysingar som er tilgjengeleg.

Sluttrapporten skal mellom anna synleggjere alternativ og gje framlegg til løysing på areal. Den skal òg synleggjere kva funksjonar, aktivitetar og interessentar utanom HVL og HFD som er aktuelle, som Universitetet i Bergen og kommunane.

– Som å etablere eit godt nabolag
Ein har starta diskusjonen, og alternativa som har vore løfta fram er:

  • Nybygg ved Helse Førde eller i eksisterande bygningsmasse, med utleige til HVL
  • Mellombelse løysingar i Angabygget eller ved HVL
  • Nybygg ved HVL eller i eksisterande bygningsmasse, med utleige til Helse Førde

MANGE FELLES INTERESSER: – Tilgangen på kunnskap og erfaring vil bli betre for alle involverte ved å går saman om dette prosjektet, trur prosjektleiar Geir Opseth i Kunnskapsparken Vestland.

– Eit slikt prosjekt er som å etablere eit godt nabolag. Der er det mange felles interesser som kan forsterkast eller forbetrast gjennom å «leike» i lag. Får vi det til, vil tilgangen på kunnskap og erfaring bli høgare for alle involverte, og det gjev alltid meirverdi og utvikling av kvart enkelt miljø, seier prosjektleiar Geir Opseth i Kunnskapsparken Vestland.

– Viktig for utviklinga
Prosjektet er godt forankra i toppleiingane i både Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, og administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, er glad for at prosjektet er etablert.

– Dette er eit viktig strategisk element i utviklinga av Førde som ein attraktiv studentby. Kompetanse, utdanning, forsking og innovasjon er nøklane til ei berekraftig framtid. Utvikling og etablering av eit framtidig Campus Vie vil kunne leggje grunnlaget og fundamentet for utviklinga, seier han.

Sluttrapport frå forprosjektet har frist 1. desember i år.

Tek doktorgrad om stress blant pårørande til demente

Toril Marie Terum sitt doktorgradsprosjektet har undersøkt samanhengen mellom individuelle nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande, og samanhengen mellom aspekt med stress og tid til innlegging i sjukeheim. Disputasen er 5. november ved Universitetet i Bergen.

Demens rammar familiar, og det er brei semje om at omsorgsbelastninga pårørande opplever er assosiert med negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv, fysiske og psykiske helse, og kortare tid til sjukeheimsinnlegging.

Foto: David Zadig

 

Toril Marie Terum (f. 1979) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane (2003) og fullførte ein helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2009. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Ingelin Testad. Professor John Roger Andersen og førsteamanuensis Arvid Rongve er birettleiarar.

 

Viktig for å auke kompetansen regionalt

Stipendiatstillinga har vore eit samarbeid lokalt mellom Sunnfjord kommune – ved Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT), Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Regionalt senter for eldremedisin og samhandling (SESAM).​​

–  Det er første gong vi samarbeider så breitt om ei stipendiatstilling. Eit slikt samarbeid er viktig i arbeidet med å forstå behova i eldremedisin betre og for at vi kan auke kompetansen vår innan dette feltet i vår region, seier avdelingssjef ved medisinsk avdeling i Helse Førde, Laila Haugland.​

Disputas

​​​​Toril Marie Terum disputerer 5. november 2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Neuropsychiatric disturbances in persons with Alzheimer`s disease and dementia with Lewy bodies, carer distress and time until nursing home admission.».

Doktorgradsprosjektet består av tre delstudiar, som kvar munna ut i ein artikkel.

Først oppsummerte prosjektet tidlegare forsking. Funn frå denne studien indikerte at irritabilitet er det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrog til stress blant pårørande. Andre symptom som framstod som viktige bidragsytarar til stress inkluderte aggresjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar. Mangfald av studiedesign, statiske metodar og kartleggingsverktøy, og stor variasjon i utval, gjorde det derimot vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.

Andre og tredje delstudie baserte seg på data frå Demensstudien på Vestlandet (DemVest). Basert på funn frå denne studien står apati fram som det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrar til stress, i tillegg til avvikande motorisk åtferd, irritabilitet og utfordringar knytt til mat, måltid og appetitt. Aspekt ved stress som var assosiert med kortare tid til sjukeheimsinnlegging var negative følelsar i form av frustrasjon, å føle at omsorgsansvaret hindra ein i å vere sosial og at ein ikkje får nødvendige avbrekk, og opplevinga av å ikkje meistre kvardagen.

 

Prøveforelesning

Dato: 05.11.2021  klokka 10.15 – 11.00
Tittel prøveforelesning: «Bruk av tvang i eldreomsorga»

Stad: Armauer Hansens Hus, Auditorium AHH, Haukelandsveien 28, Bergen, eller via Zoom. Sjå lenkje under.

Disputas ​
Dato 05.11.2021 klokka 12.15 – 15:00

Tittel disputas: «Neuropsychiatric disturbances in persons wtth Alzheimer`s disease and Dementia with Lewy bodies, carer distress and time until nursing home admission»

Stad: Armauer Hansens Hus, Auditorium AHH, Haukelandsveien 28, Bergen.

Ein kan også følgje dispuasen via Zoom. Sjå i lenkje under.
https://www.uib.no/nye-doktorgrader/149020/stress-blant-p%C3%A5r%C3%B8rande-til-personar-med-demens

Brukar VR til opptrening av hjerneslagspasientar

Jeanette Svarstad og Stine Solvik såg at hjerneslagspasientar lett kan bli demotiverte ved lengre rehabiliteringsopphald. No brukar dei VR-teknologi for å auke motivasjonen og mestringsfølelsen.

– Bruk av Virtuell verkelegheit gjer at pasientane kan føle seg litt friskare i sjukehusverda, og dei ser ikkje på dette som trening, seier Svarstad.

Svarstad og Solvik er spesialfysioterapeutar ved avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester i Helse Førde. Dei testar ut VR-teknologi til opptrening av pasientar som har hatt hjerneslag, og ønskjer å vidareutvikle VR som arbeidsmetodikk for å kunne tilby det til fleire pasientar.

Aukar motivasjonen
Pasientane speler eit spel medan dei har på seg VR-briller, og bruker handkontroller som sverd for å slå boksar i takt med musikk. Dei får trena armfunksjon, balanse, tempo, rytme og koordinasjon.

Tilbakemeldingane frå pasientane har vore veldig gode.

Dei trekkjer mellom anna fram at det er befriande å flykte frå sjukehusveggane og dei fysiske begrensningane dei har fått etter hjerneslaget.

– Når dei speler får pasientane ein score, og dei fortel levande om at dei vil slå denne til neste runde, seier Solvik.

Dette gir auka motivasjon i spelsituasjonen, til andre treningsøkter og i kvardagen generelt.

–  Motivasjon er viktig for god framgang, og vi kjenner på det når pasientane er demotiverte. Det betyr mykje for oss at vi får ut potensialet deira og at dei synest det er kjekt og motiverande. Vi ser at dei blomstrar, fortel Solvik

Med VR kan ein òg trene meir effektivt med færre ressursar, og pasientane eig treninga meir sjølv.

– Vi kan leggje til rette spelet slik at det er nok at det berre er ein fysioterapeut tilgjengeleg, seier Svarstad.

Fekk interne innovasjonsmidlar
Prosjektet er eit forbetringsprosjekt av Helse Førde i samarbeid med Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest IKT. Prosjektet fekk såkornmidlar frå Helse Vest i mars 2020, og  var blant dei som tidlegare i år fekk interne innovasjonsmidlar frå Helse Førde.

Dei interne innovasjonsmidlane skal bidra til å implementere VR som ein del av drifta i avdelinga, lære opp fleire medarbeidarar og kjøpe inn utstyr.

Til no er det berre Svarstad og Solvik som brukar det for å prøve det ut på pasientane, men neste steg er at alle fysioterapeutane skal bli betre kjent med det og gjennomføre treningar.

– Vår jobb framover er at fleire av dei skal få prøvd det, forhåpentlegvis også på andre pasientgrupper. Prosjektet har blitt teke kjempegodt i mot av leiinga og på avdelinga. Mange synest det er veldig spanande og er veldig klare til å setje i gong og prøve sjølv, seier Svarstad.

Alle pasientane vil få vanleg fysioterapi også, så dette vil bli eit verktøy på lik line med andre tiltak.

Utviklar nytt spel
Svarstad og Solvik har samarbeidd med to bachelorstudentar frå Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Studentane har utvikla eit spel som er meir tilpassa hjerneslagspasientar på oppdrag frå Svarstad, Solvik og oppdragsgivar Lars Peder Vatshelle Bovim, seksjonsleiar ved Energisenteret for born og unge i Helse Bergen, høgskulelektor ved HVL og fysioterapeut. Dei skal vidare inn i eit samarbeid med ein masterstudent i same miljø som skal vidareutvikle spelet.


Stine og Jeanette skal halde innlegg på VR-dagen 13 september. Her skal også dei to bachelorstudentane halde eit innlegg om spelet.

 


Video: Rakkar

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.

Set opp danseframsyning basert på forsking på psykisk helsevern

Fotograf: Eduardo Scaramuzza

Danseframsyninga So, I’m here har premiere på Førdehuset 4. september kl 17.00.

So, I’m here er eit danseprosjekt av Ingvild Maria Thingnes. Prosjektet vart først initiert av forskar Kari Eldal, som forska på pasientopplevinga i psykisk helsevern saman med med-forskarar med eigenerfaring. Kan dansekunsten også sei noko om dei (mellom-) menneskelege erfaringane doktorgradsavhandlinga er avgrensa til å formidle gjennom ord?

Sjå denne lenka for meir informasjon.


Workshop
med utøvarane i prosjektet laurdag 28. august.
Workshopen vil bestå av ein introduksjon til korleis dei har jobba med tematikken frå studien i oppbygginga av verket, samt å prøve ut nokre av dei fysiske konsepta dei har jobba med i prosessen. Dette er eit lågterskel-tilbod som er ope for alle, og ikkje krev noko form for danseerfaring! Workshopen vil føregå utandørs i parken ved Festplassen laurdag 28. august kl. 12:00 – 13.30, og er open for alle!

Påmelding til workshopen gjennom denne lenka.

 

Fotograf: Eduardo Scaramuzza

 

Fotograf: Eduardo Scaramuzza

Verdas første tilbakemeldings-system for stomiopererte

Prosjektleiar John Roger Andersen og Kirsten Lerum Indrebø.

Prosjektet har fått 860.000 kroner i innovasjonsmidlar frå Helse Vest for å spreie systemet til alle stomipoliklinikkane i heile regionen. 

– Det er fantastisk å få moglegheita til å utvikle dette prosjektet vidare for å gjere tilbodet til personar som er stomiopererte endå betre.

Det seier John Roger Andersen, prosjektleiar, forskingskoordinator i Helse Førde og professor i sjukepleievitskap ved HVL.

Tilbakemeldingssystemet Ostomy Adjustment System utviklast på bakgrunn av Kirsten Lerum Indrebø sitt doktorgradsprosjekt, og er det første i verda som er aktivt i bruk i pasientbehandling innan stomiomsorg. Systemet hjelper pasientane med å tilpasse seg til å leve med stomi. Lerum Indrebø er stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

– Det er ein stor fordel at systemet er utvikla av nokon i fagmiljøet sjølv, i sjukehuskvardagen, seier Andersen.

Styrker brukarmedverknad
Før konsultasjonar svarar pasienten på spørsmål om tilpassing til stomi i eit klinisk tilbakemeldingssystem. Dette er eit digitalt verktøy der pasientar gir informasjon som kan nyttast i behandlinga.

Sjukepleiaren kan sjå på svara før timen og nytte dei som støtte i samtalen med pasienten. Hensikta er å få pasienten si stemme betre fram og at tema som lett kan bli oversett av sjukepleiarane eller underrapportert frå pasienten blir sett på dagsorden. Pasientane si deltaking i eiga behandling blir dermed betra, og tilbodet kan bli betre tilpassa den enkelte pasient sin situasjon.

– Det er i stor grad brukarmedverknad i dag òg, men med systematisk datainnsamling frå pasienten, blir brukarmedverknaden styrka, seier Lerum Indrebø.

Utviklinga og evalueringa av systemet vert også gjort i tett samarbeid med pasientar.

Til no er systemet implementert som ei pilotutprøving i Stomiklinikken ved Kirurgisk poliklinikk på Førde sentralsjukehus. Framover skal versjon 2 av systemet implementerast og vidareutviklast i poliklinikkar i Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger.

Håpar å kunne tilby systemet nasjonalt
Midlane frå Helse Vest skal hovudsakleg brukast til frikjøp av klinikarar som skal implementere systemet i klinikkane og til læringsaktivitetar.

– Vi kjenner kvarandre godt og kjenner kvarandre sine faglege ståstadar. Implementeringa krev ei omfattande fagkompetanse i korleis verktøyet best kan nyttast innafor dei nasjonale faglege rammene for oppfylging av stomiopererte som allereie er lagt. Dei som skal nytte verktøyet må ha ei felles forståing, seier Lerum Indrebø.

Hausten 2021 skal gå med til å ferdigstille versjon 2 av systemet. Frå starten av 2022 håpar dei å ha klart eit system som kan brukast innanfor stomiklinikkar i heile Helse Vest.

– I løpet av prosjektperioden skal vi justere og lære så mykje at vi har eit fullt fungerande system. Vi håpar at vi kan tilby heile systemet nasjonalt i løpet av to år, seier Andersen.

Dei vurderer også at erfaringane dei får kan overførast til andre pasientgrupper, og slik bidra til å auke kvaliteten på helsetenester på andre område.

God støtte
Lerum Indrebø og Andersen er takknemlege for god støtte frå Helse Førde.

– Det er lav avstand mellom toppleiarar og forskarar. Det er lett å komme i dialog og få aksept for nye tiltak, og nye idear blir motteke på ein positiv måte. I dette prosjektet har det berre vore opne dørar, og Helse Førde har stilt seg bak prosjektet med hud og hår, seier Andersen.

Dei vil særleg trekke fram konsulent for prosjektet, Geir Helge Møller i Helse Førde.

– Han har vore avgjerande for å komme i gang med det tekniske, og utan hans hjelp hadde vi ikkje klart det. Han er også med i fortsettinga, seier Andersen.

Stomi- og kontinenssjukepleiarane Bodil Øyra og Alice Nikkinen i Helse Førde har også hatt avgjerande betydning for at dei har fått prøvd ut og evaluert tilbakemeldingssystemet undervegs i prosjektet.

– Desse erfaringane blir svært viktige å ha med i det vidare implementeringsarbeidet, seier Lerum Indrebø.

Helse Førde og HVL er involvert i fleire prosjekt som har fått støtte frå Helse Vest
Helse Bergen har fått innovasjonsmidlar til idéoverføring av den Helse Førde-utvikla appen Pust Deg Bedre.

eHjerteRehab som inngår i CONCARD-studien leia frå Helse Bergen, har fått støtte til eit elektronisk program som skal følge hjartepasientar gjennom rehabilitering. Gjennom filmsnuttar, ein medisin-app og informasjon på nett, skal det bli mogleg for hjartepasientar å motta rehabilitering heime.

Desse to prosjekta vert utvikla vidare i nært samarbeid med kommunane. Begge prosjekta har også fått støtte frå Innomed.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde.

Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.

Les også:

I starten var ho den einaste stomisjukepleiaren i regionen. No utviklar ho verdas første tilbakemeldingssystem for stomiopererte

To innovasjonsprosjekt i Helse Førde har fått midlar frå Forskingsrådet sitt program Pilot Helse

– Vi er veldig nøgde med å få tildelt midlar, og det vitnar om at vi har eit godt prosjekt, seier Hans Jacob Westbye. (Bilde: Rakkar)

Helse Førde fekk innvilga to søknadar om forprosjekt i Norges Forskingsråd sitt program Pilot Helse. Dei får 300.000 kroner kvar for å utvikle eit prosjekt som kan søkje på hovudutlysinga i Pilot Helse til hausten.

– Vi er veldig nøgde med å få tildelt midlar, og det vitnar om at vi har eit godt prosjekt. Vi ønskjer å utvikle nye løysingar og etablere forsking som vil gi ny kunnskap på feltet. Det vil ha nyskapande effekt for helsetenesteutvikling, samhandling mellom pasient og helseteneste og presisjonsbehandling av smerter etter operasjon.

Det seier Hans Jacob Westbye, overlege i Helse Førde og prosjektleiar for Presisjonsbehandling av postoperativ smerte gjennom digitalisert pasientmedvirkning og kartlegging.

Westbye sitt prosjekt har bakgrunn i at om lag 30 prosent av pasientar på verdsbasis opplever alvorleg eller ekstrem smerte i forbindelse med kirurgiske inngrep. Dårleg behandla akutte smerter gir auka risiko for komplikasjonar som infeksjonar og hjarteinfarkt, sein rehabilitering, lengre innleggingar og utvikling av kroniske smerter.

Prosjektet skal bygge vidare på det pågåande Helse Førde-prosjektet painpad, som digitaliserar pasientrapportert smerte etter operasjon. Det har tidlegare fått interne innovasjonsmidlar frå Helse Førde.


Helseteneste, forsking og næring hand i hand
I forprosjektet skal det etablerast eit konsortium mellom Helse Førde, Inventas AS, Norse Feedback AS og forsking ved Høgskulen på Vestlandet i Førde for å utvikle løysingar for pasientspesifikk postoperativ smertebehandling. Dei skal saman lage ein prosjektplan som vil danne grunnlag for søknad om Pilot Helse hovudprosjekt.


Innovative prosjekt av høg kvalitet

Helse Førde har også fått støtte frå Pilot Helse til vidareutvikling av prosjektet Dronar for effektivisering av helsenorge. Dette prosjektet skal bygge på droneprosjektet føretaka i Helse Vest er i gang med, som greier ut om dronar kan bidra til ei betre og meir framtidsretta løysing innan transport og logistikk. I første omgang ser vi på om det er mogleg å frakte blod- og vevsprøvar og legemiddel.

Målet no er å få med fleire sentrale aktørar, – skape breiare forankring og samarbeid med kommunar og fleire offentlege og private aktørar, slik at vi kan rigge oss for å søke hovudprosjekt. Prosjektet har tidlegare fått innovasjonsmidlar frå Helse Vest og frå Helse Førde.

Pilot Helse finansierer innovasjonsløp som kan bidra til bærekraft i helse- og omsorgstenesta og verdiskaping i norsk næringsliv. Totalt fekk dei inn 100 søknader, og 29 prosjekt fekk støtte.

– At vi har fått midlar til to prosjekt gjennom denne utlysinga vitnar om at Helse Førde har innovative prosjekt av høg kvalitet. Dette gjev stor motivasjon for å arbeide målretta vidare med innovasjon i helseføretaket, seier utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven.

Anne Kristin Kleiven, Utviklingsdirektør i Helse Førde.

Pilot Helse

  • Alle prosjekt som siktar seg inn på tydelege behov i helsetenesta, kan søke om støtte.
  • Forskingsrådet, dei regionale helseføretaka (RHF), Kommunesektorens organisasjon og SIVA samarbeider om ordninga.
  • Fristen for hovudutlysinga er 15. September 2021. Det er ikkje nødvendig å ha fått støtte til forprosjekt for å søke.
  • Dei to prioriterte tema for satsinga er ‘pasienten heime’ og ‘berekraftig helseteneste’.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.

Korleis førebygge fleire beinbrot?

Anja Myhre Hjelle disputerer torsdag 17.06.21 for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen. Foto: David Zadig

Anja Myhre Hjelle disputerer torsdag 17.06.21 for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Risk factors for fracture and fracture severity of the distal radius and ankle. – What about osteoporosis, celiac disease, and obesity?»

Bakgrunn
Beinbrot utgjer ei stor belastning både for individ og samfunn. For den det rammar, fører brot til smerte, redusert livskvalitet, kanskje også til uførleik og auka dødelegheit. Ressursbruken i samfunnet er enorm. Parallelt med aukande aldring i befolkninga, forventast ein betydeleg auke i brotførekomst.

Hovudmålet med denne avhandlinga er å bidra til betre brotførebygging i dagleg klinisk praksis gjennom auka kunnskap om risikofaktorar for brot, med fokus på cøliaki, osteoporose og overvekt. Avhandlinga er basert på ein case kontroll studie som inkluderte pasientar med akutt brot i Helse Førde i mars 2014 til januar 2017.

Resultat
Den første artikkelen var ein oversiktsartikkel om cøliaki og risiko for brot hos vaksne. Cøliaki gir ein moderat auka risiko for brot. Artikkelen konkluderer med at vaksne pasientar med cøliaki bør bli vurderte for beintetthetsundersøking.

I den andre artikkelen undersøker vi førekomst av positiv IgA transglutaminase 2 (TG2), ein blodprøvemarkør for cøliaki, og kjent cøliaki hos pasientar med brot samanlikna med kontroller utan brot. 2.5 % av brotpasientane hadde positiv TG2 samanlikna med 1 % i kontrollgruppa, men forskjellen var ikkje signifikant. Vi konkluderer med at generell screening for cøliaki hos alle brotpasientar ikkje er indisert, men at terskelen for å undersøke ved mistanke om cøliaki bør vere lav.

Den tredje artikkelen belyser om kompleksitet av eit distalt radiusbrot kan seie noko om sannsynet for osteoporose. Vi grupperte radiusbrota ved hjelp av eit klassifikasjonssystem frå vanleg klinisk praksis, og konkluderer med at det ikkje var ein samanheng mellom aukande kompleksitet og større odds for osteoporose.

I den fjerde artikkelen ser vi på faktorar som gir auka risiko for ankelbrot og på plasseringa av brotet. Studien viser at overvekt aukar risiko både for ankelbrot og for instabilitet av ankelbrotet. Osteoporose ga ikkje sikkert auka risiko for ankelbrot.

Konklusjon
Å forstå korleis vanlege medisinske tilstandar som osteoporose, cøliaki og overvekt påverkar brotrisiko er viktig for å kunne identifisere dei med auka risiko, og dermed behandle og førebygge brot. Denne avhandlinga bidreg til auka kunnskap på dette vide forskingsfeltet, og vi håpar den også kan bidra til utviklinga av nye retningslinjer til dagleg nytte for klinikarar.

 

Anja Myhre Hjelle, født 1977, opphavleg frå Måløy, no busett i Førde, gift og har 2 barn. Ho er overlege ved revmatologisk avdeling i Helse Førde, og har sidan 2017 vore 50 % stipendiat ved Universitetet i Bergen, Institutt for Global Helse og Samfunnsmedisin. Avhandlinga baserer seg på data frå FABB-studien, som inkluderte 600 pasientar med brot i ankel og handledd og kontrollar frå det tidlegare Sogn og Fjordane fylke for å undersøke risikofaktorar for beinbrot og osteoporose.

Prøveforelesing:
Tid: 17.6.2021 – 10.15–11.15
Stad: Digitalt møterom

Disputas:
Tid: 17.6.2021 – 12.15–15.00
Stad: Digitalt møterom

 

No opnar Innovasjonsboksen på sjukehuset

– Har du ein god idé eller innspel til problem som kan løysast, og har lyst til å slå av ein prat, så er det berre å stikke innom, seier Gro Rukan, innovasjonsrådgjevar i Helse Førde.

Du har kanskje lurt på kva som skjer i den gamle blomsterbutikken i foajeen på sjukehuset. Her opnar Innovasjonsboksen, for no er det dei gode ideane som skal blomstre!

Her kan tilsette i Helse Førde og andre med gode idear lett slå av ein prat med innovasjonsstaben vår – over ein kopp kaffi. Både små og store idear til nyskaping og forslag til betre måtar å løyse oppgåvene på er velkomne.

– Medarbeidarane er vår viktigaste ressurs når vi skal jobbe med forbetring i Helse Førde. Dei som er nær pasientane og deira pårørande eller som kjenner drifta elles godt, har ofte mange tankar om kva som bør endrast for å gjere kvardagen betre, seier Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør i Helse Førde.

Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør i Helse Førde.

Innovasjonsstaben sit vanlegvis på Tefre-kontoret, men no kjem ein av innovasjonsrådgjevarane til å sitje i boksen nokre timar på måndagar og torsdagar.

– Har du ein god idé eller innspel til problem som kan løysast, og har lyst til å slå av ein prat, så er det berre å stikke innom, seier Gro Rukan, innovasjonsrådgjevar i Helse Førde.

 

Sjå video her:

 

Du kan også bruke idemottaket til å melde inn din idé.

Her kan du sjå videoar av nokre av innovasjonsprosjekta Helse Førde er involvert i.

Helse Førde-forskar medforfattar i studie i prestisjetungt tidsskrift

Pawel Franciszek Mielnik i Helse Førde er medforfattar av ein studie publisert i JAMA, eit av verdas mest anerkjende medisinske tidsskrift. Studien undersøkte effekten av skreddarsydd behandling med legemiddelet infliximab mot betennelsessjukdommar i ledd, tarm og hud.

Revmatologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har vore deltakar i den kliniske studien NOR-DRUM (The Norwegian Drug Monitoring Study) som blei publisert i JAMA (Journal of the American Medical Association) 4. mai. Dette er eit av verdas mest anerkjende medisinske tidsskrift, og det er sjeldan at norsk forsking vert publisert der. Mindre enn 2 prosent av innsende originalarbeid vert godkjende for publikasjon.

– Det er veldig kjekt. Alle som jobbar ved revmatologisk seksjon har vore involvert i arbeidet, seier Pawel Franciszek Mielnik, seksjonsleiar ved Revmatologisk seksjon, Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering i Helse Førde.

Bak studien ligg eit tverrfagleg forskingssamarbeid mellom sentrale miljø i dei tre kliniske faga gastroenterologi, dermatologi og revmatologi – i tillegg til eit laboratoriemiljø ved Radiumhospitalet. 21 avdelingar frå alle helseregionane i Noreg har vore involvert i studien.

– Den er eit døme på kor viktig det er med godt samarbeid på nasjonalt nivå, seier Mielnik.

Skreddarsydd behandling ikkje nødvendig
Biologiske legemiddel som infliximab dempar aktiviteten i immunsystemet  og vert brukt i behandlinga av mange vanlege kroniske betennelsessjukdommar i ledd, tarm og hud. Det store spørsmålet studien ønskte å svare på var om ein skal gi same dose av infliximab og andre biologiske legemiddel til alle pasientane, eller om ein skal justere dosen basert på legemiddelkonsentrasjonen i blodet (Sokalla Therapeutic Drug Monitoring, TDM) hos kvar enkelt pasient.

Studien set punktum for ein lang debatt både nasjonalt og internasjonalt når det gjeld bruk av TDM i oppstarten av behandling med infliximab. Den viser at slik skreddarsydd behandling ikkje er nødvendig for å oppnå god effekt av infliximab i oppstartsfasen av behandlinga.

Denne første delen av NOR-DRUM-studien har følgt 400 pasientar med kroniske betennelsessjukdommar (revmatoid artritt, psoriasisartritt, spondyloartritt, ulcerøs kolitt, Crohns sykdom eller psoriasis) som starta behandling med infliximab. Dei blei tilfeldig delt inn i to grupper. Den eine gruppa fekk justert dosen i henhold til legemiddelkonsentrasjonen i blodet, medan den andre gruppa fekk standard dosering.  Etter 30 veker hadde like mange i kvar gruppe oppnådd studiens endepunkt som var remisjon (få eller ingen teikn på sjukdomsaktivitet).

Del B av NOR-DRUM-studien undersøker no om slik skreddarsydd behandling er nyttig under vedlikehaldsbehandling med infliximab.

 

Les artikkelen her:
Effect of Therapeutic Drug Monitoring vs Standard Therapy During Infliximab Induction on Disease Remission in Patients With Chronic Immune-Mediated Inflammatory Diseases: A Randomized Clinical Trial

 

Om NOR-DRUM-studien

  • Leia frå Diakonhjemmet Sykehus
  • NOR-DRUM del A er ein randomisert, klinisk multisenterstudie av pasientar med immunologiske sjukdommar i ledd, tarm og hud som startar behandling med legemiddelet infliximab
  • Studien er den første randomiserte kontrollerte studien på dette feltet
  • Målet med studien var å undersøke om ein individualisert behandlingsstrategi basert på regelmessige målingar av konsentrasjon av infliximab i blodet ga betre effekt av behandlinga målt i andel pasientar med god respons (remisjon) etter 30 vekers behandling
  • Studien er finansiert gjennom forskingsmidlar frå Klinisk behandlingsforskning (KLINBEFORSK) og Helse Sør-Øst

Kjelde: Pressemelding, Diakonhjemmet Sykehus