Fagseminar om «Tolking og bruk av helsestatstikk i små utval – utfordringar og moglegheiter»

15. mai arrangerte Forskargruppa folkehelse, livstil og overvekt ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i samarbeid med Samhandlingsbarometeret fagseminar om tolking og bruk av helsestatistikk i små utval. Temaet vart belyst gjennom føredrag frå fagfolk og forskarar frå ulike instansar, og det vart sett av tid til diskusjonar og synspunkt frå dei frammøtte.

Seminaret hadde god oppslutning og bydde på interessante vinklingar rundt bruk av små tal.

Her er ei kort oppsummering frå seminaret:

• Slutningar ut frå små utval kan gjerast meir robuste om vi har mange gode målingar over tid og fleire variablar som kan tolkast i mønster.

• Det er viktig å vite noko om kva som er nokolunde å forvente av naturlege svingingar av eit fenomen slik at ein ikkje gjer feilslutningar — og at små utval svingar mest.

• Når ein skal studere eit fenomen er det godt å ha tilgang til data med «høgast mogleg oppløysing».

• Vi må nytte fleire former for vurderingar i tolkinga av tal frå små utval — utover P-verdiar og konfidensintervall.

• Å gjere noko i praksis vil ofte krevje at ein må tole utryggleik — at vi må handle basert på det vi veit. Då tek vi med oss det beste frå statistikken og andre kunnskapskjelder og gjer etter beste evne våre vurderingar og nøye uttenkte tiltak. Det er ingen quick-fix som kan erstatte systematisk tolking/tenking og klokskap.

Presentasjonane frå seminaret finn du her.