«Forskingstorget» engasjerte barna

Kva finst i drikkevatnet ditt? Kva eigenskapar har blodet? Korleis ser ein ambulanse ut på innsida?

Dette og mykje meir kunne dei som besøkte forskingstorget på skywalken i Førde laurdag 28. september få svar på. Det var stor aktivitet på alle stasjonane denne dagen, og over 70 barn deltok på forskingsrebusen som kravde at barna var innom alle dei ulike stasjonane. Her kan du sjå nokre bilde frå torget, som vart arrangert i samband med Forskingsdagane 2013.