Har meir fysisk aktivitet i skulen effekt på barns livskvalitet? Ny vitskapleg publikasjon

Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde har publisert artikkelen: “Effects of a physical activity intervention on schoolchildren’s health-related quality of life: The active smarter kids (ASK) cluster-randomized controlled trial” i tidsskriftet Preventive Medicine Reports.

Kva studien viser

I studien vart 10-åringar frå Sogn og Fjordane (596 elevar frå 28 skular) randomisert til ein times fysisk aktivitet kvar dag eller til kontrollgruppe (582 elevar frå 29 skular). Oppfølgingstida var sju månader.  Resultata viser at intervensjonen ikkje hadde nokon signifikant effekt på  livskvalitet. Det var heller ikkje noko signifikant auke i objektivt målt fysisk aktivitet på intervensjonsskulane, sjølv om lærerane rapporterte å ha gjennomført aktivitetane som planlagt. Eit sekundærfunn er at livskvaliteten hos 10-åringar i Sogn og Fjordane er på gjennomsnittleg nivå samanlikna med heile Europa.

Kva studien betyr

Då studien ikkje førte til noko auke i objektivt målt fysisk aktivitet kan ein heller ikkje forvente at den skulle ha nokon effekt på livskvalitet.  I kva grad skuleintervensjonar med  faktisk auka objektivt målt fysisk aktivitet har ein effekt på livskvalitet er derfor framleis usikkert. Metodiske utfordringar med store og komplekse skuleintervensjonar som i dette tilfellet vert drøfta i artikkelen.

Professor John Roger Andersen

Professor Geir Kåre Resaland

Du kan lese artikkelen i fulltekst her!

Både John Roger Andersen og Geir Kåre Resaland er forskingskoordinator i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Begge er knytt til prosjektet Predikatorar for helse og livskvalitet hos barn og ungdom som er eit av fleire prosjekt i forskargruppa Folkehelse, Overvekt og Livsstil.