I starten var ho den einaste stomisjukepleiaren i regionen. No utviklar ho verdas første tilbakemeldingssystem for stomiopererte

Kirsten Lerum Indrebø utviklar ein ny metode for måling av meistring, helse og livskvalitet for stomiopererte. Dette skal gjere konsultasjonar betre for pasientar og sjukepleiarar.

– Pasientane er veldig nøgde og seier at systemet gjer at dei kan ta opp ting dei ikkje visste dei kunne snakke om eller som er vanskeleg å få fram.

Det seier Kirsten Lerum Indrebø, stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Som ein del av doktorgradsprosjektet hennar, utviklar ho ein ny metode for å følgje opp stomiopererte. Før time i poliklinikk får pasienten tilsendt ei lenke til eit elektronisk spørjeskjema i eit klinisk tilbakemeldingssystem, som er digitale verktøy der pasientar gir informasjon som kan nyttast i behandlinga.

– Her svarar dei på kor stor utfordring dei opplever innanfor ulike tema. Sjukepleiaren kan sjå svara før timen og nytte dei som støtte i samtalen med pasienten, seier ho.

I etterkant kan pasienten gje tilbakemelding om korleis dei opplevde konsultasjonen.

Betre persontilpassa rettleiing
– Hensikta er å få pasienten si stemme betre fram og at tema som lett kan bli oversett av sjukepleiarane eller underrapportert frå pasienten blir sett på dagsorden. Det pasienten rapporterer som viktigast blir dermed diskutert først i konsultasjonen, fortel Indrebø.

Dette gir betre persontilpassa rettleiing og betre meistring for dei som lever med stomi.

Sjukepleiarane får eit meir presist innblikk i kva pasienten sine utfordringar er og kan dermed rettleie pasienten betre.

– Ein får òg fram data som kan brukast til forsking. Dette kan vere aktuelt for til dømes studentar som skal ta mastergrad i stomi- og kontinens-sjukepleie, seier ho.

Indrebø fortel at sjukepleiarane får eit meir presist innblikk i kva pasienten sine utfordringar er og kan dermed rettleie pasienten betre.

Første i verda
Ideen til systemet har kome gradvis medan ho har jobba som stomisjukepleiar.

– Vi sakna eit instrument som kunne gi pasienten endå betre nytte av konsultasjonane, så har vegen blitt til undervegs, fortel ho.

Tidlegare har ein berre brukt slike skjema innan forsking. Metoden ho utviklar er det første i verda som er aktivt i bruk i sjølve pasientbehandlinga innan stomiomsorg. Systemet er eit liknande konsept som tilbakemeldingssystemet Norse, som også har utspring i Helse Førde.

Arbeidet med å innføre systemet starta hausten 2017 då dei begynte å bruke spørjeskjema for alle stomiopererte som gjekk i poliklinisk oppfølging på Førde sentralsjukehus.

Stor interesse
Indrebø fortel at det er stor interesse for å implementere systemet i resten av Helse Vest. Til dette arbeidet har prosjektet søkt Helse Vest sine innovasjonsmidlar.

– Det vi gjer i Førde er ei pilotutprøving for å gjere konseptet betre. Vi gjer testar og ser om spørjeskjemaa fungerer slik som vi har tenkt, seier ho.

Ambisjonen lengre fram i tid er å få systemet bredda til heile Norge, noko som vil vere til god hjelp for dei om lag 20 000 i Noreg med ulike former for uro- eller tarmstomi.

Første stomi-sjukepleiaren i Sogn og Fjordane
Indrebø var ferdig utdanna sjukepleiar i 1982 og har lang klinisk erfaring, hovudsakleg frå kirurgisk avdeling på Førde sentralsjukehus, der ho også var avdelingssjukepleier i sju år.

I 1998 starta ho opp stomiklinikk ved Førde Medikal, og i 2000 starta ho opp Stomiklinikken ved Kirurgisk poliklinikk på sjukehuset. Ho har vore ein pådrivar for å bygge opp fagmiljøet der.

– Stomiklinikken har vakse og utvikla seg frå då eg var der ein dag i veka, til at vi no er tre sjukepleiarar som kvar av oss arbeider 1-3 dagar per veke. Sidan eg i mange år var den einaste i Sogn og Fjordane med denne utdanninga, så har eg heile vegen vore opptatt av å halde meg oppdatert og vidareutdanne meg, fortel ho.

Ho har teke vidareutdanningar i lindrande behandling, rettleiing av studentar og i stomisjukepleie. I tillegg har ho master i sjukepleievitskap ved UiB.

– Kirurgisk avdeling si velvilje opp gjennom åra til å støtte meg økonomisk og gi meg permisjon til fagleg oppdatering har vore særs viktig, seier ho.

Her er døme på informasjon stomi- og kontinenssjukepleiarane får opp på skjermen sin.


Finansiert av Norsk Sjukepleiarforbund.
Doktorgradsprosjektet er finanisert av Norsk Sjukepleiarforbund. Dei deler ut få stipend, så å få stipend herfrå heng høgt. Indrebø var ein av 14 søkarar og var den einaste som fekk tilslag.

– Doktorgradsprosjektet har to delar. Det eine går ut på å implementere systemet i klinikken og det andre er å forske på om kvaliteten på spørjeskjemaa er gode nok, seier ho.

Så langt har ho og medforfattarar publisert fire forskingsartiklar i samband med prosjektet, som er rettleia av John Roger Andersen, professor i sjukepleievitskap ved Høgskulen på Vestlandet og forskingskoordinator i Helse Førde.

– Forskings- og innovasjonsavdelinga og John Roger har hatt ei viktig rolle i dette arbeidet. Utan dette samarbeidet hadde nok ikkje dette prosjektet vore starta, seier Indrebø.

Marit Solheim, forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane, meiner dette er eit viktig prosjekt.

–  Kirsten har hatt og har stor betyding for å byggje gode tenester til pasientgruppa og for stomisjukepleiemiljøet, både her i regionen og nasjonalt. Prosjektet hennar inneber både forsking og innovasjon, og er forbilledleg med tanke på å kunne utvikle og implementere kunnskapsbasert praksis, seier Solheim.

Aktiv i fagmiljøet
Indrebø har i mange år vore særs aktiv i fagmiljøet innan stomi- og kontinenssjukepleie.

– Stomi- og kontinenssjukepleiarar, spesielt i Helse Vest-regionen, har vore viktige diskusjonspartar gjennom mange år, seier ho.

Ho har vore leiar for Norsk Sjukepleiarforbund si nasjonale faggruppe av sjukepleiarar i stomiomsorg, og er òg medforfattar for det elektroniske prosedyreverket (VAR Healthcare) for stomi og til dels også for gastrostomi. I tillegg har ho vore med på å utvikle anbefalinga for oppfølging av stomiopererte i Noreg, som var publisert i 2020 og som no blir omsett til engelsk og kjem ut internasjonalt.

Ho har lenge vore involvert i undervisning for vidareutdanninga til stomi- og kontinenssjukepleiarar, og har vore medforfattar på fleire lærebøker og informasjonsmateriell om stomi og inkontinens.

I 2017 vart ho tildelt Helse Førde sin Kvalitetspris for arbeidet hennar med forbetring av kvaliteten på tenestene til stomiopererte pasientar.

Doktorgradsprosjektet skal vere ferdig i løpet av 2022.

 

 

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde. Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.