Korleis er koplinga mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande? Ny vitskapleg publikasjon

Senter for helseforsking gratulerer PhD-stipendiat Toril Marie Terum med ny vitskapleg publikasjon. Artikkelens tittel er: The association between specific neuropsychiatric disturbances in people with Alzheimer’s disease and dementia with Lewy bodies and carer distress.

PhD-stipendiat Toril Marie Terum

Kva viser studien?

Artikkelen baserer seg på data frå Demensstudien på Vestlandet (DemVest), og inkluderer 159 pårørande til personar diagnostisert med Alzheimersjukdom (AD, n=97) og demens med Lewy-legemer (DLB, n=62). Fokus i studien har vore på koplinga mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande.

Litt overraskande kanskje, viser funna frå denne studien at apati er det symptomet som pårørande opplever mest belastande. Apati blir skildra som ein tilstand med manglande initiativ, interesse og følelsemessig engasjement. Andre viktige bidragsytarar til stress er avvikande motorisk åtferd i form av gjentatte handlingar, irritabilitet og utfordringar knytt til mat og måltid.

Dei finn relativt få skilnader mellom dignosegruppene, men registrerer at fleire nevropsykiatriske symptom blir identifisert som viktige bidragsytarar til stress blant pårørande til personar med demens med Lewy-legemer. Årsaken til dette trur dei kan henge saman med at personar med Lewy-legeme demens totalt sett har fleire nevropsykiatriske symptom tidleg i demensforløpet, samt at pårørande rapporterer høgare grad av stress.

Kva betyr studiens resultat?

Demensplan 2020 vektlegger at personer med demens skal bli gitt muligheten til å bu heime lengst mogleg. Funn frå denne studien hjelper å forstå hjelpebehovet til familiar ramma av demenssjukdom, og underbygger viktigheita av fleksible og individuelt tilpassa tenester, allereie tidleg i demensforløpet.

Som eit ledd i SESAM si satsing på pårørandeforsking, er det to stipendiatar som har sett på stress blant pårørande til personar med demens. Dei har tidlegare funne at 20% av pårørande til personar med AD, og så mange som 40 % av pårørande til personar med DLB opplever moderat til høg grad av stress (RSS) allereie tidleg i demensforløpet, og identifisert nevropsykiatriske symptom ved demens som ein viktig bidragsytar til stress blant pårørande.

Vidare har dei funne at det er forskjellar mellom diagnosegruppene, og at pårørande til personar med DLB scorar høgare på stress tidleg i demsutviklinga. Ser ein derimot på stress over tid, indikerer funna at mens stress blant pårørande til personar med DLB ligger stabilt høgt allereie frå baseline, aukar stresset blant pårørande til personar med AD meir gradvis. Etter 2-3 år så jamnar det seg derfor meir ut mellom diagnosegruppene.

Toril Marie Terum, er PhD-stipendiat. Stipendiatet er finansiert ved Regionalt Kompetansesenter for Eldremedisin og samhandling (SESAM) ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) med midlar frå Norsk Forskingsråd, Førde kommune via Utviklingssenter for Sjukeheimar og heimetenester (USHT, Sogn og Fjordane), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Helse Førde. Toril er medlem av forskingsgruppa Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga.

Heile artikkelen kan du lese her!