Korleis går det når luftambulansen ikkje kan komme? Ny vitskapleg publikasjon

I samband med prosjektet «framtidas lokalsjukehus» i Nordfjordeid vart det gjort endringar i den kirurgiske akuttberedskapen, noko som skapte mykje debatt og motstand lokalt. Sjølv om alvorlege hastehendelsar ofte blir teke hand om av luftambulanse/redningshelikopter, så er det ikkje alltid denne kan kome t.d. grunna vanskelege vêrtilhøve.

Seniorrådgjevar ved fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde og Ph.D Hans Johan Breidablik

I prosjektet vart det difor løyvd midlar til eit følgeforskningsarbeide der ein skulle sjå på korleis det gjekk med dei pasienttilfella der ein ikkje kunne få luftambulansen, men måtte bruke det ordinære systemet med bilambulanse. Det er så langt arbeidd med to forskningsartiklar, og den eine er no publisert i Scandinavian Journal of Primary Health Care

Utgangspunktet var ein gjennomgang av alle kansellerte luftambulanseoppdrag i perioden 2010-2013, som utgjorde 172 oppdrag med til saman 180 pasientar, der dei viktigaste årsakene var akutt hjartesjukdom, hjerneslag og skadar. 2/3 var primæroppdrag til hendelsesstaden og resten var sekundæroppdrag (overflytting frå eit sjukehus til eit anna).

Den andre, foreløpig upubliserte; artikkelen tek for seg konsekvensar i form av tapte leveår for dei pasientane det galdt, medan artikkelen her ser på kva behandling og involvering frå primærhelsetenesta desse pasientane fekk.

Det viste seg at i heile 95% av primæroppdraga vart kommunal legevaktslege varsla, og desse deltok i undersøking/behandling i 62% av tilfella. Om lag i 1/3 av desse 62% følgde legevaktslegen med ambulansen til sjukehus. Ellers var det oftast ambulansearbeidar som følgde pasienten vidare frå hendelsesstaden til sjukehus (121 av 180 tilfelle), men også anestesilege, jordmor og anestesisjukepleiar var involverte i nokre av tilfella. I 41% av tilfella vart det ikkje gjeve nokon spesifikk behandling utover surstoff under transportane. I overflyttingsoppdraga til større sjukehus fekk 10% aktiv pustestøtte.

Studien konkludera med at både ambulansearbeidarar og legevaktslegar har viktige rollar i dei tilfella då luftambulanse ikkje kan komme til staden.