Ny vitskapleg publikasjon

Korleis er det å leve med kronisk obstruktiv lungesjukdom gjennom ulike fasar og mange møte med helsevesenet?

Forskargruppa kom fram til to hovudtema gjennom analyse av kvalitative intervju: «Kampen for å halde det gåande» og «Behovet for kontinuitet og kompetent hjelp». Dei intervjua fortalde at dei opplevde komplekse endringar gjennom sjukdomsforløpet. Dette omfatta endringar i rolle og funksjon og krevjande forværringsepisodar med akutte kriser og stadige nye utfordringar i eigenomsorga. Alle fortalte om stort behov for, og nytte av opplæring, rehabilitering og kyndig oppfølging gjennom heile sjukdomstida. Men slett ikkje alle mottok den hjelpa dei hadde behov for. Ofte møtte dei helsepersonell som syntes å mangle kompetanse på lungesjukdommen, og då vart pasientane utrygge. Slike møte hindra dei i å søke hjelp også når dei burde ha gjort det.

Bilete av heile forskargruppa ved oppstart av prosjektet. Bakerst frå venstre: Brukar Steinar Valvik (død november 2016) og brukar Nina Marie Dolmen. Andre rekke: Professor Ellen Karine Grov HVL, ergoterapeut Evy Irene Aarsheim Flora kommune, høgskulelektor Tone Larsen HVL, brukar Aud Jenny Jensen. Fremste rekke:Førsteamanuensis Anne-Grethe Halding HVL, spesialsjukepleiar Grete Berg Grimelid Helse Førde og brukar Sissel Stavøstrand.

I 2012 kom nye nasjonale retningsliner for oppfølging av denne pasientgruppa. Både funna i denne studien, og frå ei spørjeundersøking til personar som lever med denne sjukdommen i Sogn og Fjordane, gjort av same forskargruppa, tyder på at det er langt igjen før tilrådingane i desse retningslinene er følgt opp, spesielt i kommunehelsetenesta. Og- når pasientane opplever at kommunehelsetenesta manglar kompetanse og ikkje gir den hjelpa pasientane treng, så tek dei heller kontakt med spesialisthelsetenesta. Funna tyder på at kompetanseheving og innføring av nye rutinar i kommunehelsetenesta i forhold til rehabiliterings- og opplæringstilbod samt kontrollar er heilt nødvendig for å gi desse personane betre oppfølging og muligheit til å halde sjukdommen sin i sjakk.

Publikasjonen er ein av fire frå eit fleirårig samarbeidsforskingsprosjekt med sterk brukarinvolvering. Link til artikkel finn du her.

Anne-Grethe Halding, førsteforfattar, er sjukepleiar og førsteamanuensis ved Fakultet for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde. Ho har leia samarbeidsprosjekta «Styrking av brukardeltaking» og «Brukarbaserte oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS». Prosjekta er finansiert av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering via Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.