Ny vitskapleg publikasjon

Effekt av klinisk tilbakemeldingssystem på helserelatert livskvalitet, med implikasjonar for behandling av fedme – Ein oversikt over systematiske oversiktartiklar.

Hovudfunn frå studien viste ingen sikker statistisk effekt av klinisk tilbakemeldingssystem på helse-relatert livskvalitet. Det var varierande korleis tilbakemeldingssystemet blei anvendt i konsultasjonen med pasientane i dei inkluderte studiane, og korleis opplæringa av helsepersonellet har vore i forkant. Pasientar med fedme vil truleg ha effekt av klinisk tilbakemeldingssystem i behandlinga, då dette tiltaket er effektivt på blant anna mentale utfordingar. Ved innføring av klinisk tilbakemeldingssystem i behandling må det gjevast god opplæring av helsepersonellet, brukast aktivt i behandlinga, og oppsummeringa av svara må være utgangspunkt for diskusjon med pasienten.

Stipendiat Pål Andre Hegland

Vidare vart det i februar 2018 satt i gang eit forbetringsprosjekt der ein testar ut eit klinisk tilbakemeldingssystem på Fedmepoliklinikken ved Førde Sentralsjukehus. Pasienten svarar på spørsmål knytt til utfordingar med fedme, utfordingar etter fedme-operasjonen, helserelatert livskvalitet og psykisk helse.

Pål Andre Hegland er stipendiat ved HVL på campus Førde, og er knytt til forskargruppa Folkehelse, Livsstil og Overvekt i same by.

Link til artikkelen finn du her.