Premiert for oversiktsartikkel

Tidsskrift For Den Norske Legeforening har kåra beste oversiktsartikkel for 2013. Overlege ved palliativt team i Helse Førde, Odd Jarle Kjørstad, tok andreplassen med artikkelen Hjarte-lunge-redning til kreftpasientar i palliativ fase.

PRISVINNARANE: Odd Jarle Kjørstad med prisen saman med medforfattar Dagny Faksvåg Haugen til høgre. Til venstre på biletet står Hebe Kvernmo frå UNN.

Kåringa skjedde 10. mars, og artikkelen som tok sølv er skriven i samarbeid Dagny Faksvåg Haugen frå Haukeland/NTNU.

Når det ikkje nyttar

Kjørstad og Haugen sin artikkel tek utgangspunkt i kriteria for å avstå frå hjarte-lunge-redning til kreftpasientar i palliativ fase. Kriteria byggjer på pasienten sin rett til å nekte behandling og behandlar si plikt til ikkje å forverre liding og ikkje gje nyttelaus behandling. Problemstillinga var då å identifisere når hjarte-lunge-redning vil vere nyttelaus for desse pasientane.

Søk tilbake til -89

Som grunnlag for artikkelen gjorde Kjørstad og Haugen systematiske litteratursøk i PubMed for perioden 1989 – 2010. Søka  var retta mot  resultat av hjarte-lunge-redning til kreftpasientar i palliativ fase i sjukehus og om faktorar som innverka på resultatet av hjarte-lunge-redning når kreft var spesielt omtala. Resultata frå PubMed identifiserte 333 artiklar og av desse vart 18 tekne med som grunnlag for artikkelen. Metodisk sett fordelte desse seg som fire metaanalysar, åtte retrospektive, kliniske studiar og seks oversiktsartiklar.

Prisutdeling i Bergen

Analysane peika i retning av at kreftpasientar hadde lægre overleving ved hjarte-lunge-redning enn pasientar utan kreft. Overlevinga fall med aukande omfang av kreftsjukdomen. Utbreidd og terapiresistent kreft med funksjonsnivå dårlegare enn WHO 2 eller PAM-skår (Pre-Arrest Morbidity Index) over 8 er vurdert slik at det  ikkje kan sameinast med overleving ved hjarte-lunge-redning.

Kva kunne ein lese ut frå funna? Hjarte-lunge-redning er nyttelaust på sjukehuspasientar med utbreidd kreft, omfattande metastasering, oppgjeven kreftbehandling og låg funksjonsstatus.

Artikkelen kan lesast via Tidsskriftet si nettside: http://tidsskriftet.no/article/2974700

Møtet og prisutdelinga fann stad på Clarion Hotell Bergen Airport.

Av: Per Marifjæren