Pris for beste poster

I samband med Forskingsdagane 2013 var det utlyst ein posterkonkurranse i høgskulen og Helse Førde. Deltakarane konkurrerte i tre klassar: ein klasse for poster frå kvalitetssikringsprosjekt, ein for forskingsposter og ein for studentposter.

Det var totalt 19 posterar med i konkurransen og 11 av desse var studentposterar.

Førstepremien for forskingsposterar blir delt mellom to likeverdige vinnarar: Reidar Hjetland og Ane Kristiansen Solbraa.

                            Posteren til Ane Kristiansen Solbraa tek føre seg endringar i levesett for folk i Sogn og Fjordane, og konkluderer med at det er grunn til å ta den allmenne vektauken og nedgangen i fysisk aktivitet i fylket på alvor. Ut av eit stort    og komplisert forskingsmateriale har ho klart å finne ei tydeleg og viktig historie. Historia blir bra kommunisert i både tittel, grafar og fotografi. Dessutan er utforminga av plakaten svært estetisk og ryddig.
  Posteren til Reidar Hjetland tek føre seg samanhengar mellom kjønn, alder, flåttbitt og borrelia-smitte. Medan eldre kvinner rapporterer flest flåttbitt, er det likevel menn som oftast blir smitta. Tittelen er morosam og interessevekkjande, og poenget kjem bra fram i grafane som er brukte. Språket er konsist, og presentasjonen ryddig og fin.
                                                      Førstepremien for studentposterar går til Linda Sandven, Maiken Solås, Ellen Øren og Lise Svendsen. «Mobiltelefon – en bakteriebombe?» er spørsmålet dei stiller i tittelen. Dei har undersøkt dette gjennom spørreundersøkingar av sjukehustilsette og bakterieprøver frå mobiltelefonar, og finn ut at dette er noko å ta på alvor – særleg utifrå at få tilsette tenkjer noko særleg over denne faren. Problemstillinga er interessant og framgangsmåten god, og prosjektet kjem tydeleg fram gjennom tekst, bilde og pai-diagram.

I kategorien Kvalitetsprosjekt og populærvitskapleg formidling var det berre eitt bidrag i år, og det blir ikkje delt ut pris. posteren av Irene Aasen Andersen, Sissel Hjelle Øygard og Olivia Sissil Sunde får heiderleg omtale. Den handlar om eit viktig prosjekt der studentar kartla ernæringsstatus hos eldre, og kva dette hadde å seie for å få til eit meir systematisk arbeid med ernæring.

Med i juryen: forskingsleiar ved Senter for helseforsking, Marit Solheim (leiar), kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Katrine Sele, og viserektor for FoU ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø.