Sjukepleiestudentane imponerte med sterke bachelortema

Vinnar av beste abstrakt, sjukepleiarstudent Therese Ø. Gjøen.

5 og 6 desember var det duka for munnleg presentasjon og posterpresentasjon av bacheloropgåver for kull 68 i sjukepleie. Emneansvarleg Sissel Hjelle Øygard og fagseksjonsleiar Anny Aasprang uttrykte stor glede og entusiasme over studentanes innsats og framlegg. I forbindelse med framlegga blei det utdelt to prisar, ein for beste abstrakt og ein for beste poster.

Senter for helseforsking gratulerer Therese Ødegaard Gjøen som fekk prisen for beste abstrakt med sin tittel «En alminnelig henvendelse, eller en symbolsk handling og en etisk fordring». Juryen trekk fram at Therese røre ved eit sterkt og dagsaktuelt tema om kreftpasientars håp gjennom palliativ behandling av sjukdomen, og formidlar dette på ein god fagleg måte. Bacheloroppgåva hennar har tatt for seg korleis sjukepleiarar kan fremme det realistiske håpet hos kreftpasienten når sjukdomen ikkje kan kurerast.

Vinnarposter av sjukepleiestudentane Ruth Marie Haug og Tina Gotteberg. Trykk på bilde for å sjå posteren i full størrelse

Store gratulasjonar går også til Ruth Marie Haug og Tina Gotteberg Hove for beste poster. Juryen var imponert over den levande og tankevekkande tittelen «Et barn for lite», eit godt fagleg innhald rundt problematikken spontanabort, og ikkje minst temaets relevans. Det visuelle uttrykket på posteren ga eit heilskapleg godt bilde som formidla bakgrunn og resultat på ein spennande måte. Trykk på bilde for å sjå posteren i full størrelse.