Innlegg

Norse i COVID-19 situasjonen

COVID- 19 situasjonen har ført til at mange pasientkonsultasjonar i psykisk helsevern må gjerast på video og telefon. Norse kan her vere eit godt verktøy til å styrke den faglege kvaliteten på slike konsultasjonar.

Les meir og få tips om korleis ein kan skape gode telefon- og videokonsultasjonar her.

Ønskjer du å forske på psykisk helse og innovasjon?

Høgskulen på Vestlandet søkjer no etter ein PhD-kandidat som ønskjer å vere med å utvikle og forbetre behandlinga innanfor psykisk helse. I dette forskingsprosjektet vil du vere med å vidareutvikle det kliniske tilbakemeldingsystemet Norse Feedback og vere ein del av eit  kunnskapsrikt og inspirerand forskingsmiljø til Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde.

Les meir om phd-stillinga her

Innovasjonspris til Christian Moltu

F.v: Arve Varden, administrerande direktør Helse Førde, Christian Moltu, prisvinnar, Baard Christian Schem, fagdirektør Helse Vest

Christian Moltu er tildelt innovasjonsprisen i Helse Vest. Han fekk prisen for Norse Feedback, eit digitalt system der pasientar melder frå om korleis dei har det før behandling. Norse hjelper pasientane til å ta meir aktivt del i behandlinga og støttar behandlarane i samtalar med pasientane. Christian fekk prisen under den årlege forskingskonferansen i Helse Vest. Senter for helseforsking gratulerer!

Norse Feedback blir skildra som eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Innovasjonsprisen var på 100 000 kroner, saman med eit kunstverk og blomar. Christian takka pasientane, alle som har bidrege med finansiering og ikkje minst alle medarbeidarane som er med på å utvikle tenesta. – Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med på å finansiere utviklinga, fortel Christian.

Christian Moltu, psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet, seier at han er svært glad for denne prisen. – Systemet vi har utvikla skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga, og hjelpe klinikarane når dei skal snakke med pasientane, fortel Christian.

Korleis fungerer Norse Feedback?

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system, der pasientar melder frå om korleis dei har det, før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang på avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Systemet gir raskt grafisk informasjon, som behandlaren og pasienten kan bruke når dei treffest. Det kan hjelpe til for å gjere endringar i behandlinga, og at pasientane kan medverke meir i behandlinga sjølv. Norse Feedback er utvikla på bakgrunn forsking på behova til pasientar, klinikarar og forskarar.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen. «Eg visste ikkje at eg kunne snakke om dette», er ei tilbakemelding vi ofte får frå pasientane.

Utdrag frå juryen si grunngjeving

Norse Feedback er eit digitalt system og eit konsept som persontilpassar behandlinga til pasientar som i dag ikkje får tilfredsstillande behandling. Systemet har sitt utspring innanfor psykisk helsevern, men blir òg nytta i somatikken og innanfor rusfeltet.

Utvikling hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Systemet fremmar samval og brukarmedverknad, og er særleg nyttig ved behandling til sårbare pasientgrupper som tidlegare har falle ut av behandlingsløpet. Norse Feedback er utvikla for enkel og sikker bruk på mobile plattformar for pasientane.

Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg. Melom anna bruker Helse Midt-Norge Norse Feedback i fem klinikkar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling. Sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019.

Tekst: Margunn Langedal Masdal

Sider

Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga

Forskingsgruppe

Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga



Dei næraste åra vil eldreomsorga måtte takle store utfordringar. I 2050 kjem Noreg til å ha dobbelt så mange over 65 år. Det betyr mellom anna at samfunnet må ta seg av dobbelt så mange personar med demenslidingar.


Offentlege meldingar trekkjer særleg fram det massive behovet for innovasjon i eldreomsorga. Ein kan ikkje spare seg ut av situasjonen som er på veg – ein må utvikle seg ut av han. Forsking på feltet er difor heilt nødvendig.

At tenestene til eldre er av høg kvalitet vil bety mykje. Forskingsgruppa kvalitet og innovasjon i eldreomsorga ser eit klart behov for å kartlegge og omtale behov hjå den gamle og eventuelle familiemedlemmer og for å sjå på prioriteringa av desse behova i helsetenestene. Eldreomsorga vil særleg bli utfordra på område der det føregår mykje samhandling mellom tenester, til dømes omsorg for skrøpelege eldre og eldre med eit samansett sjukdomsbilete. Eit anna område forskingsgruppa legg vekt på, er samhandling mellom familie, frivillige og velferdstilbod for eldre.

Forskingsgruppa vart etablert i 2012 og består av 16 forskarar ved tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane (no, Høgskulen på Vestlandet, HVL) og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester Sogn og Fjordane (USHT). Leiar i gruppa er førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll ved HVL. Forskingsgruppa prioriterer praksisretta FoU, og er difor ein viktig arena for samarbeid med praksisfeltet og involvering av studentar. Helse Førde og Utviklingsenteret for sjukeheimar og heimetenester er viktige samarbeidspartar.

Hovudmålet for forskingsgruppa er å byggje ny kunnskap og oppnå auka forståing av innhaldet i eldreomsorga og rolla til dei pårørande. Eit viktig delmål er å heve omsorgstenesta sin status og skape fagleg interesse for pasientgrupper som samfunnet prioriterer lågt. Slik ønskjer forskingsgruppa å bidra til utvikling av den kommunale eldreomsorga i eit lengre tidsperspektiv.

Klikk på bilde så vert det stort

Utvalde FoU-prosjekt



Sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim

Studentane bidreg til å kartlegge aktivitetar i dagleglivet (ADL) hjå bebuarar i sjukeheim og utviklar nyttig kunnskap om denne gruppa av eldre. Prosjektleiar: Anne Marie Sandvoll

Erfaringar med alderspsykiatrisk team

Føremålet med forskinga er å få kunnskap om korleis dei pårørande og førstelinetenesta opplever tilbodet frå ambulant verksemd ved Indre Sogn Psykiatrisenter (ISP). Prosjektleiar: Merete Dale

Synleggjering av frivillig og offentleg sektor sine perspektiv på samarbeid og bidrag i kulturprosjekt retta mot eldre

Eitt av måla med prosjektet er å sjå på kva utbytte dei ulike partane kan ha av LEV VEL (aktiv kvardag). Prosjektleiar: Aud Berit Fossøy

Dag-aktivitetstilbod for demenssjuke

Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester har engasjert høgskulelektor Toril Midtbø som ein fagressurs på eit dagsenter for personar med demenslidingar. Dagsenteret ligg i Førde. Arbeidet går ut på å drive fagleg rettleiing om aktivitetar.