Ubehaget i eldreomsorga

Å tørke spyttklyser utan å kny, å smile sjølv om nokon skjerer tenner så det kvin: Forskar Anne Marie Sandvoll har teke føre seg sider av pleiearbeidet som ein helst ikkje snakkar om.

Det står ikkje noko særleg om det i lærebøker om sjukepleie. Det blir lite omsnakka i samfunnet generelt. Sjølv blant pleiarane er det eit tema som i stor grad er tabulagt: skitt, kroppsvæsker på avvegar, upassande åtferd og andre pinlege eller uappetittlege sider ved det å jobbe på ein sjukeheim.

– Dette er ting som det berre blir forventa at pleiarane ordnar opp i. Kjenslene og handlemåtane deira kring det ubehagelege er lite forska på, og lite påakta. Difor ønskte eg å sjå nærare på det, seier Anne Marie Sandvoll, ph.d.-kandidat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for Helsefag.

Fredag 6. desember disputerte ho for doktorgraden ved Universitetet i Bergen. Tittelen på avhandlinga er: ”Vi berre gjer det” – beskrivingar av skjult pleiepraksis i sjukeheim.

Mannen som kledde seg naken

Våren 2009, på ein sjukeheim i Sogn og Fjordane: Ein eldre mann sit aleine på kjøkkenet, medan pleiarar går fram og tilbake mellom kjøkkenet og romma. Det er føremiddag, mannen er nydusja og påkledd, og skal om kort tid få servert lunsj i lag med dei andre. Pleiarane har avslutta morgonstellet av alle bebuarane, og er i ferd med å servere saft og frukt på romma.

Så byrjar mannen å kle av seg. Eitt for eitt fell plagga til kjøkkengolvet. Ein pleiar oppdagar kva som skjer, og kjem springande til: ”Nei, nei, ikkje gjer det!” seier ho, men han høyrer ikkje etter. Fleire kjem til og vil stoppe han. Så tissar han, midt på kjøkkengolvet, og held fram med å kle av seg.

Snart er det fire-fem pleiarar rundt mannen, men han viftar dei vekk. Pleiarane er opprådde – klarer ikkje anna enn å stå og sjå på han. Til slutt står han naken framfor dei.

I nokre minutt er kaoset komplett, og det er ei kjensle av panikk blant alle i rommet. Mannen klarer ikkje å seie kva han vil, og pleiarane klarer ikkje å handle. Men så går ein og hentar nye klede til mannen, og ein annan tørkar golvet. Umerkeleg snur situasjonen. Mannen roar seg, får på seg nye klede og verkar tilfreds. Fred og orden er oppretta på ny, og dagen kan halde fram.

Under seks månader med feltarbeid på to ulike sjukeheimar, var dette den einaste situasjonen Sandvoll var vitne til der pleiarane synleg mista fatninga.

– Hendinga blei ein del av avhandlinga mi, for den reiste viktige spørsmål: Kvifor blei det så vanskeleg for pleiarane nett då? Elles ordnar dei jo opp heile tida i uventa situasjonar, anten det gjeld oppkast, astmaanfall eller avføring på feil plass. Slikt handterer dei vanlegvis heilt fint.

Elegansen i pleiekulturen

Nett i den situasjonen vart det for mykje for dei, kom ho fram til. ”The Double Embarassement” vart tittelen på artikkelen som Sandvoll sidan publiserte i International Journal of Nursing Practice. Ein naken kropp kan pleiaren fint hanskast med – bak eit skjermbrett på rommet, eller på badet. Tiss på golvet er også råd å takle, når det skjer bak lukka dører.

Problemet var at det skjedde på heilt feil plass, midt i eit fellesrom med store vindauge, utan skjermbrett. Eit rom der pårørande eller andre bebuarar når som helst kunne komme inn – til alt overmål også eit kjøkken, der tissing og naken kropp blir ekstra upassande. Slik vart situasjonen dobbelt pinleg.

– Det var vanskeleg å skulle skildre episoden. Eg ville ikkje kritisere pleiarane eller framstille dei som klønete – men vise kor krevjande dette faktisk var for dei tilsette, seier Sandvoll.

Den nakne mannen på kjøkkenet var ein ekstrem variant av slikt som pleiarane er oppøvde til å takle i det stille, utan å gjere noko nummer ut av det. Gjennom feltarbeidet sitt vart Sandvoll djupt imponert over korleis pleiarane gjennom erfaring hadde utvikla ei evne som gjorde pinlege situasjonar til å bere.

Det ubehagelege blei gjerne meistra ved det sjukepleieforskaren Jocalyn Lawler kallar minifismer, såg Sandvoll. Minifismer blir brukte for å avgrense situasjonen, gjere den mindre eller definere situasjonen som ikkje noko å bry seg om. Ho hugsar ein mann som gjekk nedover gangen på sjukeheimen med tung bleie hengjande ned inni buksa, som på eit småborn. Då kom ein pleiar opp bak han, strauk han lett over ryggen og sa: ”Skal ikkje du og eg ta oss ein liten tur på rommet ditt?”

– Gang på gang vart eg imponert over kor elegant pleiarane takla ting. Alt dei gjorde utan at det stod nokon plass – alt dei gjorde så fint og riktig.

Intuitive handlingar

Eigentleg var det noko heilt anna Sandvoll hadde tenkt å forske på, då ho starta doktorgradsarbeidet sitt i 2008. Gjennom langvarig feltarbeid på to sjukeheimar i Sogn og Fjordane observerte ho pleiarar i den daglege praksisen deira, med fokus på det nære møtet mellom pleiar og bebuar. Tanken var å undersøkje i kva grad kvalitetsforskrifta for sjukeheimar vart følgd opp. Særleg var ho oppteken av tema som medverknad og verdigheit.

Det skulle vise seg at kvalitetsforskrifta var noko som pleiarane flest korkje kjende til eller brydde seg om. Arbeidet deira var langt meir intuitivt, og lite prega av forskrifter eller retningslinjer. Men rutinar var viktige for dei. Sandvoll tolka funna i lys av Bourdieu sin teori om habitus. Den går ut på at praktisk handling er lite styrt av teori eller regelsystem, men derimot av den praktiske sansen, som er oppfinnsam, vanskeleg å føresjå og improviserande.

”Eit anna spor eg såg var ein slags automatikk i pleiarane sine bevegelsar. Dei såg ut til å bevege seg ut og inn av romma nærast automatisk, og det såg ut til at dei alltid visste kva dei skulle gjere,” skriv Sandvoll i avhandlinga.

Når ho spurde dei ”korleis har det at du gjer det slik?” svara dei ofte at ”eg berre gjer det”. Og om dei blei spurt ”korleis veit du kva den enkelte ønskjer” svara dei at ”eg berre veit det”.

Upopulært tema

I feltarbeidet brukte Sandvoll 45 informantar. Etter kvart vart ho meir og meir oppteken av alt det usagte – arbeidet som ingen snakka om. Alt det som vart forbunde med ei eller anna form for ubehag. Det pressa seg fram, for ho såg kor sentralt det var for pleiarane sjølve. Samfunnet beskriv seg sjølv heile tida, men aldri fullt ut, reflekterer Sandvoll i avhandlinga si – og då blir det ei oppgåve for samfunnsforskarar å avdekke det skjulte arbeidet.

– Det hadde vore mykje hyggelegare å skrive om behovet for aktivitetar, song og musikk. Sånt synst alle det er greitt å høyre om. Men det eg skriv om, blir av mange oppfatta som ekkelt, noko dei helst ikkje vil høyre om, seier Sandvoll.

Det tok lang tid å få pleiarane til å snakke om det ubehagelege. Å erkjenne at dei kunne tenkje at noko var ekkelt eller fråstøytande kring pleiearbeidet, sat langt inne. Dei er opplærde til å oversjå det, tole det, ikkje snakke om det.

Undervegs i arbeidet med doktorgraden, har ho opplevd å få sterke reaksjonar – både på manusutkast og presentasjonar. Fagfeller og andre i pleiesektoren har reagert på at ho tek føre seg desse sidene av yrket. Nokre har meint det var stigmatiserande, andre at ho skremmer folk vekk frå ein sektor som sårt treng meir arbeidskraft.

– Mange gonger har eg blitt fortvila, for det kjentest så viktig å fortelje om, men samstundes, så vanskeleg. Eg har tvilt mykje, seier Sandvoll.

No, etter mykje jobbing med orda kring temaet, kjenner ho seg trygg på at det er rett å løfte temaet fram i lyset. Det er ei anerkjenning av kompleksiteten ved pleieoppgåva, meiner ho.

– Det ligg eit tolmod i det, og noko usagt, som eg beundrar veldig. Eg tenkjer at det er godt for pleiarar å få vite at det er normalt å tenkje at nokre ting er ekle. Det skal vere lov å snakke om det som er ubehageleg – og at dei i handteringa av desse tinga, gjer ein viktig og vanskeleg jobb.

Av Katrine Sele