John Roger Andersen

Professor i sjukepleievitskap, Høgskulen på Vestlandet
Forskingskoordinator, Helse Førde
Forskingsgruppe: Folkehelse, livsstil og overvekt

Andersen jobbar som professor i sjukepleievitskap ved Høgskulen på Vestlandet, og forskingskoordinator i Helse Førde.
Han leiar også forskingsgruppa «Folkehelse, livsstil og overvekt».

Nyaste publikasjonar:

    Om John Roger Andersen

    Eg er forskar i Helse Førde og professor i sjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet.  Eg er oppvaksen i Balestrand men flytta til Førde i 1990 for å bli sjukepleiar. Sidan har eg blitt.  Eg trivst best med å ha  ein fot i helseføretaket og ein i høgskulen. Undervegs tok eg ein PhD-grad ved Universitetet i Bergen. I dag leiar eg forskingsgruppa «Folkehelse, livsstil overvekt» i regi av Helse Førde og Høgskulen.


    Kva forskar du på?
    Mange ting. Men hovudfokuset er i dag korleis vi kan gje betre helsetenester til pasientar med kroniske helseutfordringar, med særleg fokus på pasientar som har gjennomgått kirurgiske inngrep i mage/tarm-kanalen. Vi har to store prosjekt gåande knytt til skreddarsydd oppfølging til pasientar med stomi (pose på magen) eller som har gjennomgått fedmekirurgi.

    Prosjekta skal styrke pasientane si evne til å ta ei aktiv rolle i eiga behandling ved at vi nyttar innovativ teknologi for å kartlegge deira helse, meistring og livskvalitet. På denne måten blir dei  polikliniske konsultasjonane meir informative og samhandlinga mellom pasient og helsepersonell styrka.

    Innan fedmekirurgi  er det berre Helse Førde og Harvard University i USA som driv liknande prosjekt, og innan stomi er det berre vi. Vi opererer altså i ei nisje som gir oss store mogelegheiter til å vere i front internasjonalt.


    Kvifor er dette viktig å forske på?
    Ei ikkje ubetydeleg undergruppe pasientar har i dag utfordringar som av ulike grunnar «går under radaren» til helsepersonell. Dette kan føre til redusert helse og livskvalitet og unødvendig bruk av helsetenester. Det er haldepunkt for at den typen auka brukarmedverknad som vi legg opp til kan vere særskilt effektiv, og det er dette vi vil utforske nærmare.


    Kvifor begynte du å forske?
    Då eg tok min «mastergrad» for mange år sidan undersøkte eg kosthald hos 116 personar i Sogn og Fjordane som hadde gjennomgått hjarteinfarkt.  Eg var i det heile tatt utruleg fasinert av effekten kosthaldet kan ha på kroppen og særskilt på blodårene. Dette var relevante ting i forhold til min første jobb på medisinsk avdeling der eg mange  gonger hadde sett kva eit hjarteinfarkt kunne føre til.

    Då resultata frå «The Lyon Diet Heart Study» (Middelhavsdiett) blei publisert på 90-talet og viste kor sterk førebyggande effekt kosthaldet kunne ha etter eit hjarteinfarkt, så blei eg rett og slett hekta på alt som hadde med dette temaet å gjere. Seinare fekk eg også andre interesser, men dette er framleis noko eg held meg oppdatert på.


    Kva håpar du forskinga di skal bidra til for pasientane?
    At fleire skal oppleve det som skikkeleg meiningsfullt å komme på polikliniske kontrollar for kroniske helseutfordringar. På sikt er målet at dette gir betre eigenomsorg, helse og livskvalitet for fleire pasientar enn i dag.


    Kva håpar du forskinga di skal bidra til for helsepersonell?
    Det er viktig å understreke at helsepersonell som driv tenestene vi vidareutviklar og forskar på er likeverdige partnarar i arbeidet.  Målet er at vi saman skal vidareutvikle framtidas helsepersonellroller til pasientane sitt beste på ein smart,  pragmatisk og berekraftig måte. Då blir jobbtilfredsheita også god.