Kven er du?
Intensivsjukepleiar med PhD. Koordinator for simulering og ferdigheitstrening.
Kva forskar du på?
Vi forskar på oppfølging av pasientar etter fedmekirurgi, og har innført eit klinisk tilbakemeldingssystem der pasientane svarar på digitale spørjeskjema i forkant av timen med sjukepleiar. Målet med forskinga er å tilby ei betre oppfølging med tanke på psykisk helse og helserelatert livskvalitet hos denne pasientgruppa.
Eg rettleiar også studentar på master i klinisk sjukepleie, intensivsjukepleie, som forskar på aktuelle tema innan intensivsjukepleie. I tillegg jobbar eg med forsking innan medisinsk simulering som er ei anerkjent pedagogisk tilnærming for kompetanseheving hos tilsette og betra pasientsikkerheit.
Kvifor er dette viktig å forske på?
Fedmekirurgi er ei god behandling for ein del pasientar med fedme, samtidig som enkelte pasientar opplever utfordringar i etterkant av operasjonen. Det er derfor viktig å studere kva pasientar som har behov for oppfølging, og kva denne oppfølginga bør innehalde.
Simuleringstrening er ein anerkjent pedagogisk metode for å erverve og vedlikehalde kompetanse hos helsepersonell. Det er viktig å studere kva type organisering og innhald i simuleringa som gir best utbytte for pasientane.
Kvifor begynte du å forske?
Eg synest det er spennande å få vere med å generere ny kunnskap som kan bidra til å forbetre helsetenesta.
Kva håpar du forskinga di skal bidra til for pasientane?
Eg håpar forskinga bidreg til at pasientane mottek betre oppfølging og behandling, og at den bidreg til eit sikrare helsevesen for pasienten.
Kva håpar du forskinga di skal bidra til for helsepersonell?
Eg håpar at forskinga på simulering bidreg til at helsepersonell får moglegheiter til å utvikle sin faglige kompetanse, og derigjennom ha auka meistring i arbeidet sitt.