Kva er Norse Datacap?
- Ei sikker og fleksibel løysing for å utvikle og administrere datainnsamling via nett
- Kan nyttast til datainnsamling i både små og store forskings-, innovasjons- og kvalitetsprosjekt
- Innsamlinga kan skje via PC, nettbrett og/eller mobil
- Kan samle inn sensitive personopplysningar for eksport til eigna lagringsstad
- Tenesta er utvikla og drifta av Norse Feedback AS og er tilgjengeleg gjennom nettlesaren
I Norse DataCap kan du
- Lage spørjeskjema
- Invitere deltakarar til å svare
- Sjå svar som har kome inn
- Eksportere svar til egna lagringsstad
Korleis få tilgang til Norse DataCap?
- Tilgjengeleg for alle prosjektleiarar og -medarbeidarar i Helse Førde
- For å ta i bruk tenesta må prosjektleiar fylle ut og sende inn skjema for bestilling av tilgang til Norse DataCap til norsedatacap@helse-forde.no. Innlogging skjer via ID-portalen.
- Vilkår for bruk av Norse DataCap må vere lest og forstått før ein tar i bruk tenesta.
- Eksterne samarbeidspartnarar kan få tilgang til Norse DataCap i konkrete prosjekt der Helse Førde er prosjektleiar.
Kva er lov å lagre i Norse DataCap?
Norse DataCap er eit verktøy for å utforme og administrere datainnsamling, og skal ikkje nyttast til langtidslagring av data. Dersom du har behov for og rett til å lagre den innhenta informasjonen i ein periode, skal dette gjerast på ein stad egna for den aktuelle datatypen:
- dersom data er anonyme, kan dei lagrast på eit ope fellesområde,
- inneheld data personopplysningar, skal dei lagrast med eit sikkerheitsnivå tilpassa opplysningane,
- inneheld data sensitive personopplysningar, skal dei lagrast på sikre tilgangsstyrte område, hovudsakeleg på HV IKT sin forskingsserver eller kvalitetsserver,
- er data arkivverdige, skal dei lagrast iht. arkivreglane.
Kontakt systemoperatørar for Norse DataCap i Helse Førde for råd og rettleiing:
Janne-Merete T. Øien: jeoi@helse-forde.no,
Mobil: 97176188
Marianne Schiefloe Myklebust: I Permisjon