Kliniske studiar

Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøke verknad av legemidlar eller andre behandlingsmetodar, men òg for å undersøke korleis medikament omdannast i kroppen og om biverknader er akseptable.

Deltaking i kliniske studiar kan føre til at ein får tilgang til den nyaste og mest avanserte behandlinga før den er vanleg tilgjengeleg. At vi tilbyr kliniske studiar i Helse Førde er viktig for at pasientar kan få tilgang til å delta i studiar på sitt eige sjukehus og for arbeidet med å utvikle og finne nye metodar for behandling og diagnostisering. Pasientar kan sjølv spørje om det finst aktuelle kliniske studiar for deira situasjon.

Det blir utført kliniske studiar på til dømes

• medisinar
• vaksinar
• kirurgi
• diagnostikk
• strålebehandling
• medisinsk utstyr
• trening
• ernæring
samt kombinasjonar av desse.

Les meir om kliniske studiar her:


For pasientar

Nokre pasientar kan delta i kliniske studiar som del av sin behandling. Det vil då vere snakk om alt frå å teste ut medisin til at ein berre brukar opplysningar frå pasientjournal i forskinga. Alle pasientar som deltek i studiane må samtykke til deltaking.

Ved å delta i ein klinisk studie kan du

• få eit håp om å bli kurert eller å leve lenger med sjukdommen din

• få betre livskvalitet

• få tett oppfølging av helsepersonell

• bidra til å fremme forsking på ny behandling som kan komme mange pasientar til gode

Det blir stilt strenge krav til kven som blir vald ut til å delta. For at du skal bli vurdert som deltakar i ein klinisk studie, må legen din vurdere om studien sine kriterium for deltaking passar din situasjon. Døme på kriterium kan vere type diagnose, alder, funksjonsstatus og tidlegare behandlingar.

Klikk her for meir informasjon om korleis du kan delta, krav til kven som kan bli vald ut og ulempar og føremonar med å delta.

Sjå her for vilkår og rettar ved deltaking.

 

Finn kliniske studiar

På denne sida kan du orientere deg om kliniske studiar som spesialisthelsetenesta i Noreg til eikvar tid gjennomfører:


Kliniske studiar som rekrutterer pasientar i Helse Førde

Kliniske behandlingsstudiar i Helse Førde er organisert under og tilknytt dei ulike avdelingane som utfører behandling både innan somatikk og ved psykiatrisk klinikk.

MoManTEC2: Biomarkørstyrt behandling ved gynekologisk kreft/livmorslimhinnekreft

Om studien:
Studien undersøkjer hormonreseptorer, mottakarar for hormonsignal i cella, for dei kvinnelege kjønnshormona østrogen og progesteron i preoperative prøver hos pasientar med livmorslimhinnekreft (endometriecancer).

Vi undersøkjer hormonreseptorane på denne måten for å betre identifisere aggressiv sjukdom og dermed skilje pasientar som har lav versus høg risiko for spreiing av sjukdomen til lymfeknutar. Vi kan då betre avgjere kven som har, eller ikkje har, behov for fjerning av lymfeknutar i bekkenet (lymfadenektomi) under operasjon for kreftsjukdomen (fjerning av livmor) samt kven som bør ha etterbehandling i form av cellegift.

I tillegg undersøkjer vi livskvalitet hos alle pasientar før og ved oppfølging etter operasjon spesielt med tanke på om det er forskjell i erfart livskvalitet etter ulike typar operasjon/behandling.

Testing av hormonreseptorar har tidlegare ikkje vore brukt systematisk i vanleg klinisk praksis ved gynekologisk kreft, i motsetning til t.d. ved brystkreft der metodar for bestemmelse av hormonreseptorer har vore i bruk i standard behandling lenge.

Det føreligg etter kvart god støtte for at hormonreseptorar kan brukast til å skilje betre mellom aggressive og mindre aggressive svulstar også ved livmorslimhinnen. I praksis gir dette særleg hjelp til å identifisere lavrisikopasientar som ikkje treng omfattande kirurgisk- og etterbehandling. Dermed kan vi unngå moglege (langtids)plager for pasientar der ein ikkje antek å ha nytte av slik utvida behandling.

Vi ønsker å følge alle pasientane tett og å samle inn informasjon om korleis dei har det før og i totalt 5 år etter operasjonen.

Kven kan delta:
Inklusjonskriterier: Alle pasientar som vert tilvist til eit deltakande sjukehus med diagnose eller mistanke om livmorslimhinnekreft.

Eksklusjonskriterier:
1 – Pasientar som ikkje har livmorslimhinnekreft
2 – Pasientar som ikkje vil eller kan signere skriftleg samtykke til studien (inkl. språkproblem)
3 – Pasient under 18 år
4 – Pasientar som ikkje skal motta kirurgisk behandling for sin livmorslimhinnekreft

Informasjon om deltaking: Studien er open for rekruttering frå 01.05.2015 og fram til 31.12.2022

Kontaktinformasjon:
Studien vert leia frå Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe.
Kontaktperson: overlege Henrica Werner

Kontaktperson i Helse Førde:
Manjubhaashini Sivanesan, e-post: manjubhaashini.sivanesan@helse-forde.no

GAIN-studien – Genetisk studie av amyotrofisk lateral sklerose (ALS)

Om studien
Formålet med denne observasjonsstudien er å betre kunnskapen om genetiske årsaker til amyotrofisk lateral sklerose (ALS) i Noreg. Dette vil betre moglegheitene for at norske pasientar med ALS i framtida får ei behandling som er mest mogleg persontilpassa. Det vil også betre moglegheitene for studiar av sjukdomsmekanismar.

Studien inneber at det vert tatt ei blodprøve frå ei vene i armen og at du svarer på eit kort spørjeskjema. I prosjektet vil vi innhente og registrere opplysingar om deg. Dette inkluderer relevante opplysingar frå din pasientjournal, t.d. alder ved sjukdomsdebut, kva for symptom sjukdomen starta med og korleis sjukdomen seinare har utvikla seg, familiehistorie, behandling og resultat av laboratorietestar som er utført.

Blodprøva og dine opplysingar vert sendt til seksjon for medisinsk genetikk ved Sjukehuset Telemark. Blodprøva undersøkjer vi med ein genetisk analyse for å sjå om vi kan finne genetiske markørar som gir auka disposisjon for å kunne utvikle ALS. Resultata frå dei genetiske analysane vil bli samanstilt med kliniske opplysingar for å sjå om vi finn samanheng mellom genetiske markørar og kliniske symptom.

Kven kan delta
Alle pasientar med bekrefta ALS-diagnose som får oppfølging ved eit norsk sjukehus kan vere med i studien. Ved ønske om deltaking i GAIN-studien, ber vi deg kontakte din behandlande nevrolog ved ditt lokale sjukehus.

Les meir om studien her.

Informasjon om deltaking:
Studien er open for rekruttering frå 01.08.2019 og fram til 31.07.2022

Kontaktinformasjon
Prosjektleiar: Helle Høyer
Seksjon for medisinsk genetikk
Sykehuset Telemark HF
E-post: helle.hoyer@sthf.no
Tlf: 35003146

Din behandlande nevrolog ved ditt lokale sjukehus kan kontaktast for informasjon om studien.

Kontaktperson i Helse Førde:
Elin Seim, e-post: elin.seim@helse-forde.no

NO-ALS-studien

«Undersøkelse om kombinasjon av Nikotinamid ribosid og Pterostilbene kan forsinke sykdomsutvikling hos pasienter med Amyotrofisk Lateral Sklerose (ALS)»

Om studien
ALS er ein alvorleg nevrologisk sjukdom med progressive lammingar i armar og bein. Mange pasientar har tale- og svelgvanskar. Det finst inga god behandling. Vi meiner at sjukdommen har samanheng med energisvikt i motoriske nerveceller og vil styrke denne funksjonen ved å tilføre høge doser av Nikotamin Ribosid og Pterostilben.

Studien vil ha 2 «armar», ein for pasientar med nydiagnostisert ALS (mindre enn eit halvt år sidan diagnosen) og ein arm for pasientar som har hatt diagnosen lenger enn eit halvt år. Begge studiearmane vil vere placebokontrollerte (medikamentet blir samanlikna med «narremedisin»).

Studien varer i 1 år for den enkelte studiedeltakar.
Etter 1 år vil studiedeltakarane få spørsmål om dei vil delta i ei forlenging av studien i 6 månader. Dei som vert med i forlenginga av studien vil alle få behandling med Nikotinamid Ribosid og Pterostilbene.

Kven kan delta:
Inklusjonskriterium: Sikker ALS-diagnose. Arm 1: ALS-diagnose kortare enn 6 månader og ikkje alvorlige lammingar pga sjukdommen. Arm 2: Sjukdomsdiagnose stilt for meir enn 6 månadar sidan eller alvorlige lammingar pga sjukdommen.

Eksklusjonskriterium: Demens, psykisk sjukdom som vil påverke deltakinga, pasientar som tek vitamintilskot (Vit B3), andre alvorlege sjukdomar.

Informasjon om deltaking: Studien er open for rekruttering frå 01.10.2020 fram til 01.10.2022.

Klikk her for meir informasjon om studien.

Kontaktinformasjon:
Studien vert leia frå Neuro-SysMed ved Haukeland universitetssjukehus

Kontaktpersonar i Helse Førde:
Lokal prosjektleiar: Elin Seim, e-post: elin.seim@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Wenche Kleppenes, e-post: wenche.kristin.kleppenes@helse-forde.no

Akselerometer i oppfølging av pasientar med kronisk artritt – Wearables – Pilotstudie

Om studien
Akselerometer/gyroskop (engelsk: wearables) er elektronisk utstyr med ulike sensorar (t.d. rørslesensor, GPS og sensorar som registrerer hjerterytme), oftast i form av eit armbandsur.

Kronisk artritt påverkar pasienten si evne til fysisk aktivitet. Dette er spesielt uttalt i den akutte fasen av sjukdomen, altså før ein har starta med behandling. Pasientar i aktiv fase av ein artrittsjukdom opplever stivheit i ledd og generelt i kroppen, spesielt om morgonen. Dei har begrensa bevegeligheit på grunn av inflammasjon med hevelse og smerte i ledda. Dette påverkar både aktivitetsnivå og måten pasientane beveger seg på. Det er viktig å tilpasse oppfølginga av desse pasientane etter behov, slik at pasienten kan kome til legespesialist når han/ho treng det, dvs. når det er teikn til oppblussing av sjukdomen. Det er viktig å setje i gang raske tiltak for å unngå funksjonstap og/eller strukturelle skadar på ledd og omkringliggjande vev.

I denne pilotstudien vil vi undersøkje om det er forskjell i signal frå akselerometer mellom friske personar og pasientar med aktiv artritt. Ein vil òg sjå på om signala frå akselerometer/gyroskop endrar seg i takt med endring i artrittaktiviteten, slik at ein kan gjenkjenne sjukdomsfasar. Formålet med pilotstudien er å finne faktorar som kan hjelpe oss å sjå tidlige teikn til sjukdomsforverring. Vi har i dag ikkje verktøy som hjelper oss med ei slik vurdering av tilstanden før pasienten fysisk møter til konsultasjon hos spesialist i revmatologi.

Les meir om studien:
Akselerometer i oppfølging av pasienter med kronisk artritt.

Kven kan delta
Du kan delta i denne studien dersom du har ein artrittsjukdom (leddgikt, psoriasisleddgikt eller spondyloartritt) i aktiv fase. Vi ønsker òg friske deltakarar i ei kontrollgruppe.

Pasientane vert inkludert frå Revmatologisk poliklinikk, Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde.
Kontrollgruppa vert inkludert frå frivillige som melder seg med ønske om å delta.

Informasjon om deltaking: Studien er open for inkludering frå 01.05.2022

Kontaktinformasjon:
Prosjektleiar: Pawel Mielnik, e-post: pawel.franciszek.mielnik@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Anne Solveig Tråseth, e-post: anne.solveig.traseth@helse-forde.no

REMNANT – Behandling av tidlig tilbakefall av myelomatose

Studien skal undersøkje om progresjonsfri overleving og totaloverlevinga kan forlengast ved å starte ny behandling ved svært tidleg teikn på tilbakefall, versus å starte ny behandling etter dagens standard for tilbakefall.

Om studien
Myelomatose er ein kreftsjukdom i beinmargen med ukontrollert vekst av plasmaceller. Det finst framleis ingen kur mot myelomatose. Fråvær av målbar sjukdom etter behandling er viktigaste prognostiske faktor for overleving i myelomatose.

For å få ei homogen gruppe av deltakarar med fråvær av målbar sjukdom etter standard 1. linje behandling mot myelomatose er studien delt i to delar:

• I del 1 får alle standard behandling. Hensikta med del 1 av studien er å fastslå kor mange som oppnår fråvær av målbar myelomatosesjukdom etter gjennomgått standard norsk linje 1-behandling.

• Dersom du har fråvær av målbar sjukdom etter del 1 får du vere med i del 2. I denne delen vert pasientane delt i to grupper. Gruppe A får ny myelomatosebehandling ved tidlig teikn på første tilbakefall, dette vert målt gjennom ei beinmargsprøve. Gruppe B får ny myelomatosebehandling ved første tilbakefall definert etter dagens kriterier. Dette vert målt gjennom ei blodprøve. Når du får første tilbakefall av myelomatosesjukdomen vil du både i arm A og i arm B motta 2. linje behandling som består av tre medikament, daratumab (sprøyte), carfilzomib (infusjon) og deksametason (tablett) fram til denne behandlinga ikkje verkar lenger eller du får biverknader som gjer at behandlinga enten må reduserast eller takast heilt bort. Hensikta med del 2 av studien er å undersøkje om tida til andre tilbakefall vert forlenga og om total overleving forbetrast ved å starte 2. linje behandling ved tidleg teikn på tilbakefall i forhold til å starte 2. linje behandling etter dagens standarddefinisjon på tilbakefall.

Kven kan delta
Dersom ein er mellom 18 og 75 år, og har fått bekrefta diagnosen behandlingskrevjande myelomatose, kan ein delta i studien. I tillegg må du oppfylle bestemte inklusjonskrav.

Ta kontakt med din behandlande lege ved ditt sjukehus dersom du ønsker meir informasjon.

Informasjon om deltaking: Studien er open for rekruttering frå 20.08.2020 og fram til 01.03.2023

Klikk her for meir informasjon om studien.

Kontaktinformasjon
Studien er ein norsk multisenterstudie der alle helseregionar har deltakande studiesenter. Oslo myelomatosesenter ved Oslo Universitetssjukehus er ansvarleg for studien og Dr. Fredrik Schjesvold leiar studien.

Kontaktpersonar i Helse Førde:
Lokal prosjektleiar: Damian Szatkowski, e-post: damian.szatkowski@helse-forde.no
Forskingskoordinator: Kristin Vassbotn Guldhav, e-post: kristin.vassbotn.guldhav@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Annelin Fagerstrøm, e-post: annelin.elizabeth.hennessy.fagerstrom@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ida Juklestad, e-post: ida.juklestad@helse-forde.no

IMPRESS-Norway – Implementering av persontilpasset medisin i Norge

Persontilpassa kreftbehandling betyr at vi brukar kjenneteikn ved kreftcellene/kreftsvulsten ved den enkelte pasient, for å behandle mest mogeleg presist. På den måten ønsker vi å få effektiv behandling utan mykje biverknader.

Om studien:
I nokre kreftsvulstar er det spesifikke genforandringar som driv kreftutviklinga, og ved å hemme desse, kan vi hemme kreftutviklinga. I mange kreftsvulstar finn vi ikkje slike genforandringar, og slik behandling er då ofte ikkje mogeleg.

I denne studien vil vi undersøkje kreftcellene/svulstane for å sjå om vi kan identifisere slike genforandringar, og hos nokre pasientar vil vi kunne forsøkje slik behandling.

Vaksne pasientar med avansert kreftsjukdom som har fått standard behandling vil kunne få utvida molekylær screening for å sjå om det er genforandringar eller andre molekylære kjenneteikn ved kreftcellene. Dersom slike kjenneteikn finst, vil vi undersøkje om det er grunn til å forsøkje nokre av medikamenta vi har tilgjengeleg i studien. Dette vil vere godkjente medikament som vert brukt på andre kreftdiagnose-grupper.

Relevante behandlingar:
Akutt leukemi
Barnekreft
Bein- og blautvevskreft
Beinmargskreft (myelomatose)
Blærekreft
Brystkreft
Bukspyttkjertelkreft
Eggleiarkreft
Eggstokkreft
Føflekkreft
Gallevegskreft
Hjernekreft
Hovud- og halskreft
Kreft i kjønnslepper
Kreft i skjeden
Leverkreft
Livmorhalskreft
Livmorkreft
Lungekreft
Lymfekreft (lymfom)
Nevroendokrine svulstar
Nyrekreft
Peniskreft
Prostatakreft
Skjoldbruskkjertelkreft
Spiserørs- og magesekkreft
Tarmkreft med spreiing til bukhinna
Testikkelkreft
Tjukk- og endetarmskreft

Kven kan delta
Dersom du har avansert kreftsjukdom og har fått standard behandling, kan du bli inkludert i studien og få utført utvida molekylær diagnostikk for å vurdere moglegheita for eksperimentell behandling. Dersom dei molekylære funna passar med eit av medikamenta i studien, vil du kunne få behandling i studien. Det kan hende du i staden vert henvist til ein annen klinisk studie. Dersom vi ikkje finn dette, vil du bli følgt opp og behandla vidare på ditt lokale sjukehus.

Les meir om studien her:
Du kan lese meir på nettsidene til IMPRESS Norway
Prosjektside i Cristin (Current Research Information System in Norway)

Informasjon om deltaking: Studien er open for rekruttering frå 07.04.2021 og fram til 07.04.2025

Kreftlegen din kan tilvise deg til studien.

Kontaktinformasjon
Studien vert leia frå Oslo Universitetssjukehus, og er ein nasjonal studie.
Tilvisande legar eller andre fagpersonar som har spørsmål om studien, kan kontakte:
Prosjektleiar Åslaug Helland (ahh@ous-hf.no), Oslo universitetssykehus

Kontaktpersonar i Helse Førde:
Lokal prosjektleiar: Jaroslav Bublevic, e-post: jaroslav.bublevic@helse-forde.no
Forskingskoordinator: Kristin Vassbotn Guldhav, e-post: kristin.vassbotn.guldhav@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Annelin Fagerstrøm, e-post: annelin.elizabeth.hennessy.fagerstrom@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ida Juklestad, e-post: ida.juklestad@helse-forde.no

NOPARK-studien – Nikotinamidbehandling for Parkinson sykdom

Om studien:
Parkinsons sjukdom er ein nevrodegenerativ sjukdom. Den er mest vanleg etter Alzheimers sjukdom. I dag har vi berre symptomatisk behandling som kan hjelpe for symptoma. Det finst i dag ingen medisinar som forseinkar eller stoppar sjukdomsprogresjon.

I denne studien vil vi undersøkje om Nicotinamide Riboside, eit vitamin B3 analog, forseinkar sjukdomsprogresjon i Parkinsons sjukdom.

Studiedeltakarane vert delt i 2 grupper: Den eine gruppa får placebo («sukkerpille»). Den andre gruppa får ein høg dose med Nikotinamid Riboside. Hypotesen er at inntak av Nikotinamide Riboside vil kunne forsinke sjukdomsprogresjonen i Parkinsons sjukdom. Studien varer i 1 år for den enkelte studiedeltakar.

Kven kan delta:
Det er fleire inklusjonskriterium. Det viktigaste er at diagnosen Parkinsons sjukdom vart gitt mindre enn 2 år frå tidspunktet ein vert inkludert i NOPARK.

Informasjon om deltaking: Studien er open for rekruttering frå 01.01.2018 og fram til 03.02.2025

Klikk her for meir informasjon om studien.

Kontaktinformasjon:
Studien drives av Haukeland universitetssjukehus. Prosjektleiar er Charalampos Tzoulis

Kontaktpersonar i Helse Førde:
Lokal prosjektleiar: Aliaksei Labusau, e-post: aliaksei.labusau@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Britt Bruland, e-post: britt.bruland@helse-forde.no

Oppfølging av nydiagnostiserte pasientar med psoriasisartritt med og utan bildediagnostikk – NOR-SPRINT

Studien undersøkjer om pasientar som skal starte sin første immundempande medisin for psoriasisartritt oppnår betre sjukdomskontroll dersom ein vel og justerer behandling med informasjon frå bildediagnostikk (ultralyd og MR) enn ved vanlig klinisk undersøking.

Om studien:

Studien inkluderer vaksne pasientar med psoriasisartritt som skal starte sin første sjukdomsmodifiserande (immundempande) medisin og undersøkjer om det hos pasientar der ein bruker bildediagnostikk til å velje og styre behandling i tillegg til ordinær klinisk undersøking i større grad oppnår vedvarande inaktiv sjukdom. I tillegg vil ein undersøkje andre mål for sjukdomsaktivitet, mål på leddskade og betennelse undersøkt med MR, røntgen og ultralyd, arbeidsdeltaking, forbruk av helsetenester og helserelatert livskvalitet. Pasientane vert fordelt tilfeldig til 2 typar oppfølging:

1. Ordinær målstyrt behandling der dei vert undersøkt klinisk og ein vurderer om dei har nådd behandlingsmålet ved hjelp av eit samansett sjukdomsaktivitetsmål, vurdering av senefestebetennelse og grad av psoriasis.

2. Målstyrt behandling med tilleggsinformasjon frå bildeundersøkingar (ultralyd av ledd, senefester og sener på alle besøk, MR av ryggsøyla og bekkenledd ved første besøk, etter 12 månader og 24 månader. Informasjonen vert brukt både til å velje behandling og til å vurdere måloppnåing. Dette kjem i tillegg til dei same kriteriane som i armen med ordinær behandling.

Oppfølginga varer i 24 månader og inkluderer totalt 12 besøk. Informasjon som samlast inn er frå spørjeskjema, informasjon om type sjukdom og aktivitet i sjukdommen, laboratorieprøver inkludert frysing av prøver for seinare analyse samt registrering av biverknader/uønska hendingar.

Les meir om studien:
NOR-SPRINT

Kven kan delta:
Pasientar på dei sentre som er aktiv i studien kan vere med hvis dei oppfyller kriteriane for å vere med, dette vert vurdert av studiepersonell på senteret.

Informasjon om deltaking:
Studien er open for inkludering frå 07.03.2022 fram til 07.03.2024

Kontaktinformasjon:
Dette er ein nasjonal multisenterstudie som vert leia frå Diakonhjemmet sjukehus. Nasjonal prosjektleiar er Karen Minde Fagerli, e-post: karenminde.fagerli@diakonsyk.no

Kontaktpersonar i Helse Førde:
Lokal prosjektleiar: Anja Myhre Hjelle, e-post: anja.myhre.hjelle@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Anne Solveig Tråseth, e-post: anne.solveig.traseth@helse-forde.no

Plutselig uforklarlig hørseltap og trykkammerbehandling – SuDHO

Formålet er å undersøkje om tilleggsbehandling i trykkammer (hyperbar oksygenbehandling) gir betre hørsel til pasientar som opplever plutselig uforklarleg hørseltap (sudden deafness) enn dagens standardbehandling gjer.

Om studien:

Plutseleg uforklarleg hørselstap (sudden deafness) er ein tilstand der hørselen plutseleg forsvinn på eitt øyre og der legeundersøking eller røntgen ikkje kan påvise ei sikker årsak. Omtrent 30-60 % vil få hørselen tilbake i løpet av dei neste vekene, men ein del får varig nedsatt hørsel.

Standardbehandlinga som gis ved denne tilstanden er medisin som dempar betennelsesreaksjon i kroppen (prednisolon) og truleg bør behandlinga kome i gang i løpet av dei første dagane for å ha best mogeleg effekt.

Hensikta med studien er å undersøkje om tilleggsbehandling i trykkammer (hyperbar oksygenbehandling, HBO) gir betre hørsel enn dagens standardbehandling åleine.

Pasientane som blir med i studien blir tilfeldig fordelt i to grupper der den eine gruppa får standard behandling, som regel med prednisolon tabletter i 15 dagar. Den andre gruppa får standard behandling i tillegg til behandling i trykkammer.

Trykkammerbehandlinga (HBO) inneber ei dagleg behandling i 15 dagar. Kvar behandling varer i ca 2 timar.
Trykkammerbehandling blir gjennomført ved trykkammeranlegget ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Meir om trykkammerbehandling ved Haukeland universitetssjukehus: Hyperbar oksygenbehandling, andre akutte tilstander

Undersøkingar
Ved start av studien blir alle pasientane grundig undersøkt av øyre-, nase-, halsspesialist for å forsikre seg om at diagnosen er riktig og at det ikkje føreligg andre sjukdomar av betydning. I tillegg inngår følgande ved første undersøking:
Grundig hørselstest (Les meir om høyreprøve)
Spørjeskjema som omhandlar hørsel, øresus, balanse og livskvalitet
MR av hovudet (vanlig del av utredning for andre årsaker til hørselstap)
Røntgen av lungene for noen av dei som skal behandlast i trykkammer
Ekstra testing av balansefunksjon på enkelte sentre
Du vil bli kalla inn til hørselstestar og kontroller jevnlig. Første kontroll etter ca. 10 dagar, deretter 15 dagar, 8 veker og til slutt avsluttande kontroll etter ca. 14 veker. Kontrollane vil ta ca. en time kvar gong.

Les meir om studien:
Hyperbar oksygenbehandling for akutt høretap- en randomisert kontrollert studie

Kven kan delta:
Vi anbefaler at alle som opplever plutselig uforklarlig hørselstap tek kontakt med legevakt eller fastlege i løpet av det første døgnet etter symptoma har oppstått.
Dersom fastlege/legevakt ikkje finn teikn til øyrebetennelse eller anna årsak som kan forklare hørselstapet kontaktast vakthavande øyre, nase, hals-lege ved eitt av sjukehusa som deltek i studien.
Dersom du er mellom 18-80 år og har fått plutselig uforklarlig hørselstap i løpet av dei siste 7 dagane kan du være aktuell for studien.

Informasjon om deltaking:
Studien er open for inkludering frå 31.01.2022

Kontaktinformasjon:
Dette er ein nasjonal multisenterstudie som er leia frå Helse Bergen. Nasjonal prosjektleiar er Bearnd Mueller, Telefon: 55 97 73 75, e-post: bernd.mueller@helse-bergen.no

Kontaktpersonar i Helse Førde:
Lokal prosjektleiar: Einar Solheim, e-post: einar.solheim@helse-forde.no

ParaStop-studien

Om studien:
Studien undersøkjer den smertestillande effekten av legemiddelet paracetamol ved behandling av smerter hos kreftpasientar som samtidig bruker morfinhaldig medisin.

Paracetamol vert brukt for å lindre kreftsmerter, ofte i kombinasjon med morfinpreparat. Morfinpreparat (også kalla opioidar) har ein annen verknadsmekanisme enn paracetamol og er sterkare smertestillande medisin. Sjølv om desse medikamenta ofte vert brukt i kombinasjon, er det usikkert kor stor tilleggseffekt paracetamol gir i behandling av kreftsmerter. I denne studien vert det undersøkt om omtrent same smertelindring oppnåast med morfinpreparat åleine. I så fall vil det være gunstig for pasientane å sleppe å måtte ta paracetamol.

Totalt vil du delta i studien i åtte dagar, i tillegg til ein oppfølgingssamtale per telefon 3-7 dagar etter siste besøk på sjukehuset. Deltakarane i studien vert fordelt tilfeldig i to grupper (randomisering), og ei datamaskin avgjer kva for gruppe du skal tilhøyre. Medan du mottar behandlinga vil verken du eller studiepersonalet vite kva for gruppe du høyrer til og difor heller ikkje kva for behandling du mottar. Deltakarane vert trekt ut til behandling i
• gruppe 1 får studiemedisin/tablettar som inneheld paracetamol
• gruppe 2 får studiemedisin/tablettar utan aktivt innhald (placebo)
Studiemedisinen ser lik ut for begge grupper.

Les meir om studien:
ParaStop-studien

Kven kan delta:
Pasientar med ein kreftsjukdom som brukar paracetamol saman med morfinpreparat som behandling mot kreftsmerter.

Informasjon om deltaking:
Studien er open for inkludering frå 20.09.2022

Kontaktinformasjon:
Dette er ein nasjonal multisenterstudie som er leia frå Oslo Universitetssjukehus. Nasjonal prosjektleiar er Ørnulf Paulsen ved Telemark sjukehus, Telefon: 33003500, e-post: paor@sthf.no

Lokal kontaktinformasjon:
Lokal prosjektleiar: Liv Jorunn Vassbotn, e-post: liv.jorunn.vassbotn@helse-forde.no
Forskingskoordinator: Kristin Vassbotn Guldhav, e-post: kristin.vassbotn.guldhav@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Annelin Fagerstrøm, e-post: annelin.elizabeth.hennessy.fagerstrom@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ida Juklestad, e-post: ida.juklestad@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ann-Kristin Norstrand Hauken, e-post: ann-kristin.norstrand.hauken@helse-forde.no

LUNGVAC-studien

Studien undersøkjer effekt og sikkerheit av UV1-vaksine i kombinasjon med standardbehandling med immunterapi vs. standardbehandling med immunterapi åleine, for behandling av pasientar med ikkje-småcella lungekreft

Om studien:
Ikkje små-cella lungekreft er ei av dei vanlegaste formene for lungekreft i Noreg, og det er nødvendig å finne meir effektiv behandling for denne pasientgruppa. Kreft er ein sjukdom som mellom anna skuldast ukontrollert cellevekst. I dei fleste kreftceller, deriblant ved lungekreft, finst enzymet telomerase (hTERT) som gjer at kreftceller kan gjennomgå eit ubegrensa tal celledelingar. Det er haldepunkt for at immunsystemet kan stimulerast til å kjenne igjen og drepe celler som har telomerase-enzymet. Basert på denne kunnskapen er det utvikla ei vaksine, UV1, som kan stimulere immunsystemet til å angripe celler i kroppen som har telomerase-enzymet i seg.
Standardbehandling med immunterapien pembrolizumab har til hensikt å aktivere immunsystemet til å angripe kreftcellene for å stabilisere eller redusere kreftsjukdomen.
Hensikta med studien LUNGVAC er å undersøkje om behandling med UV1-vaksine gitt saman med dagens standardbehandling med immunterapi (pembrolizumab) vil ha ein betre effekt på sjukdomen din, enn standardbehandling med immunterapi gitt åleine.

Dersom screeningundersøkingane bekreftar at du kan delta i studien, vil du kunne starte med behandling.
Du vil bli tilfeldig trekt ut til ei av to forskjellige behandlingsgruppene ved hjelp av eit elektronisk dataprogram (randomisering). Det betyr at korkje du eller studielegen kan velje kva for behandlingsgruppe du blir plassert i. Du vil ha ein lik (1:1) sjanse for å vere i behandlingsgruppe A eller B.
• Behandlingsgruppe A: UV1 vaksine + standardbehandling med immunterapi (pembrolizumab)
• Behandlingsgruppe B: Standardbehandling med immunterapi (pembrolizumab)

UV1 (kun arm A)
Du vil få tre UV1-vaksinar den første veka, ein vaksine den andre veka, og deretter ytterligare fire vaksinar fordelt på dei neste 11 vekene. Totalt får du 8 UV1-vaksinar. Behandling med UV1 gis i huda (intradermalt) i ei dose på 300 μg.
Før kvar UV1-injeksjon (10-15 minutt) vil det på same sted som vaksinen setjast ein injeksjon med Leukine® (GM-CSF) i ein dose på 75 μg. Leukine® brukast for å forsterke verknaden av vaksinen.

Standardbehandling med pembrolizumab (arm A og B)
Standardbehandlinga du vil få er pembrolizumab og gis som intravenøs infusjon. Du vil få ei dose på 200 mg kvar 3. veke de første 13 vekene. Deretter vil du enten fortsette på 200 mg kvar 3. veke, eller gå over til 400 mg kvar 6. uke i henhold til standardbehandling for din sjukdom. Det vert bestemt av din studielege.

Total behandlingstid i studien er inntil 13 veker, men dette vil vere avhengig av effekt av behandlinga. Etter studielegens vurdering, kan det hende at du kan fortsetje standardbehandling med pembrolizumab, sjølv om du må avslutte behandling med UV1-vaksinen.

Les meir om studien:
LUNGVAC-studien

Kven kan delta:
Du kan bli førespurt om å delta i denne studien dersom du har krefttypen ikkje-småcella lungekreft. Andre kriterium for deltaking vil bli gjennomgått av studielegen.

Informasjon om deltaking:
Studien er open for inkludering frå 01.10.2022

Kontaktinformasjon:
Dette er ein nasjonal multisenterstudie som er leia frå Vestre Viken HF, Drammen sjukehus. Nasjonal prosjektleiar er: Odd Terje Brustugun, Telefon: 32862464, E-post: OTR@vestreviken.no

Lokal kontaktinformasjon:
Lokal prosjektleiar: Rune Hørgård Tilseth, e-post: rune.horgard.tilseth@helse-forde.no
Forskingskoordinator: Kristin Vassbotn Guldhav, e-post: kristin.vassbotn.guldhav@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Annelin Fagerstrøm, e-post: annelin.elizabeth.hennessy.fagerstrom@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ida Juklestad, e-post: ida.juklestad@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ann-Kristin Norstrand Hauken, e-post: ann-kristin.norstrand.hauken@helse-forde.no

Selinexor med Alternerende Bortezomib og Lenalidomid pluss dexametason til nydiagnostiserte pasienter med myelomatose som ikke er aktuelle for høydosebehandling med autolog stamcellestøtte (SABLe)

Dagens standardbehandling for nydiagnostiserte pasientar med myelomatose som ikkje er kandidatar for høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte er bortezomib, lenalidomide, dexametason (VRD). Selinexor er ein exportin 1 (XPO)-hemmar med effekt både åleine og i kombinasjonsbehandling med bortezomib og lenalidomide.

Om studien:
Dette er eit forskingsprosjekt som inneber utprøving av legemiddelet Selinexor (Xpovio®) i kombinasjon med legemidlar som vert brukt i dagens standardbehandling av nydiagnostisert beinmargskreft (myelomatose). Formålet er å undersøkje om kombinasjonen av selinexor-dexametason med alternerende bortezomib og lenalidomid gir ein høgare grad av sjukdomskontroll etter innleiande behandling enn standardbehandling med bortezomib-lenalidomid-dexametason.

For å kunne forbetre behandlinga av nydiagnostisert beinmargskreft, vil vi gjerne prøve ut effekten av selinexor som ein del av den første behandlinga som vert gitt. Selinexor er i USA eit godkjent legemiddel til behandling av beinmargskreft i kombinasjon med dexametason. Ein pågåande studie har vist effekt av selinexor i kombinasjon med bortezomib og lenalidomid på beinmargskreft og at kombinasjonen er sikker.

Forsøket består av opp til 16 behandlingssyklusar à 4 vekers varigheit, i alt 64 vekers behandling, med moglegheit for forlenging ved forseinkingar undervegs, t.d. pga. innleggingar, infeksjonar eller anna. I kvar behandlingssyklus vil du få ein kombinasjon av selinexor-dexametason med alternerande (annakvar syklus) bortezomib og lenalidomid (forsøksbehandling). Etter den innleiande behandlinga på 64 veker, vil behandlinga trappast ned til vedlikehaldsbehandling/kontinuert behandling.

Les meir om studien:
SABLe

Kven kan delta:
For at du skal kunne delta må du ha nydiagnostisert behandlingskrevjande beinmargskreft og av din behandlande lege vere vurdert eigna til standardbehandling med bortezomiblenalidomide-dexametason, men ikkje eigna til høgdosebehandling med autolog stamcelletransplantasjon.

Informasjon om deltaking:
Studien er open for inkludering frå 01.10.2022

Kontaktinformasjon:
Forsøket vert utført av Nordisk Myelomatose Studie Gruppe på sjukehusavdelingar som behandlar blodsjukdomar (hematologiske avdelingar) i Noreg og Danmark. Den ansvarlege lege for forsøket er Ida Bruun Kristensen, Odense Universitetshospital, Odense, Danmark.

I Noreg er studien leia frå Oslo Universitetssjukehus. Nasjonal prosjektleiar er Fredrik Hellem Schjesvold, Telefon: 99697796, E-post: fschjsv@ous-hf.no

Lokal kontaktinformasjon:
Lokal prosjektleiar: Damian Szatkowski, e-post: damian.lukasz.szatkowski@helse-forde.no
Forskingskoordinator: Kristin Vassbotn Guldhav, e-post: kristin.vassbotn.guldhav@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Annelin Fagerstrøm, e-post: annelin.elizabeth.hennessy.fagerstrom@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ida Juklestad, e-post: ida.juklestad@helse-forde.no
Studiesjukepleiar: Ann-Kristin Norstrand Hauken, e-post: ann-kristin.norstrand.hauken@helse-forde.no

 

Nyheiter om kliniske studiar-prosjekt i Helse Førde

Her kjem nyheiter om kliniske studiar-prosjekt.

 

Kontakt

For meir informasjon, kan du kontakte:

Anne Solveig Tråseth (Studiekoordinator for kliniske studiar i Helse Førde)
John Roger Andersen (Forskingskoordinator i Helse Førde)
Runar Tengel Hovland (Forskingskoordinator i Helse Førde)

 

Hør Helse Førde sin podkast om kliniske studiar her.

Sjå MED.hjelper sin video om kva kliniske studiar er: