Disputas ved UiB 18.10.2024 «The first five session study: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists»
Kristina Osland Lavik disputerar fredag 18. oktober 2024 ved Psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga «The first five session study: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists»
Opponenter er Line Stänicke frå Universitetet i Oslo og Lennart Lorås frå Høgskulen på Vestlandet.
Prøveforelesinga er kl 09.15-10.00. Disputasen er kl 10.30 – 14.00. Både prøveforelesing og disputas finn sted på Alrek Helseklynge.
Forskinga er klinikknær og klinikkrelevant, og vil vere av stor interesse også for kliniske medarbeidarar. Kliniske leiarar vert difor oppmoda til å invitere relevante kliniske tilsette til å oververe disputasen.
Lenke til pressemelding fra Universitetet i Bergen: Korleis fremje tillit og endring tidleg i psykoterapi? | Nye doktorgrader | UiB
Vi gratulerar med komande disputas!