Forskingsgrupper
Tre forskingsgrupper er organisert under Helseforsking Sogn og Fjordane. Forskingsgruppene er felles arenaer der fag- og forskingsinteresserte kan møtast, utveksle kunnskap og idear og utvikle prosjekt på tvers av institusjonar og fagbakgrunn. Kvar gruppe har ein leiar som sjølv deltar aktivt med forsking og utvikling innan feltet. Nokre prosjekt kan inngå i fleire grupper, og fleire av forskarane vil òg delta i forskingsgrupper i andre fagmiljø i eller utanom høgskulen og Helse Førde.
Samhandling og folkehelse ledet av Ole Tormod Kleiven
Oppstart våren 2023
Meir info kjem fortløpande.
Kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenesta
Hovudmålet for forskingsgruppa er å byggje ny kunnskap og oppnå auka forståing av innhaldet i helse- og omsorgstenesta samt rolla til dei pårørande.
Persontilpassa helsetenester
Ny frå 2023.
Kjerneideen i denne forskingsgruppa er at forsking må bidra til å kome forbi eit kunstig skilje mellom det psykiske og det kroppslege og involvere heile menneske i helsetenesteløpet. Målet er å bidra med forsking av høg kvalitet og internasjonalt gjennomslag, som fører til betre og meir persontilpassa helsetenester.