Minikonferanse om helse og teknologi på Høgskulen, campus Førde, 12 juni.

Møtepunkt for helse og teknologi, fora for å utvikle samarbeidsprosjekt på tvers av helse og teknologi i HVL og HFD, arrangerar minikonferanse i Læringslabben i Høgskulebygget, 12 juni, 08.30-13.30

Påmelding ved denne lenka, frist for påmelding er 30. mai:

https://www.survey-xact.no/LinkCollector?key=Z6HR6K5LJ63N

Kven er konferansen for?

  • Alle ved HVL og Helse Førde som ønskjer å arbeide i skjæringspunktet mellom helse, digitalisering, teknologi –  og:
  • med prosjekt på tvers og i fellesskap, innanfor:
  • forsking, innovasjon, utviklingsarbeid, undervisning

Kvar ligg lista for å vere med?

  • Lågt – dette er lågterskel, og kvifor det? Jo, nokre har idéar til prosjekt, nokre har eit prosjekt (stort eller lite), nokre ønskjer å vere med i eit prosjekt, nokre ønsker samarbeid, men veit ikkje om kva heilt endå – og ønskjer å få idé til prosjekt ein kan samarbeide om. Ikkje minst må vi verte betre kjent med kvarandre – fagleg og personleg.

Kva krevst av meg?

  • Det kan til dømes vere ein presentasjon av ein A3 poster, der du sjølv legg inn noko av det som er nemnt ovanfor, og som du kan dele med andre.
  • Eller du kan vere deltakar utan å presentere noko anna enn deg sjølv

Korleis foregår dette?

  • Samtalar/presentasjonar/miniforedrag rundt fleire bord/ “øyar”.
  • Inspirasjonsforedrag
  • Vrimling og mingling

Program for dagen

8.30     Kaffi og mingling på Læringslabben
9.00     Velkomen og informasjon om dagen. Kva vil vi med minikonferansen?
9.15     Inndeling i «øyar». Bli kjent-øving og vinnarkåring.
9.35     Inspirasjonsførelesing med Joachim Vie frå Norse Feedback og Jeanette Svarstad frå Helse Førde
10.00  Kaffiprat
10.15  Presentasjonar og samsnakk på øyane
11.30  Lunsj
12.15  Informasjon om strategisk universitetssatsing innanfor helse og teknologi ved HVL, ved Yngve Lamo
12.20  Presentasjonar og samsnakk på øyane held fram
12.50  Kaffiprat
13.00  Fem minuttar oppsummering og deretter plenumsamtale mellom øyane
13.25  Oppsummering av dagen

Programmet kan verte justert avhengig av kor mange som skal presentere.