​​Kva er Norse Datacap?

  • Ei sikker og fleksibel løysing for å utvikle og administrere datainnsamling via nett
  • Kan nyttast til datainnsamling i både små og store forskings-, innovasjons- og kvalitetsprosjekt
  • Innsamlinga kan skje via PC, nettbrett og/eller mobil​
  • Kan samle inn sensitive personopplysningar for eksport til eigna lagringsstad
  • Tenesta er utvikla og drifta av Norse Feedback AS og er tilgjengeleg gjennom nettlesaren

I Norse DataCap kan du

  • Lage spørjeskjema
  • Invitere deltakarar til å svare
  • Sjå svar som har kome inn
  • Eksportere svar til egna lagringsstad

Korleis få tilgang til Norse DataCap?​

Kva er lov å lagre i Norse DataCap?

Norse DataCap er eit verktøy for å utforme og administrere datainnsamling, og skal ikkje nyttast til langtidslagring av data. Dersom du har behov for og rett til å lagre den innhenta informasjonen i ein periode, skal dette gjerast på ein stad egna for den aktuelle datatypen:

  • dersom data er anonyme, kan dei lagrast på eit ope fellesområde,
  • inneheld data personopplysningar, skal dei lagrast med eit sikkerheitsnivå tilpassa opplysningane,
  • inneheld data sensitive personopplysningar, skal dei lagrast på sikre tilgangsstyrte område, hovudsakeleg på HV IKT sin forskingsserver eller kvalitetsserver,
  • er data arkivverdige, skal dei lagrast iht. arkivreglane.

Kontakt systemoperatørar for Norse DataCap i Helse Førde for råd og rettleiing:

Janne-Merete T. Øien: jeoi@helse-forde.no,

Mobil: 97176188

Marianne Schiefloe Myklebust: I Permisjon