Kven er du?
Eg er ein mann på 42 år som er innflyttar i Førde. Eg har tre barn og ein sambuar, og likar ski, sykling, jakt, fisking og stort sett alt som inneber å vere ute. Eg er psykolog og er fagsjef for Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og eg er også forskingsgruppeleiar for forskingsgruppa for psykisk helse og rus
Kva forskar du på?
Veldig mange ting, eigentleg. Sidan eg leiar ei forskingsgruppe og rettleiar mange som tek doktorgrad både i Helse Førde, ved HVL, ved UiS, ved NTNU, ved UiB og i Danmark, i tillegg til eigne forskings- og innovasjonsprosjekt, så spenner det over mange tema. Men det begynte med psykoterapi, som eg er veldig oppteken av. Kva er det som bidreg til at psykoterapi hjelper folk og korleis det kan bli betre? Også ein del om rusavhengighet og betring. Det starta der, men på eit tidspunkt så begynte eg med det som seinare vart Norse Feedback, og etter det balla det på seg. Så no er eg involvert i forsking på psykisk helse, psykisk helse i somatiske helsetenester, teknologi i helsetenester, fedme, rus og smerte.
Kvifor er dette viktig å forske på?
Forskinga er generelt viktig fordi ho støtter noko som er veldig viktig for at helsetenester skal vere gode og bli betre – nysgjerrigheit. Det er eigentleg det forsking er. Nysgjerrigheit og måtar å finne ut av det på. Nysgjerrigheit er viktig for helsetenester fordi vi alltid må spørje oss: Kva meir er det å forstå om denne personen? Kva nytt kan eg lære av denne situasjonen. Klinikk og forsking er ganske likt på den måten – det er berre ulike metodar som brukast.
Kvifor begynte du å forske?
Fordi eg ikkje visste betre.
Kva håpar du forskinga di skal bidra til for pasientane?
Eg håper at forskinga skal bidra til at pasientar i størst mogleg grad kan møtast og forståast som heile menneske, og at den spesifikke helseutfordringa som den enkelte søkjer hjelp for forståast i lys av denne heilskapen.
Kva håpar du forskinga di skal bidra til for helsepersonell?
Eg synest det er viktig å ha det kjekt på jobb. Og eg trur fagfolk har det meir kjekt dess meir meiningsfullt dei opplever jobben sin. Og eg trur kunnskap, verktøy og hjelp til nysgjerrigheit gjer det lettare å hjelpe, og dermed oppleve meining. Så gjennom den rekka håper eg forsking skal bidra til at helsepersonell får det kjekt på jobb.