Kirsten Lerum Indrebø disputerar 21. mars 2024 for ph.d. graden med avhandlinga: Utvikling og evaluering av et klinisk tilbakemeldingssystem med pasientrapporterte data for å fremme tilpassing til å leve med stomi.

Kirsten Lerum Indrebø er første Helse Førde- tilsette som disputerar frå Campus Førde, Høgskulen på Vestlandet.

Å gjennomgå ein stomioperasjon kan påverke ein fysisk, psykisk og sosialt, og ein får derfor tilbod om oppfølging hjå stomi- og kontitenssjukepleiar etter operasjonen. For å sikre at pasienten får tatt opp dei tema som opplevast som viktige i oppfølgingsmøta, har Kirsten undersøkt om det at pasienten kan førebu seg i forkant av timen med eit digitalt spørjeskjema kan auke pasienten sin medverknad i behandlinga.

 

Eit spørjeskjema som inneheldt relevante spørsmål for ein som er stomioperert vart utvikla, og eit brukarpanel av pasientar og stomi- og kontinenssjukepleiarar delte spørjeskjemaet om tilpassing til å leve med stomi inn i sju meiningsfulle underskalaer, og statistiske testar stadfesta skalaen si samansetjing. Ein undersøkte også frekvensen av lekkasje frå stomiutstyret og kva som kunne vere årsak til dette. Dei undersøkte også korleis den enkelte tilpassa seg til å leve med stomi, kva dei største utfordringane var og korleis den helserelaterte livskvaliteten utvikla seg etter operasjonen. 

 

Ein fann at 67,6% av deltakarane hadde opplevd lekkasje frå stomiutstyret. Pasientane var svært nøgde med konsultasjonane hjå stomi- og kontinenssjukepleiarane. Ein fann at dei tilpassar seg gradvis til å leve med stomi og at den helserelaterte livkvaliten betra seg gjennom første året etter operasjonen. Men utfordringar knytt til seksualitet og lekkasjeproblematikk var framleis krevjande.

 

Les avhandlinga her: HVL Open: Utvikling og evaluering av et klinisk tilbakemeldingssystem med pasientrapporterte data for å fremme tilpassing til å leve med stomi (unit.no)

 

Om Kirsten

Kirsten er stomi- og kontinenssjukepleiar ved Kirurgisk klinikk. I tillegg til forskinga hennar opp mot doktorgraden, har ho fleire aktive forskings- og innovasjonsprosjekt knytt til stomifeltet, der alle stomipoliklinkkane i Helse Vest deltek. Professor John Roger Andersen er hovudrettleiar på doktorgradsprosjektet. Han er tilsett både i Helse Førde og på Høgskulen på Vestlandet. Medrettleiar er fagseksjonsleiar og PhD, Anny Aasprang ved Høgskulen på Vestlandet.  

Tidspunkt og stad for prøveforelesing

21.03.2024 kl 10.15- 11.15

Emne: Styrker og svakheter ved digitale kliniske tilbakemeldingssystemer sett fra pasientperspektivet.

 

Stad: Aud. Sunnfjord, Campus Førde

Prøveforelesinga kan også strøymast: https://hvl.zoom.us/j/67567861772?pwd=WVRIMURFRW0wcG11SW8xdWhnQzJtZz09

 

Tidspunkt og stad for disputas:

21.03.2024 kl 13.15- 15.30

Tittel på avhandlinga: “Utvikling og evaluering av et klinisk tilbakemeldingssystem med pasientrapporterte data for å fremme tilpassing til å leve med stomi”.

 

Stad: Aud. Sunnfjord, Campus Førde

Disputasen kan i tillegg strøymast: https://hvl.zoom.us/j/67567861772?pwd=WVRIMURFRW0wcG11SW8xdWhnQzJtZz09

 

Komité

  1. opponent: Dosent Ina Berndtsson, Högskolan Väst Trollhättan, Sverige
  2.  opponent: Førsteamanuensis Susan Saga, NTNU

      Komitéleiar: Professor Oddvar Førland, HVL

 

Leiar av disputasen

Dekan Randi Skår, HVL

Både disputas og prøveførelesning er opne for alle interesserte.