Prosjektet Norse Impact er tildelt 20 millionar kroner frå Forskingsrådet. Målet er å utvikle nye digitale løysingar som kan trå til når psykologen ikkje kan det.

Tenk deg at du slit med ein tung depresjon. Du tek kontakt med fastlegen din, som slår fast at du treng behandling frå ein psykolog. Problemet er berre at ventetida er lang. Kanskje kan det gå heile tre månader før det første møtet, kanskje meir. Slik er situasjonen ofte, og Helsepersonellkommisjonen slår fast at dette ikkje vil bli betre i framtida – snarare, langt verre.

– Vi blir ikkje fleire tilsette i helsevesenet, men talet pasientar aukar. Dermed er det meir og meir konkurranse om alle former for behandling, seier Christian Moltu, professor ved Høgskulen på Vestlandet og forskingssjef i psykisk helsevern i Helse Førde.

– Difor må vi finne måtar å gi meir behandling på som ikkje er ansikt til ansikt.

Raskt i gang med digital hjelp

Moltu og forskingsgruppa hans har lenge jobba med Norse Feedback, ein innovasjon som går ut på å planlegge og persontilpasse helsehjelp ved å bruke sjølvrapporterte data frå pasienten. Denne metoden har dei utvikla og implementert gjennom fleire år. Det nye forskingsprosjektet,  Norse Impact – Continuous digital care in mental health, er nok eit ledd i dette innovasjonsarbeidet.

Målet er at pasienten skal få ei skreddarsydd løysing for psykisk helsehjelp heimanfrå, ved hjelp av digital teknologi.

– Lat oss seie at eg blei tilvist av fastlegen til å få åtte behandlingar frå psykolog over ein periode på to månader. Men først måtte eg vente eit par månader før behandlinga kom i gong, seier Moltu.

– Kva viss eg alt då, same dagen eg gjekk frå fastlegen min, fekk ei melding med lenke på telefonen til video eller lesestoff: Sånn verkar terapi? Eller: Slik kan du takle kjenslene dine? Då kunne eg starte med det same med behandlinga mi, alt før eg kom til psykologen.

Moltu trur at slik digital hjelp kan gjere møta med psykologen langt meir givande og effektive. Pasienten vil då alt vere i gang med å takle problemet sitt, og vil kjenne seg tryggare ved å ta saka i eigne hender først.

– Sannsynlegvis vil dei også i langt større grad kunne halde oppe motet og motivasjonen til å gå i behandling, som elles ville risikere å dabbe av om dei hadde måtta vente, seier Moltu.

Tilpassa til akkurat deg

Desse digitale ressursane kan bli eit viktig grep for å skape berekraft innan psykisk helsevern. Gjennom at pasienten sjølv svarer på spørsmål om tilstanden sin, vil fastlegen eller psykologen kunne sende dei digital helsehjelp spesielt tilpassa akkurat dei. Svara vil då bli analyserte ved hjelp av Norse Feedback-teknologi og kunstig intelligens, for å finne ut nøyaktig kva pasienten trong.

– Kanskje kan Norse Feedback lære av svara at pasienten treng opplæring i avspenningsteknikk for å kunne sove betre. Eller kanskje ville analysen vise at dei treng ein håpefull video om psykoterapi, seier Moltu.

Gjennom det nye forskingsprosjektet skal dei forske på to bestemte pasientgrupper: unge med rusproblem og unge med fare for psykose. I tillegg til Helse Førde og HVL, er også NTNU og Universitetet i Stavanger involverte.

Doktorgradsstudentar på dei to plassane skal jobbe med pasientane, og prosjektet blir styrt frå Førde. Gjennom prøveintervensjonar skal dei sjå om dei digitale teknikkane fungerer for desse unge menneska med alvorlege psykiske vanskar, som elles er vanskelege for helsetenestene å nå fram til.

– Basert på data samla inn frå deltakarane, skal vi analysere kva behov dei har og lage teknologi som kan svare på dei behova, seier Moltu.

– Håpet er at dei digitale ressursane skal vere med på å gjere behandlinga kontinuerleg, utan uheldige brot som ventetid, og at dei dessutan skal styrke resultata av all anna behandling pasienten får.

Tekst skriven av Katrine Sele, rådgjevar ved Avdeling for kommunikasjon, HVL. Sak publisert etter avtale med Sele.