Disputas på HVL 29.11.23: State of the art and future prospects of motion estimation for robotic stroke rehabilitation

Gizem Ates Venås disputerar onsdag 29. november på Høgskulen på Vestland for ph.d.-grada ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Human motion estimation for human-robot cooperation».

Robotar er betre på repetitive oppgåver som krev presisjon, medan menneske framleis er betre på problemløysing og til å ta avgjerder. Ved å kombinere styrkane til både menneske og robotar kan ein oppnå betre produksjonsløysingar, særleg for små og mellomstore bedrifter.

Tittel på prøveforelesinga er: State of the art and future prospects of motion estimation for robotic stroke rehabilitation”.

Les meir om avhandinga og disputasen i vedlagt lenke. Ein kan også delta på zoom.

Vi gratulerar med komande disputas, og det er eit viktig bidrag inn på innovasjonsområdet og anvendt nytte opp mot helsetilbodet!