Helse Førde har fått innovasjonsmidlar
Helse Førde fekk i år tilslag på to av søknadane om innovasjonsmidlar gjennom Helse Vest. Årleg vert det sett av ein pott i Helse Vest RHF til å stimulere til innovasjon i dei ulike foretaka. Prosjekta Samhandlingsbarometeret og NORSE fekk i år til saman 850.000 kroner. Dermed sikra Helse Førde seg ein solid andel av årets tildelingar.
Senter for helseforsking har tatt ein prat med dei to prosjektleiarane Christian Moltu og Emma Helene Bjørnsen.
– Gratulerer med tildelinga! Kva betyr desse pengane for ditt prosjekt?
Christian: Takk! prosjektet vårt har tatt fart i det siste. Både på heimebane, der mange ulike personar jobbar godt med å få det kliniske systemet inn i poliklinikk og sengepost, men også på bortebane, der vi møter både nasjonal og internasjonal fagleg interesse. Å få innovasjonspengar akkurat no gjer at vi kan løyse ut meir av potensialet som ligg i dette, for å betre tenestene til pasientane våre.
Emma: Takk, det var veldig kjekt at prosjektet vårt fekk pengar! Tildelinga betyr at vi har ressursar til å vidareutvikle Samhandlingsbarometeret både når det gjeld innhald og måten vi kan oppdatere og publisere data på. Dette er viktig for bruken av barometeret.
– Kan du på ein enkel måte forklare kva prosjektet ditt handlar om?
Christian: Sjølvsagt. Pasientane svarar på persontilpassa kliniske instrument om korleis dei har det, og om kva behov dei har i behandling, og om korleis behandlinga verkar, før timar, eller ein gang i veka når dei er innlagt. Ut frå desse svara lagar vi kliniske profilar og rapportar som behandlarar kan nytte saman med pasienten i behandlingsplanlegging- og gjennomføring. Det er synt at slike kliniske system kan gje betydeleg betre behandlingsresultat, spesielt for dei som har dei mest komplekse lidingane. Systemet som vi har utvikla er i tillegg dynamisk, det lærer aktivt, og tilpassar seg den einskilde pasient sin lidings- og ressursprofil. Dette er altså ei form for personalized medicine i Psykisk helsevern.
Emma: Samhandlingsbarometeret.no publiserer informasjon med føremål å styrke det felles kunnskapsgrunnlaget mellom Helse Førde HF, kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Samhandlingsbarometeret er èin portal inn i aktuell styringsinformasjon med relevante indikatorar der data blir henta frå ulike kjelder (NPR, KOSTRA, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, særskilte undersøkingar mm.) Portalen formidlar relevant forsking frå eigne forskingsmiljø. https://www.samhandlingsbarometeret.no/webview/
Helse Førde har utvikla den første versjonen av barometeret ilag med kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. No har også andre delar av regionen og delar av Helse Nord teke i bruk verktøyet. Helse Bergen og Haraldsplass nyttar barometeret med nokre indikatorar, og er i gang med utviding. Det same gjeld Helse Nord ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge (UNN), der målet er å kople på alle føretaka og kommunane i regionen. I vår region har også Helse Fonna synt interesse.
– Kva skal pengane brukast til?
Christian: Pengane skal brukast til å tilsette eit menneske som skal hjelpe oss med å utvikle prosjektet vidare, å drive med opplæring, og å koordinere alle tinga som skjer. Utlysinga kjem snart, og vi er ute etter ein høgt kvalifisert ressursperson som ønskjer å bidra til nytenking og utvikling. I første omgang ei full stilling i eitt år, med moglegheit for forlenging endå eitt år.
Emma: Det eine vi skal gjere er å legge indikatorar på folkehelseområdet inn i barometeret. Desse treng kommunane når dei lagar sine helseovervakingsdokument. Kommunane ønskjer eit utval av relevante data om demografi, oppvekst og levekår, og skader og ulykker mm, og at desse er tilgjengeleg ein stad. Dette er data som skal ligge i botn for planlegging og organisering av kommunale tenester for å fremme psykisk og somatisk helse i befolkninga, og som også skal bidra til å forbetre og styrke samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelseteneta. Vi kjenner ikkje til at slike data er samla andre stadar. Å bidra med kunnskap i folkehelsearbeidet er viktig også for spesialisthelsetenesta, og metodikken her vil kunne nyttast andre stader.
Det andre vi skal gjere er å fremje samhandlingsbarometeret overfor dei andre helseføretaka i Helse Vest og i Helse Nord. I dag har Helse Bergen, Haraldsplass og Universitetssykehuset i Nord-Norge (UNN) teke i bruk barometeret med eigne data, og målet er altså at alle føretaka skal bruke det.
– Kor viktig er det for Helse Førde at vi når opp i konkurransen om slike innovasjonsmidlar?
Christian: Ein svært viktig ting for oss i Helse Førde er å trekke til oss dyktige fagfolk, og å involvere desse i å utvikle faget her, slik at arbeidet vert vedvarande meinigsfullt. Då får vi den skapande kompetanseorganisasjonen vi treng. Å få regional, nasjonal og internasjonal anerkjenning er viktig for å oppnå dette. Å få anerkjenning for innovasjonar, og å byggje på aktiv forsking på godt nivå, er også del i dette. Slik sett er det viktig.
Og heilt konkret: pengar ser ikkje ut til å vekse på tre lenger, nokon stad. Å hente inn utanfrå gjer oss dermed i stand til å tilsette eit menneske vi elles ikkje ville hatt. Og det er det det heile står og fell på til slutt. Å få tak i dyktige menneske og stille høge faglege krav til dei.
Emma: Eg tenkjer det er veldig viktig, både fordi prosjekta som får tildelinga treng pengane for å kunne realiserast, men også fordi ein motiverer andre om å søkje seinare. Dessutan seier tildelinga mykje om kvaliteten på prosjektet vårt fordi søknadsmassen er stor og nålauget trangt: berre dei beste prosjekta når opp!
Senter for helseforsking gratulerer og ønskjer lukke til med det vidare arbeidet!