Disputas 21.03.2024: Klinisk tilbakemeldingssystem for å fremme tilpassing til å leve med stomi

Disputas på HVL 29.11.23: State of the art and future prospects of motion estimation for robotic stroke rehabilitation

Samarbeid om eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde har starta prosjekt Campus Vie i lag fordi dei har mange like utfordringar og behov i framtida. Ein felles arena for å løyse oppgåver innan utdanning, forsking og innovasjon vil gje eit løft for organisasjonane og vil bidra til auka attraktivitet i høve rekruttering til regionen.

 

Det har i fleire år vore ønske om felles bygg, samarbeid om infrastruktur og samlokalisering av fagmiljø. Prosjekt Campus Vie byggjer vidare på eit forprosjekt som vart sluttført desember 2021. I forprosjektet såg ein på moglege løysingar for bruk av areal i eksisterande bygg på Vie kombinert med moglege nybygg. Det vart også løfta fram nokre konkrete behov partane ynskjer inn ein fellesarena i framtida. Dette gjeld felles areal til:

  • utdanning og opplæring,
  • simulering og ferdigheitstrening,
  • forsking og innovasjon,
  • møte og kursverksemd,
  • senter for fysisk aktivitet a la Energisenteret i Bergen,
  • bibliotek og liknande.

Det er opning for at andre funksjonar kan spelast inn. I hovudprosjektet skal partane dykke djupare inn i arbeidet og definere meir konkret kva funksjonar og behov som bør med i framtidas Campus Vie.

 

Viktig for utviklinga

Prosjektet er godt forankra i toppleiingane hjå dei fire partnarane. Rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet, er glad for den felles krafta ein kan få til i dette samarbeidsprosjektet.

– For HVL er det særs viktig å tilby utdanning av fagleg høg kvalitet i gode og framtidsretta lokale. Deling av areal og fasilitetar med både UiB, Helse Førde og Sunnfjord kommune handlar om mykje meir enn fornuftig ressursbruk. Dette kan bli eit nytt kraftsenter for kunnskap og nyskaping og gje ein attraktiv tilleggsdimensjon for både studentar og tilsette, seier Gunnar Yttri.

 

Legeutdanning i Førde

Universitetet i Bergen (UiB) jobbar for å realisere ei desentralisert legeutdanning i samarbeid med Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. Studentane vil starte utdanninga si i Bergen for så å fullføre dei siste åra på ein av dei tre studiestadene. Stavanger Universitetssjukehus er pilot for ordninga som har fått namnet Vestlandslegen. Hausten 2023 tok Stavanger i mot dei første medisinarstudentane som vil fullføre legeutdanninga der.

-Framleis er det mykje som skal på plass før vi er klare til å tilby legeutdanning i Førde, fortel Per Bakke, dekan for det medisinske fakultetet ved UiB. – Mellom anna vil UiB ha behov for tilgang på areal til ulik form for undervisning, forsking og kontor. Vi ser det som særs positivt å samarbeide for eit felles campus. I tillegg til at det heilt konkret legg til rette areal som vil dekke våre funksjonsbehov, så vil ei slik samling av fagmiljø auke attraktiviteten for dei som skal studere der. Eit større og meir tverrfagleg miljø vil vere veldig positivt for det samla studentmiljøet i Førde, seier Bakke.

 

Ingeniør- og helsefagutdanninga i Førde er eit godt utgangspunkt

Med fleire eldre og færre til å jobbe i helsesektoren veit alle at helsetenestene er og blir under stort press. For å møte morgondagens utfordringar må alle gode krefter gå i lag om å skape nye gode løysingar. Bruk av teknologi og omfordeling av oppgåver i helsetenestene er berre nokre av stikkorda. Alle nasjonale rapportar og føringar peikar på at vi må samarbeide til pasientens beste. Når kompetanse og kreativitet frå utdannings- og forskingsinstitusjonar, næringsliv, kommunane og frivilligheita går i lag, så ligg forholda til rette for at vi saman kan bidra til å løyse samfunnsoppgåver. Samlokaliseringa Campus Vie skal bli ein slik felles arena for nyskaping gjennom deling av kunnskap, erfaring og kompetanse.

Ved Høgskulen på Vestlandet i Førde vert det utdanna både sjukepleiarar og ingeniørar. I tillegg til bygg-, elektro-, automasjon- og IT-utdanning, har HVL klart å bygge opp eit spennande robotikkmiljø lokalt. Kombinert med nærleik til sjukehuset og eit framoverlent næringsliv, ligg forholda til rette for å få meir forsking og nyskaping ut av denne tverrfaglege profilen.

 

Rekruttering til Sunnfjord

– Dette er ei strategisk viktig satsing i utviklinga av Førde som ein attraktiv studentby. Kompetanse, utdanning, forsking og innovasjon er nøklane til ei berekraftig framtid. Utvikling og etablering av eit framtidig Campus Vie vil styrke fagmiljøa og bidra positivt til rekruttering av både studentar og nyutdanna til vår region, seier Trond Ueland, leiar næring- og samfunnsutvikling Sunnfjord kommune.

 

God grunnmur og gjensidig avhengigheit

Under paraplyen Helseforsking Sogn og Fjordane har Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet over fleire år samarbeidd både med kommunane og Universitetet i Bergen om ulike forsking og innovasjonsprosjekt.

Sjukepleieutdanninga i Førde vart etablert for meir enn 40 år sidan, og naturleg nok vart den lagt «vegg-i-vegg» med sjukehuset. Dette har vore ein viktig berebjelke for rekruttering i regionen, både av studentar og fagpersonell. Over mange tiår har også Helse Førde og Universitetet i Bergen jobba godt i lag om å tilby praksis for legestudentar. Campus Vie-satsinga byggjer vidare på denne grunnmuren.

– At UiB no satsar på legeutdanning i distrikt vil styrke rekrutteringa enno meir, og ikkje minst gje Helse Førde eit enno sterkare og breiare fagmiljø innan helse, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde. Samstundes strekar han under kor viktig det er at organisasjonane no går saman om å legge til rette for eit sterkt tverrfagleg miljø der fagfolk frå ulike disiplinar innan helse- og teknologifag får jobbe i lag.

– Med dei utfordringane som helsesektoren står ovanfor, så er vi rett og slett gjensidig avhengige av kvarandre for å løyse morgondagens utfordringar, avsluttar Varden.

 

 

Vidare arbeid med prosjekt Campus Vie

Gro Rukan er tilsett som prosjektleiar og det er sett ned ei stor prosjektgruppe på tvers av organisasjonane. I arbeidet framover vert det jobba for å få alle gode innspel på bordet slik at ulike behov og moglegheiter vert ivaretatt best mogleg, og såleis få lagt eit godt grunnlag for synergiar og kraft i ei slik samlokalisering som partane jobbar for å få realisert.

 

For innspel eller meir informasjon om satsinga kontakt:

 

 

Gro Rukan, prosjektleiar,

913 21 392, gro.rukan@helse-forde.no

 

 

 

Å bli skrøpeleg: eldre og deira pårørande sine erfaringar

Bente Egge Søvde Foto: Katrine Sele, HVL

Bente Egge Søvde disputerer 1.9.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Lived experiences of frailty among home-dwelling older people and family caregivers».

Avhandlinga byggjer på tre artiklar om heimebuande eldre og deira pårørande sine erfaringar med skrøpelegheit og omsorg.

Den første artikkelen utforska korleis eldre erfarte å leve med ein skrøpeleg kropp. Funna viste at deltakarane måtte tilpasse seg omgjevnadene etter kvart som kroppen mista sin tidlegare kapasitet. Å leve med ein kropp i stadig endring kravde at den eldre personen balanserte det sterke og det skrøpelege i seg sjølv. Dei gav ikkje opp, men fann nye strategiar for å leve meiningsfulle liv. Ulike aktivitetar var avgjerande for å bevare kjensla av å vere seg sjølv. Resultata viste og at å bruke eigne ressursar og få støtte av andre, som familie og helsepersonell, var avgjerande for å handtere livssituasjonen.

Den andre artikkelen undersøkte korleis skrøpelege eldre erfarte å bu heime samtidig som dei vurderte å flytte til eller søkje plass på sjukeheim. Resultata viste at tidlegare korttidsopphald hadde vore til hjelp, men gav lite høve til personleg tilpassa aktivitetar. Funna viste kva heimen betydde for dei eldre. Å bli skrøpelegare og risikere å flytte frå heimen sin vart vanskeleg for både den eldre og dei pårørande.

Den tredje artikkelen handla om pårørande si erfaring med å gi omsorg til skrøpelege heimebuande eldre. Dei måtte handtere endringar i eigne framtidsutsikter når omsorgsrolla vart omfattande. Pårørande ønskte å sikre at dei eldre hadde det bra og var trygge både her og no, og framover i tid, når dei måtte delegere omsorga til andre. Å vere pårørande kunne overvelde kapasiteten deira, sjølv om dei prøvde å førebu seg.

Avhandlinga gir ny innsikt i eldre og pårørande sine perspektiv, som kan bidra til å forstå behova til eldre som lever med skrøpelegheit, og korleis ivareta og samarbeide med pårørande.

Bente Egge Søvde (f.1978) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet, (2001) og fullførte helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2013. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Jorunn Drageset, UiB og HVL. Professor Anne Marie Sandvoll, HVL  og førsteamanuensis Eli Natvik, HVL og Helse Førde  er medrettleiarar. Bente Egge Søvde arbeider ved Institutt for helse- og omsorgsfag, HVL, Campus Førde.

Prøveforelesning 1.9 kl. 10.15–11.15

Oppgitt emne: Skrøpelighet hos eldre, implikasjoner for fremtidens helsehjelp til eldre og deres pårørende

Stad: Haukeland Universitetssykehus,  Armauer Hansens hus, Auditorium AHH

Disputas 1.9. kl. 12.15–15.30

Stad: Haukeland Universitetssykehus,  Armauer Hansens hus, Auditorium AHH

Helseforsking Sogn og Fjordane gratulerer!

Er du på jakt etter ei spennande stipendiatstilling?

Gjennom Høgskulen på Vestlandet utlyser PERSONFORSK ei stipendiatstilling knytt til alkoholbruksliding hjå pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi, med hovudmål å bidra med forsking av høg  kvalitet som fører til meir  persontilpassa helsetenester.

Stipendiatstillinga inngår i prosjektet Førebygging og handtering av alkoholbruksliding hos pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi.

Stillinga vil inngå i ein tidsramme på tre år, alternativt 4 år, der  25% inneheld pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrativt arbeid.

PERSONFORSK har eit breitt fagmiljø i Noreg og internasjonalt, med fokus på helsehjelp der samanhengen mellom psykiske, somatiske, sosiale ressursar eller vanskar er avgjørande.

Høyrest dette interessant ut, så gjerne ta ein nærmare titt på stillingsutlysinga nedanfor:

PhD-stilling knytt til alkoholbruksliding hjå pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi

 

Høgskulen på Vestlandet utlyser 6 stipendiatstillinger innen akutt og kritisk sjuke

Høgskulen på Vestlandet utlyser 6 stipendiatstillinger innen akutt/ kritisk sjuke.

Arbeidsplass vil enten vere Campus Førde, Bergen, eller Haugesund. Alle prosjekt skal ha rettleiar frå eit av dei tre helseforetaka: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna (Sjå lenker under for ytterligare informasjon om prosjekta og kontaktperson).

  1. Betre pasienttryggleik ved å inkludere pasientrapporterte data i kunnskapsgrunnlaget i behandlinga til personar som får kirurgisk behandling for alvorleg fedme ved norske sjuehus
  2. Health literacy and medication adherence aft
  3. Delirium as an indicator of patient safty and quality of hospital care in elderly patients in need of advanced heart surgery or intervention in hospital settings
  4.  Development and validation of tools assessing quality of checklist and teamwork performance in operating theaters
  5. Intensivpasientar med COVID-19 – ein oppfølgingsstudie av mental og fysisk helse
  6. Investigation of factors influencing on morbidity and mortality within surgery and anaesthesia
  7. Patient Safty Culture in peri-operative care
  8. Investigation of factors influencing on morbidity, mortality or patient reported outcomes within intensive care

Sjå vedlagt  link for komplett utlysingstekst og for å søke på ein av stillingane:

Stipendiatstillingar innan akutt/kritisk sjukeer acute illness

Er du vår nye framtidsretta PhD-kandidat? Vi gir stipendgaranti!

Helse Førde utlyser PhD-stipend i 50% stilling over 6 år 

Stillinga inngår i forskingsgruppa Persontilpassa helsetenester, og skal vere kombinert med klinisk/faglig arbeid i Helse Førde. Vi brenn for forsking av ypparste kvalitet og klinisk nytteverdi, og som bidreg aktivt inn i vårt forskingsmiljø. PhD-prosjektet skal passe tematisk og metodisk med det fokus som er definert for forskingsgruppa Persontilpassa helsetenester(PERSONFORSK).

Søkjar må sende inn prosjektskisse. Meir utfyllande opplysningar om stillinga, krav til prosjektskissa, og formalkrav er definert i stillingsannonsen nedanfor:

Stipendgaranti for doktorgradsløp i Helse Førde – 50%

Invitasjon til miniseminar om risikofaktorar for osteoporose og brot

Går du med ei lita forskarspire i magen?

Då må du melde deg på dette miniseminaret på sjukehuset!

Onsdag 15.mars kl 12-14.45, Møterom C, 3.etasje, Revmatologisk poliklinikk

 

Forsking på data frå FABB-studien: Risikofaktorar for osteoporose og brot

FABB-studien er ein case kontroll studie som inkluderte 397 pasientar over 40 år med akutt brot i ankel eller distale radius i Helse Førde i perioden mars 2014 til januar 2017. Vi undersøkte òg 199 kontrollar frå Sogn og Fjordane fylke, som aldri hadde hatt brot.  Studien var basis for mi doktorgradsavhandling frå Juni 2021: “Risk factors for fracture and fracture severity of the distal radius and ankle”. Og no er det tid for å fortsette forskinga på dei store mengdene gode innsamla data vi har! Vi ønsker og å lage ei plan for utnyttig av biobanken, der det er lagra prøver av serum og fullblod på alle dei nær 600 deltakarane.

 

Vi har ei database som inneheld data frå kvalitetssikra omfattande spørjeskjema med informasjon om mellom anna tidlegare sjukdommar, kosthald, kosttilskot, medikamentbruk, grad av fysisk aktivitet og forbruk av røyk og alkohol. Vi har resultat frå beintettheitsmåling av hofter og korsrygg på alle deltakarar, og resultat på følgande blodprøver: LPK, Hb, SR, s-elfo, s-Ca, albumin, PTH, 25-OH vitamin D, transglutaminase 2, TSH, ALP, ALAT, ASAT, ferritin, folat, IgA, og på menn i tillegg s-testosteron, LH og FSH. Klassifikasjon av brota er og utført (Danis- Weber-klassifikasjon av ankelbrot og AO av radiusbrot. Det vart tatt CT av 68 % av radiusbrota i tillegg til røntgen.

 

Program

Kl 12.00 – 12.30:  Lunsj og velkomen!                                                                           Anja Myhre Hjelle

Kl 12.30 – 12.50:  Presentasjon av tidlegare forskning og forskingsgruppa               Anja Myhre Hjelle

Kl 12.50 – 13.00:  Klinisk forsking i Helse Førde                                                          Anne Solveig Tråseth

Kl 12.45 – 13.30:  Forslag til prosjektpakkar med delprosjekt                                  Anja Myhre Hjelle

  • Pakke 1: Kronisk inflammasjon, aldring og osteoporose
  • Pakke 2: Predikatorar for osteoporose og brot
  • Pakke 3: Distale radius frakturar: faktorar for brottype, behandling og prognose

Kl 13.30 – 13.45: Pause, frukt og kaffi

Kl 13.45 – 14.30: Open diskusjon rundt bordet

Kl 14.30 – 14.45: Oppsummering

 

Vi gleder oss til å møte også deg som ikkje har drive med forsking tidlegare, enten du er lege, sjukepleiar eller tilhøyrer ei anna yrkesgruppe. Er du interessert i forsking, er akkurat DU spesielt velkomen! Ta gjerne kontakt på anja.myhre.hjelle@helse-forde.no om det er noko du lurer på. Vi set pris på beskjed om du kjem, og om du ønsker å delta digitalt. Ellers kjem du berre innom!