Livskvalitet på nynorsk
Tusen 10-åringar testa eit spørjeskjema om livskvalitet. Resultata er publisert i «Health and Quality of Life Outcomes».
Spørjeskjemaet som måler fysisk velvære, psykisk velvære, kontakt med familie, vener og trivsel på skulen, bestod alle testane som vert krevd for å kunne seie at det kan brukast til livskvalitetsforsking. Skjemaet er også gjort tilgjengeleg på mange ulike språk rundt om i verda, noko som gjer komparative analysar mogleg, seier førsteforfattar av studien John Roger Andersen.
For første gong er det no tilgjengeleg eit solid uttesta spørjeskjema for måling av livskvalitet for barn og ungdom på nynorsk. Resultata som er publisert i tidsskriftet «Health and Quality og Life Outcomes», viser at den nynorske versjonen av «Kidscreen-27», fungerte svært godt for dei vel tusen 10-åringane som var med i studien.
-Vi kan no undersøke kva faktorar som er forbunde med god livskvalitet hos barn og ungdom med metodar vi veit held svært høg kvalitet. For oss er det dessutan svær viktig å kunne tilby gode spørjeskjema på nynorsk til dei som føretrekk dette, for det er ei mangelvare i dag, seier Andersen. Studien er ein del av forskingsprosjektet Active Smarter Kids, og i tillegg til John Roger Andersen er Gerd Karin Natvig, Turid Skrede, Kristin Haraldstad, Eivind Aadland og Geir Kåre Resaland forfattarar av artikkelen.
Psychometric Properties of the Norwegian Version of the Kidscreen-27 questionnaire