Studentar presenterte velferdsteknologi i Polen
Tekst og bilete: Hans Jakob Reite
Fire av studentane ved ingeniørutdanninga på Høgskulen la fram bacheloroppgåvene sine på ein konferanse ved Silesian University of Technology forrige veke.
– Eg fekk nett melding frå Polen om at dei ville ha studentane våre med på ein ny konferanse, smiler ein stolt førstelektor Marcin Andrzej Fojcik, som underviser på ingeniørstudiet.
Simon Buvarp var aldri i tvil om at han skulle gripe sjansen til å delta, medan Hans Olav Tuften, Marius Nordnes Blom og Børge Godejord ikkje bestemte seg før dei såg at bacheloroppgåva nesten var i hamn.
– Eg la vekt på moglegheita for personleg utvikling, og kasta meg på i siste liten, seier Børge.
Polsk doktorgrad kontra bachelor frå Førde
Konferansen handla om medisin og teknologi. Presentasjonane til dei fire HiSF-studentane var prega av praktisk tilnærming og fagleg breidde, medan dei polske doktorgradsstudentane var fagleg smale og særs teoretiske.
– Det var som om vi presenterte alle prosessane langs samlebandet, medan dei polske stod på éin plass, forklarer Hans Olav.
Simon si oppgåve handlar om utvikling av ein teknologisk «stifinnar» for å finne fram på Sentralsjukehuset i Førde, medan dei tre andre skriv om rehabilitering ved hjelp av ein robotarm. Med på turen var også seksjonsoverlege Pawel Mielnik frå Helse Førde.
– Studentane var flinke å legge fram stoffet, og dei snakka slik at det tverrfaglege kom godt fram også for helsepersonalet på konferansen, skryt faglærar Marcin.
Inspirasjon og språkmeistring
– Det mest motiverande var å få presentere oppgåva si på engelsk. Vi opplevde at vi meistra det felles engelske fagspråket, seier Marius.
– Ja, hadde vi visst det vi no veit, så hadde vi spurd høgskulen om å få halde bachelorframlegginga på engelsk også i Førde, skyt Simon inn.
Studentane vart inspirert til å lære meir. Både til å gå vidare akademisk, og til å ta i vare den faglege breidda.
Sosialt på kveldstid
Studentane synest det var stas å diskutere fag med polakkane uformelt på kveldstid. Og når spenninga med presentasjonane var utløyst, vart det også tid til moro. – Vi vart tatt særs vel imot av arrangørane av konferansen, avsluttar studentane, og oppfordrar neste års avgangsstudentar til å gjere seg nytte av tilbodet om å få presentere seg utanlands.