Ny vitskapleg publikasjon!
Pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde
The relationship of specific items on the Neuropsychiatric Inventory to caregiver burden in dementia: a systematic review.
Det er i dag godt dokumentert at pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde, ofte med negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv og helse. Forsking viser at nevropsykiatriske symptom ved demens (NPS) er den pasientvariabelen som i størst grad forklarar auka stress blant pårørande.
Den aktuelle artikkelen er ein systematisk litteraturgjennomgang, der ein undersøkjer samanhengen mellom spesifikke NPS og stress blant pårørande. Totalt 13 studiar vart inkludert. Storparten av pårørande er kvinner, deriblant flest barn og ektefelle. Funna indikerer at irritabilitet, agitasjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar er symptom hos pasienten som pårørande opplever mest belastande. Mangfald i statistiske metodar gjer det imidlertid vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.
Toril Marie Terum er stipendiat og er 50 % finansiert frå Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) med midlar frå Norsk forskingsråd. Lokalt er Toril finansiert 25 % Førde kommune / USHT, Sogn og Fjordane, 12.5 % Høgskulen på Vestlandet og 12.5 % Helse Førde.