To ledige stillingar i Helse Førde
- Helse Førde, Kirurgisk klinikk, har frå 01.02.2018 ledig ei midlertidig stilling for doktorgradsstipendiat for ein periode på tre år på fulltid eller fire år i 75% stilling. Stipendiaten blir del av forskingsgruppa »Folkehelse, livsstil og overvekt». Prosjektleiar og hovudrettleiar er professor John Roger Andersen. Stipendiatstillinga er knytt til prosjektet «Rutinemåling av tilpassing til å leve med stomi saman med eit klinisk tilbakemeldingssystem i poliklinisk oppfylging av stomiopererte; vil det fremje tilpassinga til å leve med stomi?».
- Helse Førde har fått midlar frå Norges Forskningsråd til prosjektet «NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems». NORSE er eit elektronisk tilbakemeldingssystem med mål å tilpasse behandlinga betre til den enkelte sine ressursar og vanskar. NORSE skal i perioden 2017-2021 vidareutviklast innan tre område: I psykisk helsevern, ved oppfølging etter fedmekirurgi og i primærhelsetenesta. Prosjektet omfattar fleire pågåande doktorgradsprosjekt, og den siste tildelinga frå Forskningsrådet inneheld yttarlegare post.doc-stilling og seniorforskartid i forplikta nasjonale og internasjonale samarbeid.