Ny vitskapleg publikasjon!

«Førdemodellen» – sjukepleiarstudentar og legestudentar arbeider saman om pasientar

Studentar som har praksis ved medisinsk sengepost i Helse Førde samarbeider i tverrprofesjonelle studentteam. Studentane får ansvar for å planlegge og gjennomføre utgreiing, pleie og behandling for pasientar med uklar/ kompleks tilstand (Førdemodellen). Artikkelen syner at eit slikt samarbeid gjer at studentane vert tryggare på den andre profesjonen sine oppgåver. Tverrprofesjonelt samarbeid (TPS) kan medverke til at studentane oppfattar kvarandre som likeverdige partar og at dei utfyller kvarandre i arbeidet med pasienten. Førdemodellen har overføringsverdi til andre profesjonsstudentar og andre praksisarena.

Irene Aasen Andersen er knytt til forskingsgruppa Pedagogisk forum, og arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering. Andersen er tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde.

Lenke til artikkel:  «Lege- og sjukepleiestudentar sine opplevingar av tverrprofesjonell samarbeidslæring i spesialisthelsetenesta: ein kvalitativ studie»