Ny vitskapleg publikasjon!

Tid til fagleg oppdatering for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta?

Sjukepleiarar i klinisk arbeid må kontinuerleg arbeide med å vere fagleg oppdaterte for å stette krava dei møter. Dei beskriv mange faktorar som påverkar dei i arbeidet med å halde seg fagleg oppdaterte – mellom anna fellesskap med kollegaer, refleksjonstid, tidspress, økonomiske faktorar og mangel på tilrettelegging frå leiarane. Dei må saman med leiaren sin planlegge arbeidsdagen slik at den faglege oppdateringa får ein naturleg plass. Leiarane har ei viktig rolle i å legge til rette for kompetanseutvikling.

Høgskulelektor Dagrun Kyrkjebø

Studien er ein del av NursComp prosjektet der ein har kartlagt fagleg kompetanse hos sjukepleiarar i Sogn og Fjordane. Forskingsprosjektet fangar opp både korleis sjukepleiarar, leiarar, pasientar og pårørande oppfattar kompetansen til sjukepleiarar i kommunehelsetenesta. Prosjektet er internt finansiert.

Dagrun Kyrkjebø er høgskulelektor og instituttleiar ved institutt for sjukepleieutdanning, campus Førde og er knytt til forskingsgruppa samhandling og kvalitet i helse- og sosialtenestene. Arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering.

Link til artikkel