– Alle studentar kan delta i forsking

Dette er konklusjonen til førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll og andre forskarar ved campus Førde. Studentane på fyrste året på bachelor i sjukepleie har registrert aktivitet i dagleg livet (ADL) hjå bebuarar i sjukeheimar. Prosjektet starta hausten 2015 og til no har om lag 300 studentar samla inn data frå pasientar på utvalte sjukeheimar i fylket.

Studentane har fått forståing for ulike deler av forskingprosessen og har under tett oppfølging av faglærarar og praksisfeltet bidratt til forsking. Studentane har henta inn informert samtykke hjå bebuarar i sjukeheim. I tillegg har dei samla data på bebuarane ved å registrere aktivitetar i dagleglivet (ADL) ved hjelp av kartleggingsskjemaet Barthel indeks. Studentane har også analysert data dei har samla inn og presentert dei på sjukeheimar.

–Det kan væra utfordrande å inkludera studentane i forsking. Samtidig som det er utfordrande er det givande å gi studentane læring gjennom å delta i forskingsprosjekt, motivera til fagleg utvikling og styrke evna til kritisk tenking. Seie førsteamanuensis Sandvoll

No har Sandvoll saman med andre forskarar publisert ein rapport på arbeidet.

– Me har gjort oss mange nyttige erfaringar som me håpar andre kan dra nytte av når dei skal involvera studentar i forsking. Seie førsteamanuensis Sandvoll

Rapporten finn du her!