Ledig stilling!
Helse Førde HF er i gang med ei spennande oppgåve – å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste som set lys på og analyserer variasjonar i forbruk av helsetenester mellom ulike deler av landet. Helseatlastenesta skal bidra til å auke kunnskapen om kva helsetilbod som vert gitt og nytta. Kunnskapen skal nyttast som grunnlag for forbetringsarbeid, for å sikre likeverdige tenester og unngå uønska variasjon. Vi har fått oppdraget frå Helse Vest RHF og Helse- og omsorgsdepartementet. Vi samarbeider med Helse Nord RHF og Helsedirektoratet. Helseatlasa vert publisert på www.helseatlas.no. Nasjonalt helseatlas har mange målgrupper, og arbeidet så langt har fått stor merksemd.
Stillinga(ne) er plassert i fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Den tilsette blir del av helseatlas-teamet som består av fagpersonar med ulik bakgrunn: medisin, helsefag, statistikk, IKT og analyse. Teamet samarbeider nært og har felles diskusjonar. Samstundes krevst det sjølvstendig arbeid. Oppgåvene er knytt til dataanalyse, utgreiingar, skriving og kunnskapssøk, og formidlingsaktivitetar. Teamet samarbeider med andre tilgrensande fagmiljø i føretaket, regionalt og nasjonalt. Nettverksarbeid og kommunikasjon ut over eigen organisasjon er del av kvardagen.