Utsatt søknadsfrist til masterprogram i Sogn og Fjordane

Fristen for å søka opptak til masterprogram i Sogn og Fjordane er utsatt til 15. april. Følgjande studie tilbod er utlyst innan helse- og sosialsektoren: 

Samhandling innan helse- og sosialtenester
Ønskjer du å tileigne deg kunnskap om tilrettelegging og koordinering av tenester for brukarar med samansette behov? Gjennom eit brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokuserer dette masterstudiet på møte med brukarar som har behov for koordinerte helse- og sosialtenester.

Klinisk sjukepleie – Anestesisjukepleie 
Anestesisjukepleiaren er den første som møter pasienten på operasjonsavdelinga, og den siste som forlet pasienten ved overføring til oppvakningsavdelinga. Ein ser eit auka behov i helsetenesta for sjukepleiarar med spesialkompetanse innan klinisk arbeid, som kan initiere og delta aktivt i fagleg utviklingsarbeid, undervisning, forskning og helseleiing.

Klinisk sjukepleie – Intensivsjukepleie 
Ein pasient som blir akutt og kritisk sjuk treng intensivsjukepleie heile døgnet. Gjennom studiet i intensivsjukepleie får du tileigne deg kunnskap og utvikle kompetanse for å kunne ta ansvar for dei akutt og kritisk sjuke pasientane.