Ny vitskapleg publikasjon
Sjølvopplevd kompetanse blant sjukepleiarar som jobbar i kommunehelsetenestea
Hensikten med studien var å kartlegge områder med kompetansemanglar i kommunehelsetenesta for å synleggjere behov for kompetansehevande tiltak.
Resultata i studien viser at det er ein samanheng mellom alder, års erfaring, utdanning og sjølvopplevd kompetanse i kommunehelsetenesta. Sjukepleiarane vurderer eigen kompetanse innan grunnleggande sjukepleie (hjelperollen) og yrkesrollen som god. Undervisning og rettleiing er områder sjukepleiarane opplever manglande kompetanse. Pårørande sitt behov for støtte og rettleiing av kollegaer i akutte kritiske situasjonar er områder sjukepleiarane vurdere eigen kompetanse som mangelfull. Eit anna område som merkar seg u
t der kompetansen er låg er bruk av nyaste kunnskapen, forsking, evaluering av tenesta og ut frå det utvikle tenestene. Dette er viktig kunnskap som må takast vidare til utdanningsinstitusjonar.
I artikkelen diskutere vi og korleis NurseCompetenceScale (NCS) kan nyttast av leiarane i klinisk praksis. NCS kan saman med ytre krav og pasientutfallsmålingar nyttast inn i avdelinga sine kompetanseplanar. Skjemaet kan vere eit verktøy for å få kartlegge kompetansemanglar, men vil og vere eit verktøy for å bli bevisst på kompetansen som ligg i tenesta.
Gro Hovland, førstelektor med tilknyting til forskingsgruppe Samhandling og kvalitet i helse og sosialtenestene. Campus Førde.
Denne studien er ein delstudie av NursComp leia av Maj-Britt Råholm. Les meir om prosjektet i Cristin
Artikkel finn du her, den er ikkje OA!