Seminar på sjukeheimane i Florø og Sogndal frå prosjektet sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim
Denne veka har prosjektleiar Anne Marie Sandvoll, saman med høgskulelektor Anne-Margrethe Hjertenes, høgskulelektor Hilde Søreide og Førstelektor Merete Dale gjennomført seminar på sjukeheimane i Florø (Flora Omsorgssenter og Furuhaugane Omsorgssenter ) og i Sogndal. Prosjektet sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim har no pågått i 3 år, sidan piloten med kull 67 som blir uteksaminert i desse dagar. Kvart kull av studentar som har vore ute i sjukeheim har delteke i forsking og presentert dette på sine praksisplassar. Studentane har henta inn skriftleg informert samtykke, registert ADL (aktivitetar i dagleglivet) ved hjelp av skjemat Barthel indeks, KMI, og tilleggsvariablar som besøk, aktivitetar, opphaldslengde samt kva romtype dei har.
Denne veka hadde vi oppsummeringar ute på sjukeheimane, der vi presenterte fleire funn frå heile studien, samt studentane sine erfaringar. I tillegg fekk vi viktige tilbakemeldingar frå praksisplassane som har delteke aktivt i prosjektet, som er støtta av samarbeidsmidlar. Praksisplassane tykkjer det er fint at vi forskar på denne gruppa pasientar, som etter deira erfaring får lite merksemd når det forsking.
Studentane hadde ulike erfaringar, mellom anna at det kan vere utfordrande å hente inn informert samtykke dersom personen har demens. Når dette var henta inn, tykte dei sjølve datasamlinga gjekk greit. Og når dei no også fekk presentere resultat for avdelinga formidla dei at alt falt på plass. «No forstår eg kva eg har vore med på» var noko av det dei formidla. Studentane var veldig engasjerte i livet på sjukeheimen, og hadde god dialog med personalet.
Det kom fram mange gode refleksjoner, til dømes når vi registrerer aktivitet. Her fortalde den eine studenten at sjukeheimen eg er på har masse tilbod om aktivitetar, men bebuarane eg har følgt opp har ikkje krefter eller lyst til å delta. Prosjektet syner at studentane har fått innsikt i eldre sitt aktivitetsnivå og i forsking. Fokuset på ADL, KMI, besøk og aktivitetar er viktige område i dagens eldreomsorg, og resultatet frå dei innsamla data vert nytta i vitskaplege publikasjonar. Prosjektet har vore svært vellukka, og innfridd intensjonanene vi hadde. Vi har involvert studentar i forsking, samstundes som vi har fått viktig informasjon om eldre sitt funksjons og aktivitetsnivå i sjukeheimar.