Sterk deltaking frå Helse Førde på internasjonal konferanse

Marianne Helleseth, klinisk psykolog i Helse Førde

Den internasjonale psykoterapiforskingsforeninga Society of Psychotherapy Research held sin årlege verdskonferanse i Amsterdam i slutten av juni. Om lag 1000 forskarar frå heile verda tok del på konferansen, og forsking og innovasjon frå Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet var sterkt representert.

Doktorgradsstudentar som Kristina Osland Lavik og Runar Hovland gav gode presentasjonar av funn frå sine prosjekt. NORSE-prosjektet, som er sentralt i forskings- og innovasjonssatsinga i Helse Førde, hadde fleire ulike innlegg, og også eit eige panel. Presentasjonane frå NORSE omhandla statistiske resultat, kvalitative resultat og klinisk bruk. Marianne Helleseth, klinisk psykolog og prosjektutviklar i NORSE-prosjektet, debuterte også i konferansesamanheng med ein case-presentasjon frå klinisk bruk av NORSE i poliklinikken. Innlegga fekk mykje interesse og positiv merksemd.

Desse presentasjonane gjekk ut frå Forskingsgruppa for psykisk helse og rus i Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet:

 

·         Hovland, R., Ytrehus, S., & Moltu, C. (2018). How do stakeholders cope with the integration of a new clinical feedback system into everyday clinical practice in a public mental health clinic.

·         Moltu, C., Nordberg, S., Helleseth, M., McAleavey, A. (2018). NORSE: A multi-stage qualitative perspective on therapists’ and patients’ needs in the development of a dynamic and personalizable ROM and Clinical Feedback System for the mental health setting.

·         Lavik, K., Veseth, M., Frøysa, H., Binder, P.E., Moltu, C. (2018). What are good outcomes for adolescents in public mental health services.

·         Helleseth, M., Moltu, C. (2018). A clinician’s experience with using NORSE for routine outcome monitoring and clinical feedback in ordinary out-patient practice: two clinical case examples

·         Nordberg, S., McAleavey, A., Moltu, C. (2018). Panel: An updated methodology for clinical assessment development and user engagement: Methods and early results

·         Nordberg, S., McAleavey, A., Solstad, S.M., Moltu, C. (2018). Modernizing clinical assessment and feedback: A lean approach.

·         McAleavey, A., Nordberg, S., Moltu, C. (2018). Psychometric properties and proposed revisions of the Norwegian Outcome Response System for Evaluation (NORSE). Input towards 2.0

·         Bernhardt, I, Moltu, C, Nissen-Lie, H., & Råbu, M. (2018). Feeling at home in theory – an echo of the therapist’s personal history in the professional domain.