Vil skape betre system for å involvere brukarar i utdanningane
Korleis kan helse- og sosialfaga på betre vis enn i dag dra nytte av erfaringane til folk som har pasient- eller brukarerfaring? Ei gruppe på HVL har nett levert eit forslag.
Tone Larsen står i spissen for gruppa som har sett på brukarinvolvering i utdanning ved HVL. Ho har sjølv denne bakgrunnen – var rusbrukar i kring åtte år. Sidan har denne erfaringa komme til nytte, både i arbeidet hennar i psykiatrien, og i forskinga. Larsen jobbar no med ein doktorgrad med temaet brukarmedverknad.
– Eg meiner forventningane til pasientar innan rus og psykiatri som regel er altfor låge. Sjukeleggjering hindrar at dei får bidra til å snu liva sine, og medverke til meir kunnskap og eit betre helsevesen, seier Larsen.
Krevjande å involvere
Sommaren 2017 blei det danna ei gruppe som skulle sjå på temaet brukarinvolvering, og dei hadde avsluttingsseminar i juni i år, på Campus Sogndal. På seminaret var fagfolk frå alle fem campusane ved HVL, Helse Førde og fleire brukarar. Sjølv om mange høgskulefolk har erfaring med å involvere brukarar i undervisning og forsking, har det ikkje vore noko system for korleis ein gjer det. Dette er heilt nødvendig å etablere, meiner Anne-Grethe Naustdal, pro-dekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap:
– Viss vi får til ein brei og reell brukarmedverknad, vil studentane våre komme mykje tettare på feltet og personane som dei blir utdanna til å jobbe med, og dermed forstå betre kva brukarane treng. Dette er verdifullt. Men det er også krevjande for ein brukar å til dømes komme inn i ein sal og forelese for 120 personar, seier Naustdal.
– Vi må etablere eit system både for korleis vi kvalitetssikrar brukarinvolveringa, og korleis vi tek vare på brukarane sine behov oppi dette.
Tone Larsen er svært glad for at dette perspektivet no blir løfta fram på tvers av campusane i HVL, og at det kan bli ein del av strategien til helse- og sosialfaga. Ho meiner potensialet til å skaffe ny kunnskap og djupne er stort, og at HVL med si tyngde innan profesjonsfaga bør bli ein føregangsinstitusjon på dette.
Utdanning for erfaringskonsulentar
Ho meiner at brukarar kan bidra med langt meir enn å fortelje livshistoria si. Larsen ønskjer seg ein strategi med fleire typar involvering – at brukarar til dømes kan belyse pensum og fortelje om korleis dei opplever velferdssystemet. Dei skal bidra på ein likeverdig måte i planlegging, utvikling og undervisning.
– Brukarmedverknad er eit stort tema nett no, fordi det er så riktig å gjere det. Det handlar om å utvikle demokratiet vårt – om at stemmene til minoritetar må fram, om vi skal sikre menneskerettane, seier Larsen.
Blant forslaga som kom fram på seminaret, var:
- Tilsette ved HVL må ha strukturar for å involvere brukarar – det må ikkje berre handle om fagre ord, men også om pengar som blir avsett til dette
- Det skal vere ein koordinator for brukarinvolvering, og denne personen må sjølv ha brukarerfaring
- Koordinatoren skal vere eit bindeledd mellom brukarar og fagtilsette, og vedkommande skal være med å kvalitetssikre brukarinvolvert undervisning i lag med andre tilsette.
- Det skal opprettast ein ressursbank med personar med brukarerfaringar
- Kanskje skal det også utviklast ei utdanning for erfaringskonsulentar
Å vere personleg: uvanleg som hjelpar
Tone Larsen brenn sterkt for at HVL skal lage ei eiga utdanning for erfaringskonsulentar – folk med brukarbakgrunn som kan jobbe innan helse- og sosialutdanningar og hjelpetenester. Ho meiner at dette er såpass komplekst og nytt at det trengst ei utdanning. Noko slikt finst enno ikkje i Noreg.
– Ut ifrå mine eigne erfaringar, ser eg kor nyttig det kan vere å bringe eigne brukarerfaringar inn i ulike situasjonar. Samstundes er det ikkje alltid heilt enkelt å vite korleis ein skal gjere det, seier Larsen.
Dei siste åra har ho jobba med såkalla aksjonsforsking – det vil seie, forsking som går aktivt inn i praksisfeltet og styrker engasjementet der blant dei som ønsker å forbedre det. Leiarar, tilsette, og pasientar etablerte mellom anna ein idésmie ved ein ruspost i Helse Førde – eit forum der tilsette og pasientar diskuterte korleis sider av institusjonsopphaldet kunne bli betre. Tema som kom opp var mellom anna vanskane for rusfri pasientar som måtte omgåast med tung medisinerte pasientar.
Brukarbakgrunnen gav henne betre innpass i pasientgruppa – dei slappa av med henne, stolte på at ho forstod dei og respekterte dei som heile menneske. Dette er eit av mange fortrinn som ein erfaringskonsulent vil kunne ha. I tillegg kan erfaring også brukast i ein terapisituasjon, meiner Larsen.
– Det er ein ny og radikal tanke – elles har jo tankegangen vore at terapeuten aldri skal snakke om seg sjølv, men fokusere på pasienten. Men då blir relasjonen skeiv – du dyttar pasienten utfor i eit vanskeleg territorium, utan å gå dit sjølv, seier ho.
– Ei utdanning for erfaringskonsulentar vil kunne gå inn i dette, og sjå korleis terapeuten også kan møte pasienten som eit heilt menneske, og vise fram sårbarheita og feilane sine.
Tekst og foto: Katrine Sele