Strategi for forsking og innovasjon i Helse Førde

HF-styret vedtok 12. desember strategi for forsking og innovasjon i Helse Førde for perioden 2014-2020.

Breidde og tematiske forskingsgrupper

Strategien seier at det skal vere stor takhøgd for ulike forskingstema i HF, og det skal leggast til rette for  breidde i HF si forskingsverksemd. Det skal vere tilgjengeleg forskingsmidlar i HF til opne utlysingar. Samstundes ønskjer HF å utvikle strategiske forskingssatsingar som vert organisert som tematiske forskingsgrupper. Ei tematisk forskingsgruppe har ulike forskingsprosjekt under ein felles tematisk paraply. Gruppa skal vere tverrfagleg og relevant for tilsette ved ulike klinikkar.

Frå 2014 vil det vere to strategiske tematiske forskingsgrupper i HF, Folkehelse, livsstil og overvekt og Psykisk helse og rus. Desse er innanfor nasjonale og regionale satsingar og byggjer vidare på miljø som har vist gode kvalitetar gjennom ekstern finansiering.  Nye prosjekt og miljø kan i strategiperioden utviklast til nye tematiske forskingsgrupper.

Ressursar

Innan 2020 skal 1% av totalbudsjettet i HF nyttast til forsking. Midlar skal nyttast både til frikjøp/stipend,  driftsmidlar, forskingsstøtte og infrastruktur.

Innovasjon

HFD skal styrke kompetanse og fokus på innovasjon. HFD skal etablere lågterskel infrastruktur som fangar opp og støttar gode framlegg frå idéstadiet til gjennomføring.

Link til styresaka: http://www.helse-forde.no/aktuelt/nyheter/Sider/styremote-13122013.aspx (Sak 087/2013 A)