Obesity Surgery – viktig tidsskrift i vårt forskingsmiljø
2013 vert eit godt år for Helse Førde med omsyn til vitskapleg publisering, og nokre tidsskrift er meir brukt enn andre. Tidsskriftet Obesity Surgery har publisert tre artiklar dette året med forfattarar frå fylket og som har adresse Helse Førde og Avdeling for helsefag (HiSF).
Publikasjonane er ikkje berre gledelege for dei to institusjonane for seg, for desse arbeida syner det gode resultatet ein har fått til gjennom samarbeid med andre.
Obesity Surgery peikar seg difor ut som eit svært viktig tidsskrift for forskingsmiljøet lokalt i Førde. Gjennom å publisera her når ein i tillegg ut til ei stor lesargruppe internasjonalt. Obesity Surgery – som vert publisert av eit av verdas største forlag, Springer – er den offisielle journalen frå International Federation for the Surgery of Obesity and metabolic disorders (IFSO). Frå tidsskriftet si nettside heiter det at Obesity Surgery er eit internasjonalt og tverrfagleg forum som formidlar den siste forskinga og kirurgiske og laporaskopiske teknikkar for behandling av sjukleg overvekt og tilleggssjukdomar. Tema som vert dekkja omfattar sjølvsagt forsking, men i tillegg kliniske rapportar, status, retningsliner, historiske perspektiv, inviterte bidragsytarar, brev til redaktør, innovasjon og meiningsutveksling på feltet.
Obesity Surgery er tradisjonelt eit tidsskrift for kirurgar som held på med fedme- eller metabolsk kirurgi, men er óg relevant for generell kirurgi. Vidare dekkjer tidsskriftet breitt ettersom sjukepleiarar, psykologar, ernæringsfysiologar, plastikk-kirurgar, endokrinologar, diabetesforskarar og andre bidreg med artiklar her.
Korleis det endelege resultatet for Helse Førde og Avdeling for helsefag vert for 2013 totalt, kan me ikkje seia noko om før rapporteringsfristen til CRIStin går ut 1. april. Men me kan lova at det vert ei eiga nyheitssak om dette.
Artiklar frå vårt forskingsmiljø i Obesity Surgery 2013:
Våge, Villy; Nilsen, Roy Miodini; Berstad, Arnold; Behme, Jan Horst; Sletteskog, Nils; Gåsdal, Stein Ronny; Laukeland, Camilla; Mellgren, Gunnar.
Predictors for remission of major components of the metabolic syndrome after biliopancreatic diversion with duodenal switch (BPDDS). Obesity Surgery 2013
Aasprang, Anny; Andersen, John Roger; Våge, Villy; Kolotkin, Ronette Loganzo; Natvig, Gerd Karin.
Five-year changes in health-related quality of life after biliopancreatic diversion with duodenal switch. Obesity Surgery 2013
Andersen, John Roger; Aadland, Eivind; Nilsen, Roy Miodini; Våge, Villy.
Predictors of Weight Loss are Different in Men and Women After Sleeve Gastrectomy. Obesity Surgery 2013
Les meir om tidsskriftet her: http://www.springer.com/medicine/surgery/journal/11695