Millionar til forsking i mindre helseføretak
Christian Moltu (bilde) er ein av tre forskarar som har fått midlar frå Helse Vest til forskingsprosjekt i mindre helseføretak.
Moltu fekk midlar til prosjektet «Personalized and data-driven specialty care. Health service research based on patient data in routine practice». Prosjektet er ei vidareutvikling av Norce Feedback-programmet som Helse Førde har satsa på i psykisk helsevern.
Prosjektet handlar om å involvere pasienten i datainnsamling før konsultasjonar, analysere desse data umiddelbart etter forskingsbaserte algoritmer, og gjere ein klinisk rapport tilgjengeleg for behandlar til konsultasjonen, slik at denne vert relevant og tilpassa helsebehovet til pasienten.
Dei to andre forskarane er Bjørn Egil Vikse frå Helse Fonna og Lasse Melvær Giil frå Haraldsplass. Vikse skal sjå nærare på samanheng mellom låg fødselsvekt og høgt blodtrykk. Giil skal forske på risiko for å utvikle demens.
Dei seinare åra har forskingsmiljø på Vestlandet vokst seg større og sterkare, med forskingsprosjekt i verdsklasse. For å nå måla i mellom anna Helse Vest sin forsking- og innovasjonsstrategi, er det svært viktig at også mindre forskingsmiljø utanfor universitetssjukehusa aukar forskingsaktiviteten.
Å nå sentrale forskingsmål i tida framover, vil krevje auka aktivitet i heile regionen. I alt deler Helse Vest ut 15 millionar kroner som vil sikre forskingsprosjekt av høg kvalitet i mindre helseføretak. Les meir om saka på Helse Vest sine internettsider.
Forfatter: Terje Ulvedal