Korleis arbeide konstruktivt med emosjonar i psykoterapi

Gøril Solberg Kleiven har fått forskingsmidlar frå Helse Vest. Doktorgradsprosjektet hennar gjev kunnskap som kan hjelpe pasientar med å bli meir trygge i terapi.

– Det er stas å få midlar. Størsteparten av prosjekta som fekk tildeling er innanfor kategorien medisin, og det er då spesielt kjekt at eit prosjekt som forskar på psykologiske prosessar blir anerkjent.

Det seier Gøril Solberg Kleiven, psykolog i Helse Førde og doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen.

Prosjektet hennar, Opening up and working with emotions in psychotherapy: a qualitative micro-process study of patients´experiences, er eit av 52 nye prosjekt som får tildelt forskingsmidlar frå Helse Vest for 2022.

Ei alvorleg utfordring
Kleiven har fokus på korleis behandlar og pasient best kan arbeide konstruktivt med emosjonar i psykoterapi, korleis dette bidreg til betring og kva som er til hinder i slike prosessar.

– Sjølv om det er dokumentert at psykoterapiar verkar generelt, veit vi likevel for lite om korleis og kvifor dei verkar, altså kva som gjer dei effektive. Dette er ei alvorleg utfordring, både i forskinga og når ein skal tilpasse behandlinga til den enkelte pasient, fortel ho.

Deler med stor detaljrikdom
Til saman tolv pasientar som nyleg har starta i poliklinisk behandling, har delt sine erfaringar om det å vere pasient.

Fleire behandlingstimar har blitt filma, og rett i etterkant av timen har forskarane møtt deltakarane for å gjennomføre djupneintervju med utgangspunkt i det ferske videomaterialet, gjennom ein metode kalla Interpersonal Process Recall.

Det var spenning knytt til om pasientane ville greie eller vere villige til å dele personlige opplevingar, som dei kanskje ikkje ein gong hadde delt med sine behandlarar.

– Det synte seg raskt at videoopptak av behandling med moglegheit for å ta på pause og spole tilbake gjorde deltakarane engasjerte og nysgjerrige. Indre prosessar og betraktningar kring samspelet med behandlar vart skildra med stor detaljrikdom, seier ho.

Tryggare i terapi
Kleiven har allereie fått publisert ein vitskapleg artikkel: Opening up: Clients’ Inner Struggles in the Initial Phase of Therapy.

– Artikkelen syner at pasientar distanserer seg frå indre opplevingar i startfasen av terapi mellom anna fordi ein uroar seg om kva som vert rekna som riktig og gunstig måte å opptre på i samspelet med behandlar, seier ho.

I ein komande artikkel ser ho på kva pasientar opplever som til hjelp for å gå meir i djupna på sensitive og utfordrande tema i psykoterapi.

Artiklane har henta ut konkrete utfordringar pasienten kan møte undervegs i ein behandlingstime og problemstillingar av meir overordna karakter. Dette er praksisnær kunnskap som er nyttig for å hjelpe pasientar med å bli meir trygge i terapi, seier ho.

Høg vitskapleg kvalitet
 Tildelinga viser at dette er eit godt prosjekt av høg vitskapleg kvalitet. Forskinga til Kleiven bidreg til kunnskap som styrker samarbeidet mellom behandlar og pasient i det daglege arbeidet i ein poliklinikk, seier Svein Ove Alisøy, avdelingssjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde.

Christian Moltu, fagsjef på Psykiatrisk klinikk i Helse Førde og professor i klinisk psykologi ved Høgskulen på Vestlandet, er hovudrettleiar for doktorgradsprosjektet.

Tre forskarar frå Helse Førde fekk vidareført stipend og prosjekt. Kristina Osland Lavik fekk vidareført doktorgradsstipend, Andrew McAleavey sitt postdoktorstipend er vidareført, og Kaya Kvarme Jacobsen fekk vidareført open prosjektstøtte.

Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2022:
Helse Vest har tildelt midlar til 52 av dei totalt 271 søknadane som var sende inn. I tillegg til nye prosjekt har 160 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Vel 175 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta.

Sjå her for meir informasjon om tildelinga:
https://helse-vest.no/nyheiter/nyheiter-2021/tildeling-av-helse-vests-forskingsmidlar-2022

 

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde. Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.