Entries by arnybo

Kan ei «klokke» gje betre artrittbehandling? Det kan du hjelpe oss å finne ut!

Overlege Pawel Mielnik fekk interne forskingsmidlar frå Helse Førde til ein pilotstudie. No søkjer han frivillige deltakarar. – Vi ser etter friske personar over 18 år. Dei som er med blir del av eit viktig forskingsprosjekt som på sikt kan forbetre oppfølginga av, og kvardagen til, pasientar med artrittsjukdommane leddgikt, psoriasisleddgikt og spondyloartritt, fortel Mielnik, […]

Motiverer til trening i ei virtuell verd

Ny publikasjon: Trening med VR gjev motivasjon og betring for hjerneslagpasientar. – Alle pasientane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Dei gjekk inn i si eiga boble der tid og stad blei noko utanfor det normale. Det fortel Jeanette Svarstad, spesialfysioterapeut i Helse Førde. Ho har saman med Stine Solvik, spesialfysioterapeut same stad […]

Nasjonal helseatlasteneste hadde samling i Førde 2. og 3. mai

–  Det var både nyttig og nødvendig med eit fysisk møte etter korona-pandemien. Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) held til i Tromsø, og under pandemien har vi treft kvarandre berre på Teams. Det seier Marte Bale, leiar for atlastenesta i Helse Førde. Målet med samlinga var å starta opp ein felles utviklingsplan for […]

16 millionar til regionale innovasjonsprosjekt i Helse Vest

16 innovasjonsprosjekt får til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest. Helse Vest RHF lyste ut 16 millionar kroner til regionale innovasjonsprosjekt i dei to kategoriane «nye prosjekt» og «idéoverføring». Til søknadsfristen 25. oktober 2021 kom det inn totalt 44 søknadar, og det blei totalt søkt om 40 millionar kroner. Flest søknadar var det i kategorien […]

Korleis arbeide konstruktivt med emosjonar i psykoterapi

Gøril Solberg Kleiven har fått forskingsmidlar frå Helse Vest. Doktorgradsprosjektet hennar gjev kunnskap som kan hjelpe pasientar med å bli meir trygge i terapi. – Det er stas å få midlar. Størsteparten av prosjekta som fekk tildeling er innanfor kategorien medisin, og det er då spesielt kjekt at eit prosjekt som forskar på psykologiske prosessar […]

Campus Vie-forprosjektet er no klart med tilrådingar

Forprosjektet for Helse Førde og HVL sin felles utvikling av campusområdet på Vie er no ferdig, og tilrår løysingar på arealutfordringar i dag og i framtida. I vår starta Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet eit forprosjekt for å vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar på både kort og lang sikt. Det […]

Helse Førde og HVL vil gå saman om Campus Vie

Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet er i gang med eit forprosjekt som skal vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar i dag og i framtida. ​Forprosjektet ser på moglege løysingar for å samle aktivitet knytt til forsking, innovasjon, utdanning og opplæring, kurs, konferanse og simulering i eit felles miljø på campusområdet på […]

Tek doktorgrad om stress blant pårørande til demente

Toril Marie Terum sitt doktorgradsprosjektet har undersøkt samanhengen mellom individuelle nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande, og samanhengen mellom aspekt med stress og tid til innlegging i sjukeheim. Disputasen er 5. november ved Universitetet i Bergen. Demens rammar familiar, og det er brei semje om at omsorgsbelastninga pårørande opplever er assosiert med negative […]

Brukar VR til opptrening av hjerneslagspasientar

Jeanette Svarstad og Stine Solvik såg at hjerneslagspasientar lett kan bli demotiverte ved lengre rehabiliteringsopphald. No brukar dei VR-teknologi for å auke motivasjonen og mestringsfølelsen. – Bruk av Virtuell verkelegheit gjer at pasientane kan føle seg litt friskare i sjukehusverda, og dei ser ikkje på dette som trening, seier Svarstad. Svarstad og Solvik er spesialfysioterapeutar […]