Kan ei «klokke» gje betre artrittbehandling? Det kan du hjelpe oss å finne ut!

Pawel Mielnik og studiesjukepleiar Anne Solveig Tråseth.

Overlege Pawel Mielnik fekk interne forskingsmidlar frå Helse Førde til ein pilotstudie. No søkjer han frivillige deltakarar.

– Vi ser etter friske personar over 18 år. Dei som er med blir del av eit viktig forskingsprosjekt som på sikt kan forbetre oppfølginga av, og kvardagen til, pasientar med artrittsjukdommane leddgikt, psoriasisleddgikt og spondyloartritt, fortel Mielnik, prosjektleiar for studien og leiar ved Revmatologisk seksjon i Helse Førde.

Når det er teikn til oppblussing av artritt, er det viktig at pasientane raskt kjem til revmatolog for å få sett i gang tiltak for å unngå funksjonstap og skadar på ledd og vev. I dag finst det ikkje verktøy som kan hjelpe med ei vurdering av tilstanden før pasienten møter til time.

Det ønskjer Mielnik og hans forskarteam å gjere noko med. Første steg er ein pilotstudie der dei skal undersøkje om det ved hjelp av eit akselerometer er mogleg å skilje mellom dei som har aktiv artritt og friske personar.

Vil utvikle system for fjernoppfølging av pasientar
– I denne studien er akselerometeret i eit «armbandsur» som måler forandring i hastigheit slik at ein kan måle kroppens bevegelsar utifrå dette. Vi skal undersøke om ein kan sjå forskjell i målingar mellom dei to nemnde gruppene, seier Mielnik.

Eit av føremåla er å finne faktorar som kan hjelpe til med å sjå tidlege teikn til sjukdomsforverring. Studien vil også levere data til å utarbeide metodar for forsking i framtida på utvikling av eit system til fjernoppfølging av pasientar med kroniske artrittar.

– Viss vi ved hjelp av akselometeret kan skilje mellom friske personar og dei med aktiv artritt, ønskjer vi på sikt å utvikle eit slikt system. Då kan pasientane komme raskare til behandlar. Dei kan òg unngå unødvendige reiser til legetime viss akselerometeret og andre metodar viser at sjukdommen ikkje er aktiv, seier Mielnik.

I denne studien er akselerometeret i eit «armbandsur» som måler forandring i hastigheit.

Søkjer frivillige
For dei i kontrollgruppa, vil det vere snakk om eitt besøk på poliklinikken på om lag 1 til 1,5 time. Du vil først bli undersøkt og intervjua av lege og studiesjukepleiar. Så får du på deg eit «armbandsur». Dette skal du ha på deg medan du utfører nokre enkle øvingar. Sjukepleiaren rettleiar og er til stades heile tida. Når du har gjort øvingane, vert uret tatt av.

Dersom du er frisk og over 18 år, og ønskjer å vere med, kan du ta kontakt med:

 

Fakta om kronisk artritt:

– Kronisk artritt påverkar pasienten si evne til fysisk aktivitet. Dette gjeld spesielt i den akutte fasen av sjukdomen, altså før ein har starta med behandling.
– Når sjukdomen er aktiv, opplever pasientane stivheit i ledd og generelt i kroppen, spesielt om morgonen.
– Pasientane har avgrensa rørsleevne på grunn av inflammasjon med hevelse og smerte i ledda.

 

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde. Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.
Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.