Motiverer til trening i ei virtuell verd

Foto: Skjermbilde frå video produsert av Rakkar for Helse Førde.

Ny publikasjon: Trening med VR gjev motivasjon og betring for hjerneslagpasientar.

– Alle pasientane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Dei gjekk inn i si eiga boble der tid og stad blei noko utanfor det normale.

Det fortel Jeanette Svarstad, spesialfysioterapeut i Helse Førde. Ho har saman med Stine Solvik, spesialfysioterapeut same stad og Runar Tengel Hovland, forskingskoordinator i Helse Førde og førsteamanuensis ved HVL fått publisert ein vitskapleg artikkel i Fysioterapeuten.

Her har dei undersøkt korleis pasientane opplever å trene opp balanse, hurtigheit, koordinasjon og armfunksjon ved bruk av VR-teknologi, og om dette bidreg til å styrke motivasjonen for trening.

–  Rehabilitering etter akutt hjerneslag krev høg motivasjon til intensiv trening, og for mange pasientar er dette ein utfordrande og tidkrevjande prosess, seier Svarstad.

Åtte pasientar i alderen 35 til 79 år vart intervjua etter fullført treningsperiode med kombinert VR-trening og vanleg fysioterapioppfølging. VR-treninga gjekk ut på at pasientane spelte eit virtuelt spel medan dei hadde på seg VR-briller, og brukte handkontroller for å slå boksar i takt med musikk.

Pasientane skåra jamt over høgt på spørjeskjemaet om erfaringa med VR-trening. Den vart opplevd som nyttig, underhaldande, gjennomførbar utan vesentlege ubehag (høg skår indikerer ingen ubehag) og alle hadde eit ønske om fleire økter. Tabellen viser gjennomsnitt frå svara til dei åtte pasientane.

Motivert av konkurranse og opplevd framgang

Pasientane opplevde meistring og framgang som var synleg for dei sjølve og behandlarane.

– Til dømes spelte alle sitjande under den første økta, og hadde vanskar med å meistre oppgåva. Til slutt spelte alle utanom to oppreist og kjende at dei kunne stole på balansen, seier Svarstad.

VR vekka også konkurranseinstinktet hjå mange av pasientane.

–  Dei blei motiverte av å konkurrere mot sin eigen poengsum. Det som likevel betydde mest var å sjå ein reell endring i rørsleevne, seier Svarstad.

Opplevinga av tida blei endra i VR, noko som gjorde det mogleg å trene med høg intensitet over lengre tid.

– Med VR inviterer vi pasientane inn i ei ny og virtuell verd og tilbyr ei flukt frå sjukehusveggane og ein krevjande situasjon. Dette aukar motivasjon, engasjement og kjensla av å kjenne seg frisk, fortel Svarstad.

Eller som ein av pasientane uttrykte det:

…du får ei verkelegheitsflukt, ikkje sant, sånn som på kino der du er heilt vekke ein time, og det er det her og. Du er vekke frå alt. Du er inne i ei ny verd og får nye impulsar, og du blir jo eigentleg lurt til å gjere ting som ligg djupt i deg.

Les artikkelen i Fysioterapeuten her.

Les også: Brukar VR til opptrening av hjerneslagspasientar

 


Video: Rakkar

 

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde. Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.